I går var eg, Kristian, Ingvill og Kira på teater. Vi hadde fått bilettar til Hakkebakkeskogen til jul av Ingvill. Det er lenge sidan eg har vore på teater så det var ei kjempekjekk julegåve. Stykke varte i omlag to timar inkludert pausen. Kira vart litt lei på slutten og kviskra "stille" til Kristian: "da va gøy i begynnelsen". Hehe, det vart nok litt i lengste laget for ho. Etterpå spurde eg ho om ho syns det var gøy. Då sa ho at det var kjempegøy i begynnelsen, men på slutten måtte ho litt opp og ned. Syns ho har ganske god sjølvinnsikt.
Dei hadde lagt inn ein del humor som var retta mot dei vaksne. Mellom anna kunne bakergutten setje seg ned og ta ein "Hakkebache-Gabrielsen medan han venta på at pepperkakene i ovnen. Då Bjørnemor handla brød spurde Bakemester Harepus om ho skulle "spise her eller ta med". Sjølv om dei hadde teke med nokre slike moderne innslag var prisen på både brød og pepperkaker uforandra. Dei kosta framleis 10 øre pr stk.
Eg likar mykje betre å gje gåver enn å få. Det aller kjekkaste er å gje vekk heimelaga gåver. Her er nokre bilete av heimesydde gåver som eg gav vekk i år. Hadde egentleg tenkt å ta bilete av alt eg laga, men jula kom så frykteleg fort i år (igjen) at eg ikkje fekk tid.
Myntpung
Lap top sleeve
iPhone case. Det var ikkje akkurat denne eg gav bort. Denne vart for liten, så eg måtte syn ein ny
Myntpung
Strikkepinneetui til mi kjære søster "Spøtolina"
Strikkepinneetuiet, sammenbretta og lukka med trykknapp
Myntpung
Eit innlegg om min eigen julegåvefangst kjem litt seinare. Fekk mykje fint som eg er veldig takksam for!
Det har vore veldig kjekt å lage bloggen min om til adventskalender. Nokre dagar har det vore ei utfordring å finne tid til å skrive. Like fullt er eg stolt over å ha klart, med nokre heiderlege unntak, å blogge på riktig dato. Statistikken viser at det er ein samanheng mellom tidspunktet for oppdatering og kor mange som er inne på bloggen min. Det ser ut som jo tidlegare eg legg ut, jo fleire er det som er inne. Det er også verdt å merke seg at det er nokre tidspunkt som det er fleire innom enn andre. Det er aller flest inne klokka 16, ved midnatt og klokka 01. Eg syns det er ganske interessant.
Med denne storsatsinga har eg gått frå å ha vel 100 besøkande kvar månad i haust, til nesten 900 i desember. Omlag halvparten av det totale talet på besøkande på bloggen har altså vore innom i desember 2010!
Tusen takk for besøket, fokens. Eg håpar de vil følgje meg i 2011 og, sjølv om det ikkje vert daglege oppdateringar..!
No er dagen endeleg her. Dagen vi alle, og kanskje spesielt barna, har venta på. Det er sjølvaste julaftan! Dette markerer og slutten på min adventskalenderblogging, men frykt ikkje, eg kjem til å fortsetje blogginga!
Her er Lukas sin versjon av korleis det gjekk til då Jesus vart fødd. Eg syns dette er ein av dei vakraste tekstane i det nye testamentet.
