mandag 17. oktober 2011

Dagens produksjon

I januar kommenterte eg på ein "pay it foreward" status på facebook. Opplegget var at ein skulle svare på statusen, legge den ut sjølv og så skulle ein gje noko heimelaga til alle som kommenterte statusen innan året var omme. Eg tenkte at dette skulle gå bra. Hadde jo nesten eit heilt år på meg... Men månadane har gått utruleg fort og no er det allereie oktober. Difor fann eg ut at i dag var dagen å setje i gong. I første omgang har eg laga ein del smokkesnorer og siklesmekker. Alle desse vert nok ikkje med på "pay it foreward"-prosjektet, for eg kjenner så utruleg mange som ventar barn dei neste månadande. Nokre av desse tinga vert difor barselspresangar og. Eg syns det er veldig kjekt å kunne gje noko heimelaga i barselspresang. Det vert på ein måte meir personleg og nært.



Posted by Picasa
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...