tirsdag 3. mai 2011

Søk først Guds rike..!

Den siste månaden har det vore ei slags bloggtørke hjå meg. Det er ikkje fordi eg har hatt så lite å fortelje, men fordi blogginga har tapt i tidstevlinga med andre og viktigare ting. Alle gode ting er tre, seiast det, difor har dette blogginnlegget tre gode nyhende.

Her er framsida på vidunderbarnet!
Den første er at eg er ferdig OG har levert bacheloroppgåva. Dei tre siste vekene har eg jobba intensivt med å få den ferdig. Det er leveringsfrist i morgon, men eg er heldigvis ferdig og leverte den i dag, så slepp eg vere nervøs for å komme for seint i morgon.


Parallelt med bachelorskriving har eg rydda nokre rom i huset. Det er fordi eg har fått meg ein "flat mate" som det heiter på nynorsk. Mi kjære venninne Monica har flytta inn hjå meg i helga. Det er kjekt å endeleg dele huset med nokon. Dei to første åra trivdes eg veldig godt i mitt eige selskap, men i det siste har eg sakna å ha nokon i huset. No la det seg veldig greit til rette for at Monica kunne flytte inn, og eg er veldig glad for det! Tre år aleine i eit helit hus har sett sine spor og eg har oppdaga at eg har frykteleg mange ting. Difor har det teke lang tid å rydde ut av romma eg ikkje har hatt bruk for. Dei har vore brukt som bod og eg skal seie deg det har samla seg mykje rart i løpet av åra.

Den tredje er for meg den aller største. EG HAR FÅTT JOBB! Eg opplever det som ei gåve frå Gud. Han har sagt i sitt ord at eg ikkje skal vere bekymra for noko (Matteus 6:25-34). Eg skal søkje Hans rike først og så vil Han gje meg alt eg treng. Eg har ikkje vore stressa i det heile for om eg skal få jobb eller ikkje. Gud har gjeve meg ro og fred for at eg skulle få ein god jobb som passer meg bra. No har eg fått akkurat det eg ønskjer meg. Eg skal jobbe på ein småbarnsavdeling, i ein fantastisk fin barnehage med mange gode folk..!

2 kommentarer:

  1. Jeg er så glad på dine vegne Lillian! Jeg skulle gjerne likt å vist at mitt barn hadde kommet i en barnehage hvor du er! :-) Skal gratulere fra Magnus også!

    SvarSlett
  2. Å, takk Nina (og Magnus)!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...