lørdag 9. januar 2016

Ei veke i livet

Eit nytt år gjev nye moglegheiter. Eg har sett føre meg at året 2016 skal verte eit sunt år for meg. Eg har lenge tenkt at det ofte vert mykje søtsaker, ikkje berre i helgene, men og i kvardagen. Særleg på bibelgruppe og på andre kristne møter. Når utfordringa 100 dagar utan unødvendig sukker dukka opp på facebook, såg eg det som ei gylden moglegheit til å setje planen ut i live. No har eg vore 10 dagar utan kaker, snop og brus etc. Det går overraskande godt. I tillegg har eg kjøpt meg ein aktivitetsmåler, som eg håpar skal vera ein inspirasjon til å komma meg meir i aktivitet. Både vanleg kvardagsaktivitet og ikkje minst litt trening etterkvart. 


Den første veka i 2016 har vore fylt med mykje godt. Vi feira 10-årsdagen til Kira sundagen. I tillegg hadde vi ei lita min-julafta, sidan gåvene frå Ingvill ikkje kom fram før i romjula. Kira fekk ørnekostyme hjå meg og det slo verkeleg an. 

Tysdag hjalp bibelgruppa til med flytting for Therese og Glenn Roger. Onsdag var eg på besøk hjå mi gode venninne Bente. Saman med JO løyst vi mange verdensproblem..!
I helga har eg fått vere med på leiarsamling i Kristent Nettverk. Det var inspirerande dagar med god undervisning frå apostlar og profetar. Vi brukte og mykje tid framfor Gud i tilbeding og takk til Han. 
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...