| Deilig sjokolade |
| Pittelitt for mykje fløyte oppi |
| Mozartkuler (før dei har fått sjokolade på seg) |
| Ferdig! |
Då vi var ferdige med konfektproduksjonen tok vi oss ein liten tur ned til Trondheim sentrum. Eigentleg hadde vi tenkt å shoppe litt, men sidan vi brukte så lang tid på konfektane, var alle butikkar stengde. Vi vindusshoppa litt og tok ein liten tur til Bakklandet. Det minna meg sånn om "jul i Skomakergata" at eg nesten kunne høyre kjenningsmelodien. Etter ei kort byvandring gjekk vi til Tulla Fisher og åt middag. Der hadde dei ein himmelsk "plankeburger", altså burger servert på planke i staden for fat.
| Gamle bybro |
| Bakklandet skydsstasjon - gjort om til koseleg kafé/restaurant |
| Bakklandet skydsstasjon |
| Plankeburger på Tulla Fisher |
Dagens fun facts
- 1791 - Den første utgåva av "the observer" vart publisert
- 1861 – Lillian Russell vart fødd
- 1918 – Albert Francis Capone vart fødd
- 1935 – Johan Halvorsen døydde
- 1945 – Det amerikanske senatet godkjente USA sitt medlemskap i FN
- 1954 - Den første burger king restauranten var opna
- 1959 - Ein ape returnerer trygt tilbake til jorda etter å ha vore nesten 100 kilometer ute i rommet
- 1969 - Jay-Z vart fødd
- 1977 – Malaysia Airlines Flight 653 var kapra og krasja i Tanjong Kupang
- 1980 – Led Zeppelin vart oppløyst
- 1973 – Tyra Banks vart fødd
- 1974 – Isbjørn vart totalfreda
- 2006 - Ein vaksen kjempeblekksprut er fanga på video for første gong