torsdag 5. mai 2011

Mimring

Bilete fann eg her
For eit år sidan var eg i San Diego og fekk oppleve korleis meksikanarar feirar Cinco de Mayo. Dagen er ei markering av at meksikanarane vann over dei franske styrkjene 5. mai 1862 (Kjelde wikipedia). Dei tilsette i barnehagen laga potluck, det vil seie at alle tok med seg ein matrett kvar. Ein slags korgfest, eller koldtbord om du vil. Det mangla ikkje på spennande rettar. Kjenner at eg saknar USA og All Saints når eg tenkjer på alt det artige vi fekk vere med på.

HAPPY CINCO de MAYO..!







tirsdag 3. mai 2011

Søk først Guds rike..!

Den siste månaden har det vore ei slags bloggtørke hjå meg. Det er ikkje fordi eg har hatt så lite å fortelje, men fordi blogginga har tapt i tidstevlinga med andre og viktigare ting. Alle gode ting er tre, seiast det, difor har dette blogginnlegget tre gode nyhende.

Her er framsida på vidunderbarnet!
Den første er at eg er ferdig OG har levert bacheloroppgåva. Dei tre siste vekene har eg jobba intensivt med å få den ferdig. Det er leveringsfrist i morgon, men eg er heldigvis ferdig og leverte den i dag, så slepp eg vere nervøs for å komme for seint i morgon.


Parallelt med bachelorskriving har eg rydda nokre rom i huset. Det er fordi eg har fått meg ein "flat mate" som det heiter på nynorsk. Mi kjære venninne Monica har flytta inn hjå meg i helga. Det er kjekt å endeleg dele huset med nokon. Dei to første åra trivdes eg veldig godt i mitt eige selskap, men i det siste har eg sakna å ha nokon i huset. No la det seg veldig greit til rette for at Monica kunne flytte inn, og eg er veldig glad for det! Tre år aleine i eit helit hus har sett sine spor og eg har oppdaga at eg har frykteleg mange ting. Difor har det teke lang tid å rydde ut av romma eg ikkje har hatt bruk for. Dei har vore brukt som bod og eg skal seie deg det har samla seg mykje rart i løpet av åra.

Den tredje er for meg den aller største. EG HAR FÅTT JOBB! Eg opplever det som ei gåve frå Gud. Han har sagt i sitt ord at eg ikkje skal vere bekymra for noko (Matteus 6:25-34). Eg skal søkje Hans rike først og så vil Han gje meg alt eg treng. Eg har ikkje vore stressa i det heile for om eg skal få jobb eller ikkje. Gud har gjeve meg ro og fred for at eg skulle få ein god jobb som passer meg bra. No har eg fått akkurat det eg ønskjer meg. Eg skal jobbe på ein småbarnsavdeling, i ein fantastisk fin barnehage med mange gode folk..!

tirsdag 12. april 2011

Et barn har hundre språk

Av Loris Malaguzzi
Et barn er skapt i og av hundre
Barnet har hundre språk
hundre hender
hundre tanker
hundre måter og tenke på
å leke på, å snakke på
hundre - alltid hundre
måter å lytte på
å overraske på og elske på
hundre gleder
for å synge og forstå
hundre verdener
å oppdage
hundre å finne opp
hundre verdener
å drømme
Barnet har hundre språk
men har blitt frarøvet nittini
Skolen og kulturen
skiller hode fra kroppen
og barnet blir fortalt:
å tenke uten hender
å handle uten hode
å lytte uten å snakke
å forstå uten glede
og elske og fortrylles
bare til jul og påske
De blir fortalt:
Å oppdage en verden som allerede finnes
og av hundre blir de frarøvet nittini
De blir fortalt:
at glede og arbeid
virkelighet og fantasi
vitenskap og forestillingsevne
himmel og jord
fornuft og drøm
ikke passer sammen

Kort sagt blir de fortalt
at hundre ikke finnes
Men barnet sier:
Visst finnes hundre






fredag 8. april 2011

Flink? Eg?

Inspirert av " Mauren" av Inger Hagerup har eg skrive eit lite dikt:
Bilete er henta frå alighthouse

Flink?
Eg?
Langtifrå!
Eg gjer berre det 
Gud har kalla meg til.
Han er min far
og Han elskar meg
Ved Hans nåde kan
eg alt!

fredag 25. mars 2011

Noko nytt

Eg har prøvd meg på noko nytt. Fram til no har eg stort sett laga enkle myntpungar og vesker. Det er så langt mi kompetanse på symaskina går. Likevel har eg lenge hatt lyst til å lage barneklede. Eg er inspirert av ulike sybloggar der folk legg ut den eine nydelege kreasjonen etter den andre. Då passar det veldig fint at mi kjære gode venninne Nina har ein liten tass eg kan sy til. Sist helg sydde eg tre heildrakter (nattdrakter, om du vil). Det var veldig kjekt å kunne sende ei lita overrasking i posten til den vesle prinsen.

Sidan dette var første gangen eg laga noko slikt gjorde eg ein del feil. Nokre av dei tok eg opptatt, men eg har bestemt meg for å ikkje vere for perfeksjonist på tinga eg lagar. Dei er heimelaga, og det gjer ingenting at dei ser slik ut.

Mønster og bilar er frå stoff og stil, ugler og jungel frå cetho design.


tirsdag 22. mars 2011

Æsj..!

Då eg kom heim frå skulen i dag låg det ei lita overrasking i vegen, berre nokre få meter frå inngangsdøra mi. Eg såg langt vekke frå at det låg noko i vegen, men kva kunne det vere? Eg såg det var brunt, og låg utover vegen. Var det eit påkjørt dyr?

Bileta kan verke støtande på sarte sjeler, så du les resten av dette innlegget på eige ansvar.



































 Det var faktisk ein gigantisk hestebæsj! Eg skal love deg at den stinka.


Etter eg tok bileta har det kjørt mange bilar forbi, så no er det meir snakk om spreidd møkk!

lørdag 12. mars 2011

Ny veske (Cath Kidston)

Eg har sydd meg ei ny veske. Syns stoffet, storleiken og fasongen er heilt perfekt for ei lita vårveske. Det er to knapphol på kvar side av skulderreima slik at eg kan justere lengda slik eg vil. Mønster og stoff kjem frå boka Sy! av Cath Kidston. Det geniale var at stoffet allereie var ferdig klypt, så det var berre å setje i gang å sy!

søndag 6. mars 2011

Bursdag

 I går vart mi kjære mamma 53 år. Det vart feira som seg hør og bør med god middag og kake! Ho ønska seg ein myntpung med to rom og har ein bursdag, så har ein bursdag. Hennar ønskje var min lov og eg sydde ein slik til henne.

Myntpung sydd i mitt favorittstoff








Dobbel rammelås



























Elles har eg brukt det meste av studieveka (les vinterferien) hjå mamma og pappa. Ingvill har vore heime på ferie og vi har spelt spel til langt på natt nesten kvar einaste kveld. Trulte (hunden til mamma og pappa) syns tydelegvis det var litt keisamt at vi var så opptekne av spelet og ikkje av ho.

Spelegalskap illustrert med Carcassonne

"den er min"

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...