onsdag 5. januar 2011

Fleire julegåver...

Denne gongen er det min eigen fangst eg vil presentere:


Dette fantstiske teppet har Ingvill laga til meg. Det er kjempestort!

Denne Camelbakflaska har vorte min faste følgesvenn

Fekk symaskin av mamma og pappa!

Dette biletet fekk eg hjå min gode venn Martha. Er det ikkje nydeleg?

Juleengel frå tante T

Eg ønskte meg eit brukt etasjefat. Dette har vore mi avdøde bestemor sitt!

Denne nydelege hjerteboksen fekk eg hjå Synnøve

Drill som eg fekk hjå tante Evy, onkel Kåre, Peter og Sara

Eg fekk mange andre ting og som eg vart kjempeglad for. Tusen takk alle saman!

fredag 31. desember 2010

Hakkebakkeskogen

Har teke bilete av programmet
I går var eg, Kristian, Ingvill og Kira på teater. Vi hadde fått bilettar til Hakkebakkeskogen til jul av Ingvill. Det er lenge sidan eg har vore på teater så det var ei kjempekjekk julegåve. Stykke varte i omlag to timar inkludert pausen. Kira vart litt lei på slutten og kviskra "stille" til Kristian: "da va gøy i begynnelsen". Hehe, det vart nok litt i lengste laget for ho. Etterpå spurde eg ho om ho syns det var gøy. Då sa ho at det var kjempegøy i begynnelsen, men på slutten måtte ho litt opp og ned. Syns ho har ganske god sjølvinnsikt.

Dei hadde lagt inn ein del humor som var retta mot dei vaksne. Mellom anna kunne bakergutten setje seg ned og ta ein "Hakkebache-Gabrielsen medan han venta på at pepperkakene i ovnen. Då Bjørnemor handla brød spurde Bakemester Harepus om ho skulle "spise her eller ta med". Sjølv om dei hadde teke med nokre slike moderne innslag var prisen på både brød og pepperkaker uforandra. Dei kosta framleis 10 øre pr stk.


Har teke bilete av programmet


Tusen takk Ingvill for ei fantastisk julegåve!

torsdag 30. desember 2010

Julegåver

Eg likar mykje betre å gje gåver enn å få. Det aller kjekkaste er å gje vekk heimelaga gåver. Her er nokre bilete av heimesydde gåver som eg gav vekk i år. Hadde egentleg tenkt å ta bilete av alt eg laga, men jula kom så frykteleg fort i år (igjen) at eg ikkje fekk tid.
Myntpung

Lap top sleeve

iPhone case. Det var ikkje akkurat denne eg gav bort. Denne vart for liten, så eg måtte syn ein ny

Myntpung

Strikkepinneetui til mi kjære søster "Spøtolina"

Strikkepinneetuiet, sammenbretta og lukka med trykknapp



















































































Myntpung
















Eit innlegg om min eigen julegåvefangst kjem litt seinare. Fekk mykje fint som eg er veldig takksam for!

lørdag 25. desember 2010

Tid for oppsummering...

Det har vore veldig kjekt å lage bloggen min om til adventskalender. Nokre dagar har det vore ei utfordring å finne tid til å skrive. Like fullt er eg stolt over å ha klart, med nokre heiderlege unntak, å blogge på riktig dato. Statistikken viser at det er ein samanheng mellom tidspunktet for oppdatering og kor mange som er inne på bloggen min. Det ser ut som jo tidlegare eg legg ut, jo fleire er det som er inne. Det er også verdt å merke seg at det er nokre tidspunkt som det er fleire innom enn andre. Det er aller flest inne klokka 16, ved midnatt og klokka 01. Eg syns det er ganske interessant.

Med denne storsatsinga har eg gått frå å ha vel 100 besøkande kvar månad i haust, til nesten 900 i desember. Omlag halvparten av det totale talet på besøkande på bloggen har altså vore innom i desember 2010!

