fredag 30. april 2010

Marihøner

I dag har vi sett fri marihøner i barnehagen. Alle barna var samla ute på leikeplassen og miss Kim (som alltid) las ei fortelling om marihøner og fortalte litt fakta om dei. Så var det tid for å sleppe laus marihønene. Skal seie deg det vart kaos. Det var marihøner og barn som jaga dei overalt. Eg trudde dei hadde nokre få som skulle sleppast laus, men det var hundrevis. Vi hadde marihøner i håret, på kleda og overalt. Barna hadde det moro med dei lenge og nokon ville til og med ta dei med heim. Eg fekk faktisk ufrivillig med meg ei tilbake til hotellet. Eg sette meg ned i senga og der fall det ei ut av håret mitt. Nesten litt ekkelt...

tirsdag 27. april 2010

Baby shower

I dag har vi vore i baby shower til miss Ladan. Eg har alltid hatt lyst å prøve det. Det ser så artig ut på film. Eg var på target for å kjøpe ei gåve og ein kan faktisk registrere ei ønskeliste på same måte som ein gjer til bryllup. Fantastisk, eller? Ein fyller ut eit skjema på ein skjerm, så får ein ein scanner i handa og kan gå rundt i butikken og scanne inn dei varene ein vil ha på lista. Enklare kan det ikkje verte!

Vi lurte på om nokon kom til å ta med den klassiske korga med mykje greier i. Det var det! Er litt skuffa over at ingen tok med "diaper cake", men kaka dei hadde med var supersøt ( i dobbel tyding). 20 kaklande damer lagde skikkeleg liv på chillis. It was a great experience!








mandag 26. april 2010

Wild animal park

Laurdag var vi i San Diego wild animal park saman med Melissa og ungane hennar. I utgangspunktet var ikkje parken bygd for publikum, men for å drive oppdrett av dyr til San Diego Zoo. På denne måten ville dei ikkje trenge å hente utrydningstrua dyr til dyreparken, men dei var sjølvforsynte. Etterkvart fann dei ut at dette var for fanastisk til å halde for seg sjølve, så dei opna parken for publikum. Det er eg kjempeglad for at dei gjorde, for dette var ei oppleving verdt å få med seg. Parken var enormt svær. Vi brukte heile dagen der og likevel trur eg det var ting vi ikkje fekk sett. Høgdepunktet var ein "togtur" gjennom Afrika. Vi sat i eit slags tog som tok oss rundt i det svære området dei hadde laga til for dyra. Her var det ingen trange bur og små innhegningar. Dyra fekk gå fritt rundt i eit tilnærma naturlege område. Dei hadde plassert dyra slik i høve til kvarandre som dei er i det naturlege. På den måten opprettheld dei sine naturlege innstinkt. Sidan området var så stort, var det berre eit fåtal av dyra vi fekk sett på nært hald. Godt vi har zoom på kamera...

Her er nokre glimt av dyra vi såg:
(trykk på bileta for å gjere dei større)



Posted by Picasa

lørdag 24. april 2010

Slapp fredag...

Sidan vi ikkje vart henta i dag, og heller ikkje fekk tak i nokon frå barnehagen, bestemte vi oss for å bruke dagen på å førebu oss til ekskursjonsdelen av opphaldet. Vi har laga ei lang liste med spørsmål som vi skal ha med oss til "la petite acadamy" neste fredag. Då vi var ferdige med det gjekk vi for å vaske klede. Det var akkurat slik ein ser på film. Moro! Elles har vi berre slappa av i sola ved bassengkanten. Det er det eg kallar ein slapp fredag.


















 








Veronica slo ihel ventetida med litt speling














Nokre åtvaringar må sjølvsagt til...

fredag 23. april 2010

Earth day og UNO

No har eg akkurat grisebanka Veronica og Kine i UNO. Artig at alle tre er like store konkuransemennesker. Kine hadde høg puls når ho hadde eitt kort igjen og Veronica måtte strekke ut mellom slaga! Ein har ikkje meir moro enn ein lagar sjølv. Resultata er lagra på PCen og det vert spanande å sjå kven som stikk av med sigeren til slutt...

Ellers har vi feira "earth day" i barnehagen i dag. Miss Kim las ei bok om kva ein kan gjere for miljøet før barna fekk boltre seg med ulike aktivitetar. Dei kunne plante ei solsikke, lage sin eigen turmiks, fargelegge eller leike/kjenne på fuglefrø. Det var fantastisk deilig å vaske hendene i det. Dei blei kjempemjuke!

















