mandag 30. mai 2011

Snart eksamen

Det er snart tid for min aller siste eksamen. Om ti dagar er eg (forhåpentleg) utdanna førskulelærar. Det ser eg verkeleg fram til. Det er nøyaktig tre veker til eg begynner i jobb, så eg bør stå på den eksamen. Elles får eg eit stort problem. I dag har eg, AK og L vore på skulen og prøvd å få ein oversikt over det vi (ikkje) kan. Det er utruleg mykje å tenkje på etter tre år med pedagogikk, og eg merkar at mykje av det har gått inn det eine øyra og ut det andre. Dette gjeld særskilt det siste året og det er jo det viktigaste. Eg får bruke dei siste ni dagane til effektiv lesing og håpe på at eg får eit tema eg kan mykje om.
Alt dette skal eg kunne noko om den 9. juni

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...