Tusen takk for besøket, fokens. Eg håpar de vil følgje meg i 2011 og, sjølv om det ikkje vert daglege oppdateringar..!

fredag 24. desember 2010

24. desember

No er dagen endeleg her. Dagen vi alle, og kanskje spesielt barna, har venta på. Det er sjølvaste julaftan! Dette markerer og slutten på min adventskalenderblogging, men frykt ikkje, eg kjem til å fortsetje blogginga!


Her er Lukas sin versjon av korleis det gjekk til då Jesus vart fødd. Eg syns dette er ein av dei vakraste tekstane i det nye testamentet.

I dei dagane lét keisar Augustus lysa ut at det skulle takast manntal over heile verda. Dette var første gongen dei tok manntal, og det hende medan Kvirinius var landshovding i Syria. Då fór alle heim, kvar til sin by, og skulle skriva seg i manntalet. Også Josef drog då frå byen Nasaret i Galilea og opp til Judea, til Davidsbyen, som heiter Betlehem, for han høyrde til Davids hus og ætt, og skulle skriva seg der saman med Maria, som han var trulova med. Ho venta då barn. Og medan dei var der, kom tida då ho skulle føda, og ho fekk son sin, den førstefødde; ho sveipte han og la han i ei krubbe, for dei fann ikkje husrom nokon stad.
Det var nokre gjetarar der i området som var ute på markene og heldt vakt over flokken sin om natta. Med eitt stod ein Herrens engel framfor dei, og Herrens herlegdom lyste kringom dei. Då vart dei gripne av stor redsle. Men engelen sa til dei: «Ver ikkje redde! Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor glede, ei glede for heile folket. I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren. Og det skal de ha til teikn: De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe.» Brått var det ein stor himmelhær saman med engelen; dei lova Gud og song:
         
«Ære vere Gud i det høgste,
          og fred på jorda
          blant menneske som Gud har glede i!»

Då englane hadde fare tilbake til himmelen, sa gjetarane til kvarandre: «Lat oss gå inn til Betlehem og sjå dette som har hendt, det som Herren har kunngjort for oss.» Så skunda dei seg dit og fann Maria og Josef og det vesle barnet som låg i krubba. Då dei fekk sjå det, fortalde dei alt som hadde vorte sagt dei om dette barnet.Alle som høyrde på, undra seg over det gjetarane fortalde. Men Maria gøymde alt dette i hjartet sitt og grunda på det. Og gjetarane vende tilbake. Dei lova og prisa Gud for alt dei hadde høyrt og sett; alt var slik som det var sagt dei.

Fin versjon av Silent Night:


Dagens fun facts:
  • 0 - Jesus vart mest sannsynleg ikkje fødd på denne datoen, dette året
  • 1818 – Julesongen Glade jul vart komponert av Franz Xaver Gruber
  • 1924 - Alania vart republikk
  • 1951 - Libya vart sjølvstendig frå Italia
  • 1955 - Norad sporte Julenissen for første gong og det har vorte ein årleg juletradisjon
  • 1957 – Hamid Karzai vart fødd
  • 1990 - Thorbjørn Egner døydde
  • 2002 - Kjell Aukrust døydde
Eg nyttar høvet til å ønskje alle ei fredeleg jul!

torsdag 23. desember 2010

23. desember

Her fortel nokre barn frå St. Pauls juleevangeliet. Syns denne var kjempesøt, så ville veldig gjerne dele den med deg! Kva syns du?

Dagens fun facts:
  • 1888 - Målaren Vincent van Gogh skar av seg det eine øyra etter ein krangel med Paul Gauguin
  • 1909 – Albert I vart konge av Belgia
  • 1910 – Kurt Meyer, tysk SS-soldat, vart fødd
  • 1922 - BBC byrja å sende daglege nyhende
  • 1943 – Dronning Silvia av Sverige vart fødd
  • 1947 – Den første transistoren i verda vart vist fram ved Bell Laboratories
  • 1954 - Den første nyretransplantasjonen vart utført i Boston i USA
  • 1961 - Kurt Meyer, tysk SS-soldat, døydde

22. desember

No nærmar det eg jul med stormskritt og det merkast. Dagen i dag har gått med til å vere julenisse(hjelpar), sjå førjulsfilm med gode venner og å kjenne på julestemningen i heimen!