Reduse - reuse - recycle! What did you do for earthday?

tirsdag 20. april 2010

Barnehagen - frå innsida

Foreldra kan sjå gjennom denne spegelen frå utsida








Etter lunsj er det "nap time". Då vert rommet omgjort til ein sovesal.

Gode manerer er veldig viktig i dette landet

"Garderoben" er inne i klasserommet. Her legg barna frå seg matboksene sine. Meir om innhaldet i dei seinare... Omgrepet innesko eksisterer ikkje her. Dei bruker dei same skoa inne og ute (til og med når dei søv).

Dette hadde vel vore diskriminerande heime i Noreg.

Dei har eit sterkt fokus på læring, men barna leiker ganske mykje og.
















Koseleg leseområde. Barna bruker desse stolane mykje!

Det vert inga åtvaring denne gangen, men eit lite visdomsord eg fann i gangen i barnehagen. Eit visdomsord etter mitt hjarta!

lørdag 17. april 2010

Dagens åtvaring


Eg let meg fasinere av alle åtvaringane vi ser. Denne syns eg tek kaka. Det er trass alt ei trapp, så det skulle vel vere naturleg å "passe på stega"..? Eller?


Ellers i dag har vi hatt ein roleg dag. Vi kom seint på jobb og gjekk tidleg. Miss Trish henta oss klokka 9.15. Klokka 1 fekk vi lunsj og her har dei eigentleg ein og ein halv time lunsj, men vi har valgt å "berre" ta ein time, så kjem vi oss tidlegare heim. Då lunsjen var ferdig tok miss Jenny oss med til helsestasjonen for å sjekke tuberkulosetesten vi tok på tirsdag. Heldigvis var den negativ for alle, sjølv om Kine og Veronica vart sjekka grundigare enn meg. Etter TBtesten var det ikkje noko poeng i å gå tilbake til barnehagen, så vi vart kjørt heim. Ein deilig slutt på veka.

Ha ei fantastisk helg, folkens!

fredag 16. april 2010

Eg er skada...

Dagen i dag slutta med eit brak, bokstaveleg tala. Vi vart kjørt heim av verdens koselegaste dame, miss Kim. På parkeringsplassane er det små betongklumper som skal gjere at bilane ikkje kjører for langt fram. Eg klarte naturleg nok å snuble i ein av dei og låg langflat på asfalten. Eg slo det vonde kneet mitt og fekk eit skikkeleg skrubbsår i eine handa. Det ironiske oppi det heile, er at rett før eg datt, hadde eg gjort skikkeleg narr av Veronica som nesten ikkje klarte å gå på grunn av blemmer under foten. Der fekk eg den! No gjer det meste vondt, både å bøye og strekke. Eg har fått ein vidundermedisin av miss Jenny, så eg får håpe den fungerer.

På kvelden var vi på besøk hjå miss Jenny, dagleg leirar med barnehagen. Det var ei artig oppleving. Kvar torsdag har dei vanlegvis bibelgruppe, så heile bibelgruppa hennar var der. Som alltid når vi møter nye folk vil dei gjerne vite litt om Noreg. Dei vanlege tema er pengar, bilar, kriminalitet og natur. Det kan verke som om folk trur Noreg er eit lite underutvikla land. Vi snakka om at bilane her er mykje større enn heime. Då seier ho eine dama "De har vel ikkje så mange bilar heller. Er det ikkje slik at de helst syklar der borte"?

Eg hadde lunsj aleine i dag og medan eg satt ute i sola gjekk denne karen forbi. Artig at ein faktisk kan ta med pappegøya på tur...

torsdag 15. april 2010

Bursdagsfeiring +++

I dag har det vore bursdag i barnehagen. Ein kan seie at det gjekk føre seg litt annleis enn heime. Det er foreldra som har ansvaret for feiringa og dei kan gjere kva dei vil. Desse foreldra bestilte like godt eit "pet zoo", så rundt klokka 10 kom det ein hest, to ponnyar, kaninar, kyllingar, ein kvalp, og ein del andre dyr som eg ikkje såg. Barna på avdelingen fekk ri og klappe dyra. Til lunsj fekk dei happy meal og ein übersøt muffin. I taket hang det gassballongar med "happy birthday" på og barna hadde partyhattar. Eg har berre ein ting å seie: typisk amerikansk! Dessverre fekk ikkje vi vere der og sjå oppstyret, for vi var på helsestasjonen for å ta tuberkulosetest. Vi fekk berre høyre om det i etterkant. Eg er glad det ikkje var på mi avdeling, for barna var lettare elektriske etterpå...

