lørdag 18. juni 2011

For siste gang...

Eg har gjort mange ting for aller siste gang i det siste. På torsdag hadde vi avslutningsfest for både AL(lærarar) og FL (førskulelærarar). Det var siste gangen eg var i festsalen, sannsynlegvis siste gangen eg såg mange av mine medstudentar og lærarar og siste gangen eg slo av ein prat med dei koselege damene i resepsjonen, og mange andre ting eg aldri meir skal gjere...

Om nokon der ute lurer på om dei skal verte lærar/førskulelærar, så vil eg verkeleg anbefale NLA Høgskolen. Det er ein fantastisk skule, der ein får tett oppfølging av lærarar og rettleiarar. Lærarane er oppriktig interesserte i studentane, både fagleg og personleg. Dei bryr seg verkeleg om studentane sine.

 Her er nokre bilete frå festen:


Fine damer


Gode studievenninner

To flotte førskulelærarar

Line gjorde ein glimrande innsats i duellen mellom AL og FL

Lene knuste Vegard i quizen

Trur AL juksa litt her. Glenni gjorde ein flott innsats, men det vart diverre siger til AL i denne greina

Astrid er superengasjert som alltid!

Gjengen samla! Er det rart eg er glad i desse folka?
På jobb har eg og gjort mange ting for siste gang. Det syns eg er kjemperart. I går rydda eg hundrevis av ballar for siste gang, eg tok "family-runden" for siste gang, eg vaska og rydda avdelinga for aller siste gang. I dag hadde eg aktivitet for aller siste gang, og eg tok av meg IKEA-uniformen for aller siste gang. Både i går og i dag måtte eg kjempe litt med tårene då eg sa hadet til mange av mine flotte kollegaer på IKEA.

Men som mi kloke kusine Sissel sa, så er det no når alt dette "siste" er unnagjort at det første byrjar..!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...