I dei dagane lét keisar Augustus lysa ut at det skulle takast manntal over heile verda. Dette var første gongen dei tok manntal, og det hende medan Kvirinius var landshovding i Syria.Då fór alle heim, kvar til sin by, og skulle skriva seg i manntalet. Også Josef drog då frå byen Nasaret i Galilea og opp til Judea, til Davidsbyen, som heiter Betlehem, for han høyrde til Davids hus og ætt,og skulle skriva seg der saman med Maria, som han var trulova med. Ho venta då barn. Og medan dei var der, kom tida då ho skulle føda,og ho fekk son sin, den førstefødde; ho sveipte han og la han i ei krubbe, for dei fann ikkje husrom nokon stad. Det var nokre gjetarar der i området som var ute på markene og heldt vakt over flokken sin om natta.Med eitt stod ein Herrens engel framfor dei, og Herrens herlegdom lyste kringom dei. Då vart dei gripne av stor redsle. Men engelen sa til dei: «Ver ikkje redde! Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor glede, ei glede for heile folket.I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren. Og det skal de ha til teikn: De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe.»Brått var det ein stor himmelhær saman med engelen; dei lova Gud og song: «Ære vere Gud i det høgste,
og fred på jorda
blant menneske som Gud har glede i!» Då englane hadde fare tilbake til himmelen, sa gjetarane til kvarandre: «Lat oss gå inn til Betlehem og sjå dette som har hendt, det som Herren har kunngjort for oss.»Så skunda dei seg dit og fann Maria og Josef og det vesle barnet som låg i krubba.Då dei fekk sjå det, fortalde dei alt som hadde vorte sagt dei om dette barnet.Alle som høyrde på, undra seg over det gjetarane fortalde.Men Maria gøymde alt dette i hjartet sitt og grunda på det.Og gjetarane vende tilbake. Dei lova og prisa Gud for alt dei hadde høyrt og sett; alt var slik som det var sagt dei.
Fin versjon av Silent Night:
Dagens fun facts:
0 - Jesus vart mest sannsynleg ikkje fødd på denne datoen, dette året
1818 – Julesongen Glade jul vart komponert av Franz Xaver Gruber
1924 - Alania vart republikk
1951 - Libya vart sjølvstendig frå Italia
1955 - Norad sporte Julenissen for første gong og det har vorte ein årleg juletradisjon
1957 – Hamid Karzai vart fødd
1990 - Thorbjørn Egner døydde
2002 - Kjell Aukrust døydde
Eg nyttar høvet til å ønskje alle ei fredeleg jul!
No nærmar det eg jul med stormskritt og det merkast. Dagen i dag har gått med til å vere julenisse(hjelpar), sjå førjulsfilm med gode venner og å kjenne på julestemningen i heimen!
Dagens fun facts:
1900 – Theatercafeen vart etablert
1956 - Colo vart den første gorillaen fødd i fangenskap
1989 – Brandenburger Tor vart opna etter nesten 30 og gjorde slutt på skiljet mellom Aust- og Vesttyskland
2003 - DVD-Jon vart frikjend i lagmannsretten
2010 - New start-avtalen vart ratifisert av det amerikanske senatet
Difor skal Herren sjølv gje dykk eit teikn: Sjå, ei møy skal verta med barn og føda ein son, og ho skal kalla han Immanue (Jesaja 7:14)
For eit barn er oss født, ein son er oss gjeven. Herreveldet kviler på hans aksler, og han skal kallast: Underfull Rådgjevar, Veldig Gud, Evig Far og Fredsfyrste (Jesaja 9:6)
No nærmar det seg veldig jul. Mange har allereie fått juleferie og vi er opptekne av å kjøpe, pakke inn og dele ut julegåver til venner og familie. Det er ein koseleg tradisjon som eg syns vi skal halde på, men den største gåva i jula er Jesus. Han vart sendt til jorda, fødd som eit lite barn i ein stall, vaks opp og var ein mann som var fullstendig perfekt. Han gjekk rundt på jorda og gjorde berre godt. Han lækte dei sjuke, blinde fekk synet tilbake, døve fekk hørsla tilbake, lamme kunne gå.
Det var likevel ikkje berre difor Jesus kom til jord, for å leve eit rett liv som menneske. Jesus kom for å bringe fred mellom Gud og menneske. Men alt dette er av Gud, han som ved Kristus forsona oss med seg og gav oss forsoningstenesta.Det var Gud som i Kristus forsona verda med seg, så han ikkje steller dei til rekneskap for misgjerningane deira, og han tiltrudde oss ordet om forsoninga (2. kor 5:18-19)Fordi eg har teke imot Jesus som Herre og Frelsar vil ikkje Gud lengre halde meg ansvarleg for misgjerningane mine. Eg kan komme med frimod framfor Han og tilbe Han utan å føle skam og skuld, fordi Han har tilgjeve meg.