Til lunsj i dag hadde vi sushi. Eg har aldri prøvd det før og var superskeptisk. Til mi store overrasking syns eg det var kjempegodt. Det vert nok ikkje siste gang eg et det her borte. Nam, nam, nam!

Folka her er veldig hyggelige. I dag har vi vore på middag hjå ei av lærarane, Miss Melissa. (Her er det slik at alle lærarane vert kalla miss. Det er litt rart når barna ropar på meg, miss Lillian, eller teacher, dersom dei ikkje hugser kva eg heiter). Det var fantastisk å ete heimelaga mat etter å ha ete ute kvar dag i nesten ei veke. Ein skulle ikkje tru det, men ein vert faktisk ganske lei av restaurantmat. Etter middag gjekk vi ein tur ned til stranda, eller piren. Her såg vi sola gå ned i horisonten. Familien hennar var med oss, og for ein herleg familie! Eg gleder meg til neste torsdag, for då skal vi tilbake dit. Då er det ei "street fair" i gatene, med mykje moro og mat frå ulike land..!

onsdag 14. april 2010

Vi er i gang med praksis. Det er kjempegøy, men er ganske sliten etter å ha snakka engelsk med små barn ein heil dag. Vil dele ei lite oppleving eg hadde i dag:

I utetida etter lunsj leikte eg politi og røvar med nokre barn. Ein slik leik er som ein magnet og etterkvart hadde eg minst ti barn etter meg. Eg var røvar, og dei var politi. Dei ville setje meg i fengsel og eg lata som eg ikkje ville. "Please let me go! Pretty please.." Den eine politijenta var ganske streng med meg: "Your pretty please will NOT get you out of here! Face against the wall"! Skal seie dei kan det her i junaiten... Leiken vart avbroten av at eg fekk beskjed om å gå. Den samme strenge jenta fulgte meg til døra. På vegen spør ho meg: "kan ikkje du vere her til bursdagen min"? Eg: " Eg trur ikkje eg kan det". Ho: Vær så snill..." Eg tenkte at det kunne jo hende ho har bursdag medan vi er her, så eg spurte kortid ho har bursdag. "14. september" Sjølv om eg kunne ønskje eg kunne vere så lenge måtte eg seie som sant var at det kunne eg ikkje. Det er ei ære å verte invitert i barnebursdag, så det er tydeleg at eg har gjort inntrykk!

Elles har vi utforska området vårt endå litt til. Vi er så varme i trøya på Walmart at vi har begynt å bruke self checkout:














ALT må advarast mot














Når vi forlet rommet vårt ser senga slik ut:









Og når vi kjem heim har det skjedd noko:









(Fint å bu på hotell)


Desse fuglane er alle stader:

søndag 11. april 2010

Endeleg i San Diego

No er vi komne til USA og San Diego. Vi landa fredag kveld klokka 08.00PM lokal tid (lørdag morgon - norsk tid). Turen starta veldig bra med at eg forsov meg. Eg vakna av at Veronica kom inn i gangen og ropte "Hallo..?" Heldigvis har eg lært av mine feil og hadde pakka alt dagen før. Eg spratt ut av senga og ti minutt seinare satt eg i bilen. 10 poeng til meg.

Reiseruta var som følger:
Bergen-København
København-Washington DC
Washington DC-San Diego

I København fekk eg eit lite innblikk i den manglande retningssansen til Veronica. For å finne gaten måtte vi følgje pilane på skilta. På vegen stoppa vi innom ein kiosk for å kjøpe drikke. Vi gjekk inn ein inngang og ut ein annan. Veronica: "Nei, no går pilane den veien..." Det ho ikkje hadde fått med seg var at vi hadde snudd inni kiosken...

Vi hadde tre timar mellom flya i Washington og hadde store planar om å få oss litt mat før den siste etappen, men det gjekk ikkje. Vi måte ta bagasjen vår gjennom tollen og det tok tid. Vi stod i kø i om lag to timar og då måtte me berre gå rett til gaten.

På flyplassen i San Diego vart vi henta av Mariel og Damaris, to av lærarane i barnehagen vi skal besøke. Dei var kjempehyggelege og det var overraskande lett å få praten til å gå. Damaris tok oss med til IHOP (international house of pancakes) for et "lite" nattmåltid.

I dag har vi brukt dagen til å utforske deler av Vista. Vi gleder oss til å sjå meir.

Her er nokre bilete frå dei to første dagane

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...