Ein klok mann har ein gong sagt at for å gå på vatnet, må ein ta steget ut av båten. Det er nettopp slik det kjennes akkurat no. At eg har teke steget ut av båten, og no må eg gå på vatnet. For om lag to veker sidan starta eg butikk på epla.no. Dette er noko eg har tenkt på lenge, men ikkje turt å setje i gang med. Framleis tenkjer eg at det er litt skummelt, men og veldig kjekt! Førebels er det ikkje så mange varer i butikken og det kjem til å komme varer i rykk og napp. Denne butikken er fullstendig på hobbybasis, så eg syr når eg har tid og lyst.
Her er nokre bilete av varene som ligg i
butikken nett no:
Du finn butikken min på
epla.no/shops/altavnade Eg vert veldig glad viss du går inn og legger til butikken min som favoritt på epla. Finn du noko du likar, er det sjølvsagt veldig kjekt om du handlar litt ;)