fredag 27. september 2013

Bloggtørke...

I vår fekk eg for alvor augene opp for instagram. Samstundes forsvant bloggen ut i det fjerne. Det er jo mykje enklare å berre leggje bileta ut på instagram...

Dette året er det utruleg mange i min omgangskrins som har fått baby. Noko av det kjekkaste eg veit er å lage barselgåver, for eg veit kor glade mødrene (og fedrene) vert. Det er noko heilt spesielt med å gje vekk noko eg har laga sjølv!

Her kjem eit lite bileteras av nokre av tinga eg har laga:

Heildress i bomullschambrey - David
Omslagsbody i bondegårdsjersey - Benjamin




















Omslagsbody i stripete jersey - Peter
Bukse i bomullschambrey - Peter




















Kjole i bomull - Celine
Selebukse i babycord - Adam

















lørdag 27. april 2013

Bukse til ein liten gut (og babyshower)

Mine gode venner Sjur og Monica ventar ein liten gut i desse dagar. For nokre veker sidan arrangerte Monica sine barndomsvenninner babyshower for ho. Flaks for meg at eg allereie hadde sydd ei bukse til vetleguten...


Mønster: Minikrea
Stoff: Stoff og Stil
Strykemerke og smokkehaldar: Ebay
Eg lagde ein matchande sanse"ball" med raslelyd og "squeaker" som lagar pipelyd når ein trykkjer på den... Fyllet er ei blanding av putevatt og ris, for endå fleire sanseopplevingar. Gåva fall i smak hjå mor og far!










Monica fekk to bleiekaker, så ho treng ikkje kjøpe bleier med det første...




fredag 29. mars 2013

Ei annleis påske

I år er første påska på mange år at Kristent Nettverk ikkje arrangerar påskefest i Bergen. Dermed var det duka for familiepåske i mitt ferieparadis, Sula. Slik vart det ikkje. Det vart heller ein litt dramatisk start på påska i år. I løpet av mandagen kjende eg stikkande og stadig vondere smerter i magen, på høgresida. Eg tenkte ikkje så mykje over det, men etter eit koseleg middagsbesøk hjå gode venner, bestemte eg meg for å stikke innom legevakten på vegen heim. Kunne jo ikkje skade å få det undersøkt.

Etter ei kort undersøking på legevakten vart eg sendt med drosje til Haukeland. Legen mistenkte gallestein. På vegen til Haukeland rasa det tankar gjennom hovudet mitt. Kva skjer med meg no? Eg visste ingenting om gallestein og kva dei eventuelt kom til å gjere med det når eg kom på Haukeland. Ei kjensle av redsle kom over meg og eg kjende meg heilt åleine i verda. Det var to ting som uroa meg mest. Eg hadde lova å hente posten til mamma og pappa, og at eg ikkje kom på jobb dagen etter. Eigentleg to trivielle ting som eg ikkje hadde nokon grunn til å uroe meg for.

Då eg sat der i bilen og var redd og uroa meg for irrasjonelle ting, høyrde eg ei stemme som sa "du treng ikkje vere redd, eg er med deg. Der du går, har eg allereie vore, du er alltid to". Etter dette kjende eg at Guds fred kom og fylte meg. Gudsnærværet var så sterkt at alle dei urolege tankane forsvann. Jammen er det godt å vere Guds barn!

Opphaldet på Haukeland vart eit VM i venting. Først venta eg på å komme inn, så venta eg på at sjukepleiaren skulle ta prøvar. Når prøvane var tekne, vart det ny venting. Legen som endeleg kom, hadde lite nytt å fortelje meg. Etter endå meir venting vart eg sendt opp på kirurgen 3. Her var det ny venting, endeleg fekk eg litt smertestillande og i firetida fekk eg endeleg sove... Tysdagen vart ein ny ventedag. Eg skulle ta ultralyd av galleblæra og måtte faste fram til den undersøkinga. Det kjendes litt urettferdig når dei andre fekk både frukost og lunsj. Eg halvsov og døste meg gjennom dagen. Det var ikkje akkurat så mykje anna å finne på. Dei fann ingenting på nokon av prøvane og heller ikkje på ultralyden, så eg vart sendt heim med uforetta sak.