Denne fantastiske gåva er for alle menneske. Slik som engelen sa til hyrdane på marka. Ver ikkje redde! Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor glede, ei glede for heile folket.I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren(Lukas 2:10-11). Jesus er verdens frelsar. Det tyder at han kan verte din frelsar om du vel å ta imot han. For vedkjenner du med munnen din at Jesus er Herre, og trur du i hjartet ditt at Gud reiste han opp frå dei døde, då skal du bli frelst.Med hjartet trur vi så vi blir rettferdige for Gud, og med munnen vedkjenner vi så vi blir frelste (Romarane 10: 9-10)
Eg har aldri vore på Putti Plutti Pott. Veit det er mange som har det som fast tradisjon og eg kunne godt tenkt meg å sjå den eit år...
Eg har lova å leggje ut oppskrifter på konfekten eg brukar å lage til jul. Eg brukar odense marsipan sine oppskrifter. Du finn mange fleire her, men eg har plukka ut mine tre favorittar
Ekspressotrøffel
Espresso trøffel
200 g mørk sjokolade
3/4 kremfløyte
1 ss sterk kaffi250 g marsipan
200 g lys sjokolade
Hakk den mørke sjokoladen og smelt den i vannbad
Tilsett fløyte og kaffi - rør godt og kjøl ned trøffelmassen
Kjevle ut marsipanen til en stor firkant (leggden gjerne mellom to bitar plast, så vert den ikkje så klissete)
Fordel trøffelmassen i eit jamt lag på halvparten av marsipanen og legg den andre halvdelen over
Sett konfekten i kjøleskap til den er heilt kald
Konfektstykker
Skjer konfekten i små betar og ovewrtrekk den med lys sjokolade
Konfektstykker
150 g nougat
100 g mørk sjokolade
75 g marsipan
Smelt nougat og sjokolade saman (i vannbad)
Hell halvparten av nougat-/sjokolademassen i ei aluminium form på omlag 6x14 cm
Rull marsipanen ut i to like store pølser og legg dei ved sida av kvarandre i forma
Hell resten av nougat-/sjokolademassen over
Sett konfekten i kjøleskap til dagen etter
Mozartkuler
Skjer ut i stenger og stykker
Mozartkuler
200 g marsipan
ca 50 g nougat
100 g mørk sjokolade
Skjer marsipanen i små betar og sett eit lite stykke nougat på
Lag kuler - pass på at nougaten er omlag i midten
Trekk dei med sjokolade. Ta litt sjokolade i handa og rull kula i handa.
La kulene stå kaldt og overtrekk minst ein gong til
(Bileta av konfektane er henta frå Odense si nettside)
Denne songen er heilt nydeleg...
Dagens fun facts:
1290 - Kong Magnus I av Sverige døydde
1777 - USA feira den første thanksgiving
1865 - Slavehandel vart forbode i USA
1923 – Sossen Krohg vart fødd
1933 - Norsk Terrier Klubb vart stifta
1963- Brad Pitt vart fødd
2001 – Forsvarsdepartementet sa ja til å sende mineryddarar til Afghanistan
2006 – Statoil og Hydro Olje kunngjorde sine fusjonsplaner
Fantastisk! Sju år gamle Rhema Marvanne syng the first Noel og O Holy Night. Verkeleg imponerande.
Årets juletre kjem frå IKEA og kostar 20 kroner. Frustrasjonen var stor då eg skulle plassere kulene, men eg syns det vart ganske stilig då det var ferdig. Det spørst kor lenge kulene får fred frå nysgjerrige kattar.
Dagens fun facts:
1263 - Håkon IV Håkonsen døydde
1903 - Wright-brørne foretok den første vellukka flyginga med eit motordrevet fly
1945 - Odd Karsten Tveit vart fødd
1961 - Indiske styrker tok Goa frå Portugal.
