tirsdag 21. desember 2010

21. desember

Difor skal Herren sjølv gje dykk eit teikn: Sjå, ei møy skal verta med barn og føda ein son, og ho skal kalla han Immanue (Jesaja 7:14)

For eit barn er oss født, ein son er oss gjeven. Herreveldet kviler på hans aksler, og han skal kallast: Underfull Rådgjevar, Veldig Gud, Evig Far og Fredsfyrste (Jesaja 9:6)

No nærmar det seg veldig jul. Mange har allereie fått juleferie og vi er opptekne av å kjøpe, pakke inn og dele ut julegåver til venner og familie. Det er ein koseleg tradisjon som eg syns vi skal halde på, men den største gåva i jula er Jesus. Han vart sendt til jorda, fødd som eit lite barn i ein stall, vaks opp og var ein mann som var fullstendig perfekt. Han gjekk rundt på jorda og gjorde berre godt. Han lækte dei sjuke, blinde fekk synet tilbake, døve fekk hørsla tilbake, lamme kunne gå.

Det var likevel ikkje berre difor Jesus kom til jord, for å leve eit rett liv som menneske. Jesus kom for å bringe fred mellom Gud og menneske. Men alt dette er av Gud, han som ved Kristus forsona oss med seg og gav oss forsoningstenesta. Det var Gud som i Kristus forsona verda med seg, så han ikkje steller dei til rekneskap for misgjerningane deira, og han tiltrudde oss ordet om forsoninga (2. kor 5:18-19)Fordi eg har teke imot Jesus som Herre og Frelsar vil ikkje Gud lengre halde meg ansvarleg for misgjerningane mine. Eg kan komme med frimod framfor Han og tilbe Han utan å føle skam og skuld, fordi Han har tilgjeve meg. 


Denne fantastiske gåva er for alle menneske. Slik som engelen sa til hyrdane på marka. Ver ikkje redde! Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor glede, ei glede for heile folket. I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren (Lukas 2:10-11). Jesus er verdens frelsar. Det tyder at han kan verte din frelsar om du vel å ta imot han. For vedkjenner du med munnen din at Jesus er Herre, og trur du i hjartet ditt at Gud reiste han opp frå dei døde, då skal du bli frelst. Med hjartet trur vi så vi blir rettferdige for Gud, og med munnen vedkjenner vi så vi blir frelste (Romarane 10: 9-10)

Copyright Gospel Communications International, Inc - www.reverendfun.com

Copyright Gospel Communications International, Inc - www.reverendfun.com

Dagens fun facts:

  • 72 - Apostelen Thomas døydde
  • 1795 – John "Jack" Russell, engelsk hundeoppdrettar, vart fødd
  • 1807 – John Newton døydde
  • 1898 – Marie og Pierre Curie oppdaga radium
  • 1913 – Det første kryssordet vart publisert
  • 1937 - Sdnøhvit og de syv dvergene hadde premiere
  • 1942 - Erling Thu vart fødd
  • 1948 – Samuel L. Jackson vart fødd
  • 1950 – Lillebjørn Nilsen vart fødd
  • 1962 - Rondane nasjonalpark vart den første nasjonalparken i Noreg
  • 1970 – Elvis Presley og Richard Nixon møttest i det kvite hus 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...