Dagens fun facts:
  • 1900 – Theatercafeen vart etablert
  • 1956 - Colo vart den første gorillaen fødd i fangenskap
  • 1989 – Brandenburger Tor vart opna etter nesten 30 og gjorde slutt på skiljet mellom Aust- og Vesttyskland
  • 2003 - DVD-Jon vart frikjend i lagmannsretten
  • 2010 - New start-avtalen vart ratifisert av det amerikanske senatet

tirsdag 21. desember 2010

21. desember

Difor skal Herren sjølv gje dykk eit teikn: Sjå, ei møy skal verta med barn og føda ein son, og ho skal kalla han Immanue (Jesaja 7:14)

For eit barn er oss født, ein son er oss gjeven. Herreveldet kviler på hans aksler, og han skal kallast: Underfull Rådgjevar, Veldig Gud, Evig Far og Fredsfyrste (Jesaja 9:6)

No nærmar det seg veldig jul. Mange har allereie fått juleferie og vi er opptekne av å kjøpe, pakke inn og dele ut julegåver til venner og familie. Det er ein koseleg tradisjon som eg syns vi skal halde på, men den største gåva i jula er Jesus. Han vart sendt til jorda, fødd som eit lite barn i ein stall, vaks opp og var ein mann som var fullstendig perfekt. Han gjekk rundt på jorda og gjorde berre godt. Han lækte dei sjuke, blinde fekk synet tilbake, døve fekk hørsla tilbake, lamme kunne gå.

Det var likevel ikkje berre difor Jesus kom til jord, for å leve eit rett liv som menneske. Jesus kom for å bringe fred mellom Gud og menneske. Men alt dette er av Gud, han som ved Kristus forsona oss med seg og gav oss forsoningstenesta. Det var Gud som i Kristus forsona verda med seg, så han ikkje steller dei til rekneskap for misgjerningane deira, og han tiltrudde oss ordet om forsoninga (2. kor 5:18-19)Fordi eg har teke imot Jesus som Herre og Frelsar vil ikkje Gud lengre halde meg ansvarleg for misgjerningane mine. Eg kan komme med frimod framfor Han og tilbe Han utan å føle skam og skuld, fordi Han har tilgjeve meg. 


Denne fantastiske gåva er for alle menneske. Slik som engelen sa til hyrdane på marka. Ver ikkje redde! Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor glede, ei glede for heile folket. I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren (Lukas 2:10-11). Jesus er verdens frelsar. Det tyder at han kan verte din frelsar om du vel å ta imot han. For vedkjenner du med munnen din at Jesus er Herre, og trur du i hjartet ditt at Gud reiste han opp frå dei døde, då skal du bli frelst. Med hjartet trur vi så vi blir rettferdige for Gud, og med munnen vedkjenner vi så vi blir frelste (Romarane 10: 9-10)

Copyright Gospel Communications International, Inc - www.reverendfun.com

Copyright Gospel Communications International, Inc - www.reverendfun.com

Dagens fun facts:

  • 72 - Apostelen Thomas døydde
  • 1795 – John "Jack" Russell, engelsk hundeoppdrettar, vart fødd
  • 1807 – John Newton døydde
  • 1898 – Marie og Pierre Curie oppdaga radium
  • 1913 – Det første kryssordet vart publisert
  • 1937 - Sdnøhvit og de syv dvergene hadde premiere
  • 1942 - Erling Thu vart fødd
  • 1948 – Samuel L. Jackson vart fødd
  • 1950 – Lillebjørn Nilsen vart fødd
  • 1962 - Rondane nasjonalpark vart den første nasjonalparken i Noreg
  • 1970 – Elvis Presley og Richard Nixon møttest i det kvite hus 
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...