1989 - Den første episoden av the Simpsons vart vist på tv
Høybråten: Aller først: En riktig god jul til statsministeren. Det er ikke min oppgave og heller ikke nødvendig å fortelle statsministeren hvorfor vi feirer jul. Men jeg må minne om at julen også handler om en ung familie som hadde problemer med å finne et trygt sted å føde i småbyen Stoltenberg: Jeg er helt enig i at lokalsykehustilbudet og akutt og føde i Jerusalem for 2000 år siden helt sikkert var mangelfullt. Jeg tar ikke det fulle og hele ansvaret for det, men jeg tar derimot det fulle og hele ansvaret for fødetilbudet i Norge i 2010 og årene som følge Høybråten:La meg først presisere at jeg har ingen kunnskap om fødetilbudet i Jerusalem for 2000 år siden. Men vi har en ganske god dokumentasjon på hvordan det sto til med fødetilbudet i Betlehem
Det er nok ei stund sidan Jens har sunge eit barn er født i Betlehem...
Dagens fun facts:
37 - Keiser Nero vart fødd
1263 - Kong Håkon Håkonsson døydde
1890 - Sitting Bull døydde
1899 - Noreg innførte det norske flagget som handels- og nasjonalflagg
1939 - Tatt av vinden hadde premiere
1966 - Walt Disney døydde
1995 - Bosmandommen fall
1996 - Det danske kvinnelandslaget i handball vann EM for første gang. I finalen vann dei over Noreg
I dag har eg kost meg med klipp frå nokre av dei gode gamle julekalendarane som har gått på NRK. Visste du at den aller første julekalenderen som vart vist på norsk tv var jul i Skomakergata med Henki Kolstad? Den vart vist for første gang i 1979. Barnemix.no har laga ein oversikt over alle julekalendarane som har gått på tv sidan då. Den er det verdt å ta ein titt på om ein er interessert.
Tid for mimring:
Dagens fun facts:
1503 - Nostradamus vart fødd
1773 – Norges geografiske oppmåling(statens kartverk)vart grunnlagd
1911 - Roald Amundsen og teamet hans vart dei første som tok seg til Sydpolen
1936 - Arve Tellefsen vart fødd
1939 - Sovjetunionen vart utvist frå Folkeforbundet.
1946 - Generalforsamlinga i FN vedtok å leggja hovudkvarteret sitt til New York
1949 – Inger Lise Rypdal vart fødd
1979 - Michael Owen vart fødd
2008 – President George W. Bush reiste på sin fjerde og siste (planlagde) tur til Irak
I dag har det årlege julespelet på Sprurkeland gått av stabelen. Eg har mellom anna hatt ansvar for kostymer, manus og litt "regi". Vi har jobba hardt og intensivt dei siste vekene og det gav gode resultat i dag. Eg er kjempestolt av den jobben skodespelargjengen har gjort. Ramma rundt julespelet er heilt fantastisk! Ein sit på trebenkar og høyballar. Det er levande dyr på båsane og ein kjenner skikkeleg gardslukt. Dette er tredje år på rad at Ole og Silje opnar opp gården sin på denne måten. Eg kjenner at julestemninga kjem snikande.
Her er nokre bilete frå dagen i dag:
Eselet Lasarus og hesten Ronja
Det er litt stille i kveld. Kunne det ikkje berre skje noko...
De treng ikkje vere redde!
Er vi i Midt-Austen? Då kan det jo smelle når som helst!
