lørdag 9. januar 2016

Ei veke i livet

Eit nytt år gjev nye moglegheiter. Eg har sett føre meg at året 2016 skal verte eit sunt år for meg. Eg har lenge tenkt at det ofte vert mykje søtsaker, ikkje berre i helgene, men og i kvardagen. Særleg på bibelgruppe og på andre kristne møter. Når utfordringa 100 dagar utan unødvendig sukker dukka opp på facebook, såg eg det som ei gylden moglegheit til å setje planen ut i live. No har eg vore 10 dagar utan kaker, snop og brus etc. Det går overraskande godt. I tillegg har eg kjøpt meg ein aktivitetsmåler, som eg håpar skal vera ein inspirasjon til å komma meg meir i aktivitet. Både vanleg kvardagsaktivitet og ikkje minst litt trening etterkvart. 


Den første veka i 2016 har vore fylt med mykje godt. Vi feira 10-årsdagen til Kira sundagen. I tillegg hadde vi ei lita min-julafta, sidan gåvene frå Ingvill ikkje kom fram før i romjula. Kira fekk ørnekostyme hjå meg og det slo verkeleg an. 

Tysdag hjalp bibelgruppa til med flytting for Therese og Glenn Roger. Onsdag var eg på besøk hjå mi gode venninne Bente. Saman med JO løyst vi mange verdensproblem..!
I helga har eg fått vere med på leiarsamling i Kristent Nettverk. Det var inspirerande dagar med god undervisning frå apostlar og profetar. Vi brukte og mykje tid framfor Gud i tilbeding og takk til Han. 

onsdag 1. april 2015

Syglede

Litt av det eg har sydd dei siste månadane...

















mandag 7. juli 2014

Snart tante!


I desse dagar venter mi kjære søster sitt første barn og eg skal verte tante (for andre gang). Eg gleder meg veldig. Sjølvsagt må tantegullet få heimesydd gåve frå tanta. Isoli er eit fantastisk mjukt joggestoff som vert veldig mjukt og godt for vesla. Sidan mora ikkje er typisk "rosajente" valde eg å sy den i grå isoli og kante med rosa ribb. Håper det ikkje vert for sukkersøtt for mor og barn. 







søndag 6. juli 2014

O'store glede!

Heilt sidan eg byrja å sy klede har eg gått med ein draum om å kjøpe meg ei overlockmaskin. Etter å ha googla og lest ulike meiningar om mange maskiner, enda eg på å kjøpe Brother 4234D.
Eg har handla hjå Anne Grethe frå Sy med oss. Her fekk eg strålande god service og det gjekk mindre enn ei veke frå bestillinga til eg hadde maskina i eigen stove. 

No gler eg meg til å verte kjent med denne maskina! 

onsdag 18. juni 2014

Storfint besøk!

Eg har vore så heldig at eg har hatt gode, vakre kloke Isabell på besøk. Planen var eigentleg å bruke heile laurdagen på "stranda". Men sidan det var umenneskeleg kaldt i sjøen og ingen av oss hadde noko særleg lyst å bade, gjekk vi heim att etter ein liten time. Der fann vi fram symaskina mi og Isabell fekk "gå berserk" i stofflageret mitt. Først ville ho lage ei veske til sin nyinnkjøpte mobiltelefon. Denne vart ho så nøgd med at ho gjerne ville avansere litt. På ny var det å ta eit djupdykk inn i stofflageret. Der fann ho eit grønt og blomstrete stoff som ho ville lage skjørt av.



Full konsentrasjon og eit meget overraska utrykk når ho oppdaga kor flott mobilveska vart!


Tøffaste jenta i gata, i eigesydd skjørt!!!


Eg storkoste meg heile helga og det trur eg jammen meg Isabell gjorde og. 


torsdag 29. mai 2014

Eitt-årsdag og heimesydd selenickers

Forrige veke var eg i eitt-årsdag. Sjølvsagt måtte bursdagsbarnet få heimesydd gåve. Eg har henta inspirasjon frå diverse bloggar og sjølvsagt instagram. Det resulterte i dette antrekket.


Selenickersen kan han bruke lenge, først som nickers, deretter shorts. Selane kan enkelt justerast ved å flytte på knappane. Det er definitivt rom for forbetringar, men eg vart så nøgd med antrekket at eg valte å gje det vekk. 

Mønsteret på den kortarma bodyen er frå ottobre. Knappar og stoff er frå Stoff og Stil. 



Follow my blog with Bloglovin

mandag 14. april 2014

Sweet bonnie top

For lenge sidan la eg min elsk på eit mønster frå  Shwindesigns. Det er eit mønster på ein nydeleg topp som eg har hatt lyst å sy lenge. Forrige helg tok eg mot til meg og sydde to ulike versjonar. Dei ligg ute i butikken min no!




Eg sydde og tre siklesmekker med bondegårdsmotiv





søndag 30. mars 2014

Om å gå på vatnet...

Ein klok mann har ein gong sagt at for å gå på vatnet, må ein ta steget ut av båten. Det er nettopp slik det kjennes akkurat no. At eg har teke steget ut av båten, og no må eg gå på vatnet. For om lag to veker sidan starta eg butikk på epla.no. Dette er noko eg har tenkt på lenge, men ikkje turt å setje i gang med. Framleis tenkjer eg at det er litt skummelt, men og veldig kjekt! Førebels er det ikkje så mange varer i butikken og det kjem til å komme varer i rykk og napp. Denne butikken er fullstendig på hobbybasis, så eg syr når eg har tid og lyst.

Her er nokre bilete av varene som ligg i butikken nett no:








Du finn butikken min på epla.no/shops/altavnade Eg vert veldig glad viss du går inn og legger til butikken min som favoritt på epla. Finn du noko du likar, er det sjølvsagt veldig kjekt om du handlar litt ;)



Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...