tirsdag 3. november 2009

Tru og handling

I bibelgruppa eg er med i les vi eitt av dei korte breva kvar veke. Det er så godt å gå djupt inn i Guds Ord på denne måten. Kvar gong eg les gjennom brevet talar Gud om noko nytt! Sjølv om eg har lese det mange gongar før, er det likevel noko friskt og godt ved Ordet. For meg seier dette noko om kor rikt Guds Ord er. Gud skapar alltid noko nytt!

Denne veka les vi Filipparbrevet. Det verset eg stoppa ved i dag er "For det er Gud som er verksam i dykk, så de både vil og gjer det som er etter Guds gode vilje" Fil.2:13. Dette har eg lese mange gongar utan å tenkje over kva det betyr. For det første tenkjer eg at det handlar om at tru og handling ikkje kan skiljast. Om eg trur Gud for noko er ikkje det ei kognitiv øving der eg berre trur det inni hovudet. Det fører til handling. Som Paulus seier seinare i brevet vil ikkje Gud at eg skal uroa meg for noko, men leggje det fram for Gud med påkalling og takk. Dersom eg trur dette, må eg handle på ordet. Eg kan setje ord på kva eg går rundt å uroar meg for, og Gud lyttar og gjev råd. Ofte gjennom andre kristne, andre gongar direkte til meg.

Seinast sist veke fekk eg oppleve nettopp dette. Eg har mykje skulearbeid som har tynga meg i det siste. Sidan eg har ei svak side med å utsetje alt til siste liten, har eg fått litt dårleg tid til å gjere det eg skal. Då kjem eg inn i ein vond sirkel som kan vere vanskeleg å bryte ut frå. Det resulterar i at i staden for å ta fatt på det eg skal, så tenkjer eg at eg står foran ei uoverkommeleg oppgåve, som igjen fører til at eg uroar meg endå meir. Her kjem eg inn på det andre aspektet av dette verset. Det er Gud som er verksam i meg til å gjere det gode. Det vil seie at når eg gjer ein innsats kan eg rekne med å få hjelp frå Han. Gud hjelper meg til å tenkje positivt og konstruktivt. Ved at eg set meg ned å les pensum og set i gong handling ut frå det Gud gjev meg tru for, gjev han meg hjelp slik at arbeidet går lettare og eg ser ein toppen av det store fjellet som eg aldri trudde eg skulle komme over.



Gud er god og det er fantastisk å leve med Han!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...