fredag 25. mars 2011

Noko nytt

Eg har prøvd meg på noko nytt. Fram til no har eg stort sett laga enkle myntpungar og vesker. Det er så langt mi kompetanse på symaskina går. Likevel har eg lenge hatt lyst til å lage barneklede. Eg er inspirert av ulike sybloggar der folk legg ut den eine nydelege kreasjonen etter den andre. Då passar det veldig fint at mi kjære gode venninne Nina har ein liten tass eg kan sy til. Sist helg sydde eg tre heildrakter (nattdrakter, om du vil). Det var veldig kjekt å kunne sende ei lita overrasking i posten til den vesle prinsen.

Sidan dette var første gangen eg laga noko slikt gjorde eg ein del feil. Nokre av dei tok eg opptatt, men eg har bestemt meg for å ikkje vere for perfeksjonist på tinga eg lagar. Dei er heimelaga, og det gjer ingenting at dei ser slik ut.

Mønster og bilar er frå stoff og stil, ugler og jungel frå cetho design.


2 kommentarer:

  1. Nydelig Lillian!! Så flink du er!!! Klem fra Åsta

    SvarSlett
  2. Kan eg legge inn bestilling? Ta kva pris du vil, bestiller gjerne 2 stk i str 6-9 mnd, om du har den mønster på den størrelsen. Ugle og jungel - evt andre fine stoff!
    Ingvill

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...