Stolte "foreldre"
Vismennene beundrer Jesusbarnet
Matteus trakk linjene frå dei gamle profetene til Jesus på korset
Heile gjengen samla rundt krybba
Dagens fun facts
1851 - Det Bergenske Dampskibsselskab vart stifta i Bergen
1912 – Thorbjørn Egner vart fødd
1915 - Frank Sinatra vart fødd
1916 - Danmark selde Dansk Vestindia til USA
1941 - Adolf Hitler kunngjorde at han ville utrydde jødane
1963 - Kenya frigjorde seg frå Storbritannia
2000 - Amerikansk høgsterett erklærte at George W. Bush vann presidentvalet over Al Gore
2003 - Keiko, kjend frå Free Willy-filmane, døydde
I dag har eg lyst å dele ei historie frå ballrommet på IKEA (der eg jobber). Alle barna får på seg ein vest med nummer på. Desse går frå 1-16 og det er heilt tilfeldig kven som får kva nummer. Det er mange, spesielt av dei yngste, som trur det er alderen deira dei får. Det var litt bakgrunn for historia, her kjem den:
Barn: Damen, damen (eg svarer ikkje med ein gang), damen, DAMEN!
Eg: Ja, kva er det?
Barn: Du tok feil
Eg: Feil ka då? (barnet hadde vore der ei stund, og eg hadde tulla ein del med ho og søstra. Eg kom likevel ikkje på kva eg skulle ha teke feil på)
Barn: Eg er ikkje tre år, eg er fire, nei, fire OG eit halvt!
Ho var tydeleg fornærma fordi eg "trudde" ho var tre år. Fantastisk!
Dagens fun facts
1718 – Karl XII fall på Fredriksten festning
1946 - Unicef vart grunnlagd
1958 – Øvre Volta erklærte seg selvstendig frå Frankrike.
1967 - Idar Vollevik vart fødd
1969 - Stig Inge Bjørnebye vart fødd
1972 - Apollo 17 vart den sjette og siste Apolloferda som landa på månen
Adventstid er baketid. Etter gamalt skulle ein ha sju sortar småkaker til jul. Når ein bakar mykje, vert det og mykje oppvask. I den anledning har eg funne nokre videoar på youtube som kan komme til nytte når ein skal vaske opp. Berre sjå her. Veit ikkje heilt kva eg skulle gjort utan desse nyttige tipsa frå Grace Fitzpatrick
For det første er det viktig å ta vare på hendene sine:
Kva er best? Kost eller svamp? Svaret får du i denne videoen:
Sist, men ikkje minst. Der er viktig å tenkje tryggleik når ein vaskar opp:
Håpar desse råda kjem til god nytte i advents- og julestria.
Dagens fun facts:
1799 - Frankrike var det første landet som innførte det metriske systemet
1817 - Mississippi vart den 20. amerikanske delstaten
1896 - Alfred Nobel døydde
1901 - Den første Nobels fredspris vart delt ut
1903 - Bjørnstjerne Bjørnson mottok Nobelprisen i litteratur
1906 - President Theodor Roosevelt vart den første amerikaner som mottok Nobels fredspris
1951 - Ellen Nikolaysen vart fødd
1964 - MArtin Luther King mottok Nobels fredspris
1969 – Linebåten Ulstein 2 grunnstøtte og gjekk ned ved Runde på Sunnmøre
1972: Odd Nordstoga vart fødd
2006 – Christer Fuglesang vart den første svensken i verdensrommet
I dag har eg triste nyhende å komme med. Roald Øyen er tvungen til å slutte i NRK. Han har vore nøttegeneral i påskenøttene sidan 1984 og julenøtter sidan 1992. Julenøttene er eit av høgdepunkta i jula og noko vi har samla oss om i familien vår så lenge eg kan hugse. Det var størst stas dei første åra, før ein kunne google alt. Den gongen måtte vi fram med leksikon og atlas for å finne svara på meir eller mindre vanskelege oppgåver. Då vi hadde funne løysingsordet, var det alltid spennande å ringe inn svaret. Sjølv om Roald kjem til å få ein etterfølgjar, vil aldri påske- og julenøttene verte det same. Han har gleda små og store sidan det året eg vart fødd. Her er heile artikkelen på NRK.
