mandag 9. april 2012

Guds kraft og legedom

Eg har ofte bursdag rundt påsketider og det har etter kvart vorte ein tradisjon at eg inviterer gode venner til ei lita feiring sundag kveld, etter den årlege påskefesten i Kristent Fellesskap (meir om den i eit seinare innlegg). Praten gjekk livleg, som den gjer når gode venner er samla. Ut på kvelden kom vi inn på alt det gode Gud har gjort for oss og gjennom oss. Ei god venninne fortalte om mange som var lækte gjennom ho. Så kom vi inn på ulike under vi har høyrt om, eller erfart sjølve. Etter å ha snakka så mykje om kor god Gud har vore, "måtte" vi takke Han for det. Etter ei stund med takk og bønn, var det ei som høyrde frå Gud at det var nokon andre som hadde vondt i ryggen. Vi ba for ho og då var det i gong. Vi ba for ulike sjukdommar og smerter. Ei som var der hadde ein fot som var kortare enn den andre. Vi la hendene på ho og ba om at foten skulle vekse ut og verte like lang som den andre. Akkurat i det vi hadde bedt, såg vi at foten rørte på seg. Ho vi ba for kjende ei merkeleg kjensle i foten og begge føtene var like lange! Halleluja, takk Gud!!! Gud har gjeve oss autoritet til å lækje alle sjuke. Guds rike er nær fordi vi kristne ber det med oss der vi går. Då Jesus sendte ut dei tolv apostlane sa han "Gå og forkynn: Himmelriket er kome nær! Læk sjuke, vekk opp døde, gjer spedalske reine og driv ut vonde ånder! Gjev som gåve det de fekk som gåve" (matt. 10:7-8) Dette gjeld oss kristne i dag og. Eg er så glad for at eg byrjer å sjå dette skje i mitt liv. 


2 kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...