Sjølv om dei ikkje kunne finne noko gale med systemet mitt, hadde eg like vondt. I Jakobs brev står det at "Er nokon av dykk sjuk, skal han kalla til seg dei eldste i forsamlinga, og dei skal be over han og salva han med olje i Herrens namn. Og bøna som er boren fram i tru, skal berga den sjuke, og Herren skal reisa han opp. Og har han gjort synder, skal han få dei tilgjevne" (Jak. 5:14-15). 
 I går gjorde eg nettopp dette. Magnar og Astrid, som er eldste i menigheten, kom og salva meg med olje og ba for meg. Eg kjente ikkje noko der og då, men i dag er smertene mykje mindre. Det er godt at sjølv om ikkje legar og sjukepleiarar veit kva som feiler meg, så veit Gud det.

Eg har tillit til at eg skal verte heilt frisk att i løpet av eit par dagar!

søndag 24. februar 2013

Helg i Sula

I helga har eg og pappa vore på hyttetur hjå tante Turid og Rolf i Sula. Altså, ikkje Sula på Sunnmøre, men Ytre Solund. Hytta deira ligg idyllisk til ytterst i Sognefjorden. Mamma skulle også vere med, men ho har desverre vore sjuk i helga.

Fredagen gjekk med til god mat og avslapping i stova. Laurdag gjekk vi ein kort tur før det var tid for å benke seg foran tven og sjå Noreg gjere (nesten) reint bord i VM. Etter langrennet gjekk eg, pappa, Rolf og Trulte på tur opp på "Nipa". Det vil seie vi gjekk på tre ulike niper, før vi fann den rette. Her var det utsikt til det meste. For ein utrent skrott som min, var det ein hard tur, men vel verdt det då vi kom opp!

Medan vi var på tur, lagde tante nydeleg middag. Vi fekk servert Beuf Bourguignon, eller Biff frå Burgund om du vil. Det var kjempegodt og vi nærmast rulla frå bordet.

I dag, sundag, har vi sete i solveggen frå frukost til det var tid for avreise. Deilig!!!

Kamera var sjølvsagt med på turen, og her er nokre av dei nesten 150 bileta eg tok...











Eg kjenner at batteria er heilt opplada og eg er superklar for ei ny jobbveke!

søndag 27. januar 2013

Ny kjole

Sydagen vart, som alltid, veldig kjekk. Vi prata og koste oss, og jammen fekk vi ikkje sydd litt og...Eg sydde ein kjole i gammalrosa babycord. Mønsteret er frå Minikrea, stoffet frå Stoff og Stil.

Foran


Bak

Detaljar

Detaljar, bak



Sydag

I dag skal eg og Miriam ha ein "sydate". Eg har pakka ned det eg treng av stoff, mønster og tråd i den kreative kofferten min. Dette blir kjekt!

tirsdag 22. januar 2013

Redesign

Eg har ein tunika som eg er veldig glad i og som eg har brukt mykje. Dessverre er det slik at den er vorte litt for liten... Sidan eg har vore så godt i siget i det siste og sterkt inspirert av mitt forrige redesignprosjekt, sydde eg tunikaen om til ein kjole til ei 1 år gammal jente!

Originalen

Detaljar

Nytt design!


mandag 21. januar 2013

Nytt kamera

Eg har gjort eit kupp og kjøpt eit nytt (brukt) kamera. Det er nesten ikkje brukt og godt som nytt. Det er eit Nikon D3000-kamera. No gler eg meg til å ta mange bilete framover, både ute i naturen og det eg syr...


søndag 20. januar 2013

Kva fyller ein dagane med?

Denne veka har eg vore slått ut med ein "infeksjon i kroppen" som legen kalla det. Etter å ha lagt strak ut i fleire dagar, har eg vore ganske rastlaus i helga. Likevel har eg ikkje kunna gå ut eller treffe folk, så kva skal eg då fylle dagane med? Eg hadde to bukser som eg sydde for nokre veker sidan, men som eg ikkje hadde laga knapphol og sett knapp i. Eg sette i gong med dette og fekk blod på tann. Seinare i veka skal eg treffe ei lita tulle, og ho har ikkje fått barselpresang av meg endå. Så eg har sydd ein kjole i blomstra babycord til henne.

Eg ventar framleis på eit strykemerke til den eine buksa, så venter med å vise fram den til den er heilt ferdig. Her er buksa til ei lita jente som eg gleder meg til å verte kjend med...


Den ser litt skeiv ut, men det er berre fordi den
heng skeivt på kleshengaren


Pynta med ei hjarterekkje i ovegangen mellom bærestykke og buksedel





Stoffet eg har brukt i buksa er frå ei av Miriam sine gamle skjorter

Her er kjolen eg har sydd i helga:
"Alt av nåde" er sydd i bak

Kjolen lukkes med knapper og hemper


Heile kjolen, litt vanskeleg å sjå detaljar,
sidan stoffet har så tett mønster


Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...