Litt meir julestemning frå Øvstegarden
Dagens fun facts
1832 - Bjørnstjerne Bjørnson vart fødd
1904 – Den første grammofoninnspillinga i Noreg
1925 - Adolf Hitlers Mein Kampf vart publisert i Tyskland
1937 - Arne Næss jr vart fødd
1941 - Sir Geoff Hurst vart fødd
1951 - Jan Eggum vart fødd
1970 – Regjeringa innførte prisstopp med momentant verknad
1976 – The Eagles gav ut albumet Hotel California.
1980 - John Lennon vart skoten av Mark David Chapman
1987 – Michail Gorbatjov og Ronald Reagan underteikna ein nedrustningsavtale
1991 - Leiarane i Russland, Kviterussland og Ukraina vart samde om å løyse opp Sovjetunionen og skipa Samveldet av sjølvstendige statar
No sit eg på Trondheim lufthavn Værnes og ventar på flyet som skal ta meg heim til vakre Nordhordland. Eg har hatt ei super og innhaldsrik helg her i trivelege Trøndelag. Krona på verket var middag saman med Nina og Magnus (og vesle Mathilde) hjå familien Norøm Spolén i dag.
Tusen takk til Lene, Torstein, fam. Norøm Spolén, Nina og Magnus for ei fantastisk helg!
Slenger med ein nydeleg song:
Dagens fun facts
1443 – Pave Julius II vart fødd
1492 – Christofer Columbus vart den første europear som satt sin fot på øya Hispaniola
1791 – Wolfgang Amadeus Mozart døydde
1848 – Den amerikanske presidenten James Knox Polk stadfesta at det var funne store mengder gull i California.
1943 - Eva Joly vart fødd
1953 - Danmark satt varmerekord i desember med 14,5 °C
1955 – E.D. Nixon og Rosa Parks leia "the Montgomery Bus Boycott"
1973 – Det vart innført kjøreforbud for motorkjøretøy i helgene
1999 – Steven Gerrard scora sitt første mål for Liverpool FC (mot Sheffield Wednesday)
I dag har eg og Lene kost oss med å lage konfekt til venner og kollegaer. Det tok litt lengre tid enn vi hadde tenkt, og vi fekk mange fleire konfektar enn kva vi hadde trudd på førehand. Sjølvsagt er det slik at jo fleire kokkar, jo meir søl. Vi er ikkje eit unntak som stadfestar regelen. Eg klarte å lese feil i oppskrifta (det stod ikkje liter, men desiliter) og Lene gløymde at ho skulle passe på vassbadet så det ikkje kokte over. Dermed måtte vi to gongar på butikken! Sjølv om det var litt søl undervegs, er vi svært nøgde med resultatet, både på smak og utsjånad. Her kjem nokre bilete av prosessen.
Deilig sjokolade
Pittelitt for mykje fløyte oppi
Mozartkuler (før dei har fått sjokolade på seg)
Ferdig!
Då vi var ferdige med konfektproduksjonen tok vi oss ein liten tur ned til Trondheim sentrum. Eigentleg hadde vi tenkt å shoppe litt, men sidan vi brukte så lang tid på konfektane, var alle butikkar stengde. Vi vindusshoppa litt og tok ein liten tur til Bakklandet. Det minna meg sånn om "jul i Skomakergata" at eg nesten kunne høyre kjenningsmelodien. Etter ei kort byvandring gjekk vi til Tulla Fisher og åt middag. Der hadde dei ein himmelsk "plankeburger", altså burger servert på planke i staden for fat.
