lørdag 18. juni 2011

For siste gang...

Eg har gjort mange ting for aller siste gang i det siste. På torsdag hadde vi avslutningsfest for både AL(lærarar) og FL (førskulelærarar). Det var siste gangen eg var i festsalen, sannsynlegvis siste gangen eg såg mange av mine medstudentar og lærarar og siste gangen eg slo av ein prat med dei koselege damene i resepsjonen, og mange andre ting eg aldri meir skal gjere...

Om nokon der ute lurer på om dei skal verte lærar/førskulelærar, så vil eg verkeleg anbefale NLA Høgskolen. Det er ein fantastisk skule, der ein får tett oppfølging av lærarar og rettleiarar. Lærarane er oppriktig interesserte i studentane, både fagleg og personleg. Dei bryr seg verkeleg om studentane sine.

 Her er nokre bilete frå festen:


Fine damer


Gode studievenninner

To flotte førskulelærarar

Line gjorde ein glimrande innsats i duellen mellom AL og FL

Lene knuste Vegard i quizen

Trur AL juksa litt her. Glenni gjorde ein flott innsats, men det vart diverre siger til AL i denne greina

Astrid er superengasjert som alltid!

Gjengen samla! Er det rart eg er glad i desse folka?
På jobb har eg og gjort mange ting for siste gang. Det syns eg er kjemperart. I går rydda eg hundrevis av ballar for siste gang, eg tok "family-runden" for siste gang, eg vaska og rydda avdelinga for aller siste gang. I dag hadde eg aktivitet for aller siste gang, og eg tok av meg IKEA-uniformen for aller siste gang. Både i går og i dag måtte eg kjempe litt med tårene då eg sa hadet til mange av mine flotte kollegaer på IKEA.

Men som mi kloke kusine Sissel sa, så er det no når alt dette "siste" er unnagjort at det første byrjar..!

søndag 12. juni 2011

UTDANNA..!

På torsdag hadde eg aller siste eksamen på NLA Høgskolen. Vertfall i denne omgang. Eg er no utdanna førskulelærar og begynner i jobb allereie neste mandag. Det har vore tre fantastiske, utfordrande år. Eg har utvikla meg mykje som menneske og fagperson. Det er mange ting eg ser anleis på no enn for tre år sidan! Eg gleder meg skikkeleg til å komme i gang med arbeidet. No skal eg ut i barnehagen og setje i verk alt det eg har lært gjennom dei tre åra. Eg er sikker på at det første året vert eit hardt år, for det er nok sant som mi kloke mor seier: "Det er no du skal lære deg yrket ditt".

I dag har det tradisjonen tru vore open gård på Spurkeland hjå Ole Kristian og Silje. I år var eg klovn saman med Pete. Det er moro å spele samen med ein så dyktig fyr som han. Då flyt alt så mykje lettare og vi treng ikkje øve noko særleg for å bli heilt samstemte.

Her kjem nokre bilete frå "showet":




onsdag 8. juni 2011

Tårer utan stemme

I eksamenslesinga kom eg over denne fantastiske forteljinga frå boka "tårer uten stemme". Ei vakker skildring av barns måte å sørgje på.

Mamma og pappa, i dag har eg oppdaget at jeg
har to typer tårer! Ordet kom frå sjuåringen i
baksetet. Vi var på vei hjemover fra begravelsen
til barnets oldemor, en oldemor gutten vår hadde
vært veldig glad i. ”Har du to typer tårer? Kan
du fortelle litt mer om dem? spurte jeg……Jo for
at når jeg faller og slår meg og begynner å gråte
høyt, da har jeg tårer med stemme. I dag, da vi
var i kirken med kisten til oldemor, slo jeg meg
ikke, men jeg hadde tårer selv om jeg var stille.
Det var tårer uten stemme…… (Ekvik.S.2010:13,
Tårer uten stemme).
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...