Gamle bybro
Bakklandet skydsstasjon - gjort om til koseleg kafé/restaurant
Bakklandet skydsstasjon
Plankeburger på Tulla Fisher
Dagens fun facts
1791 - Den første utgåva av "the observer" vart publisert
1861 – Lillian Russell vart fødd
1918 – Albert Francis Capone vart fødd
1935 – Johan Halvorsen døydde
1945 – Det amerikanske senatet godkjente USA sitt medlemskap i FN
1954 - Den første burger king restauranten var opna
1959 - Ein ape returnerer trygt tilbake til jorda etter å ha vore nesten 100 kilometer ute i rommet
1969 - Jay-Z vart fødd
1977 – Malaysia Airlines Flight 653 var kapra og krasja i Tanjong Kupang
1980 – Led Zeppelin vart oppløyst
1973 – Tyra Banks vart fødd
1974 – Isbjørn vart totalfreda
2006 - Ein vaksen kjempeblekksprut er fanga på video for første gong
Har så smått begynt å pynte til jul, men mest til advent
Nydeleg julesangbok frå Farmors hus
God gammal julepynt. Treet er frå huset i "Geiterøyna" (der mamma vaks opp)
Dagens fun facts:
1684 - Ludvig Holberg vart fødd
1789 - Claude Joseph Vernet døydde
1890 - Sandnes turnforening var grunnlagd
1904 - Avisa Gula Tiend kom ut med si første utgåve
1944 - Frank Sinatra spelte inn "Old Man River"
1948 - Ozzy Osbourne vart fødd
1967 – Ei gruppe legar leia av Christiaan Barnard utfører den første hjertetransplantasjonen på eit menneske
1976 - Bob Marley vart forsøkt drepen
1999 - Danmark vart råka av den verste orkanen i dette århundre
2005 - Prins Sverre Magnus vart fødd
I helga er eg i Trondheim by. Skal besøkje mi kjære barndomsvenninne Lene (og Torstein). No ventar eg på at ho skal bli ferdig på jobb. På søndag reiser eg til Steinkjer, byen i mitt hjerte, for å besøkje gode venner frå tida då eg budde der. Dette blir ei bra helg i "trivelige Tøndelag"! No skal eg rusle rundt og sjå kva Trondheim har å by på..!
I år tenkte eg at eg skulle lage ein slags adventskalender på bloggen min. Eg har valt å kalle det "dagleg desember" etter inspirasjon frå Fiona (og Christian) sin blogg i fjor der dei hadde "December Daily". Deira konsept var å ta bilete kvar dag og leggje ut. Min "daglege desember" vert nok litt meir variert. Her vil du finne bilete, julesongar eg likar, youtube-snuttar som set meg i julestemning, fun facts om dagens dato etc.
Dagens fun facts
1521 - Pave Leo X døydde
1835 - HC Andersen publiserte si første eventyrbok.
1906 - Jakob Sande vart fødd
1913 - Ford Motor Company introduserar samlebandet
1947 - Tore Skoglund vart fødd
1955 - Rosa Parks nektar å gje frå seg plassen sin til ein kvit mann
1982 - Michael Jackson gav ut singelen "thriller"
Beklager den dårlege kvaliteten på bileta. Eg fann ikkje kameraet mitt, så måtte bruke mobilen.
Fann denne nydelege videoen på youtube i dag. Gianna Jessen har ein kraftfull bodskap som få tør å seie høgt. Eg vart rørt til tårer då eg såg den. Ho snakkar om at dei som kjempar FOR abort seier det handlar om kvinners rettar, men så seier ho "what about my rights". Det talte til meg. FNs barnekonvensjon seier at "hvert barn har en iboende rett til livet". Kven er det som kjempar for retten til det vesle barnet?
...til og med når eg har betalt innhjaldet sjølv! For nokre dagar sidan oppdaga eg ein nettbutikk som selger det stoffet eg lenge har vore på utkikk etter. Etter nokre få tastetrykk var dette stoffet og meir til bestilt. For to dagar sidan fekk eg mail om at bestillinga mi var sendt, så eg var veldig spent då eg gjekk til postkassa mi i dag. Eg nærmast småsprang frå bilen og bort til postkassa, opna den forsiktig (eg innbilte meg at dersom eg opna postkassa sakte, var det større sjanse for at det låg ein hentelapp der). Og der, i einsam majestet, låg det ein lapp frå bring. Eg kunne venta til i morgon med å hente pakka, men eg klarte det ikkje...
Her er det som var inni pakka:
Desse to er mine favorittar! Kjempefint jungel- og uglestoff