I dag har eg kost meg i systova. Eg trengte ei ny barnehageveske og då passa det veldig fint at eg fekk to gardinlengder med apekattmønster hjå Ingvill i sommar. Eg har lenge lurt på kva eg skulle bruke dette stoffet til. Apekattane er relativt store, så det kan ikkje brukast til kva som helst. I tillegg er stoffet veldig tjukt. Då eg fann ut at eg skulle sy meg ei ny veske til å ha alle barnehagetinga mine i, var valet naturleg og lett. Det måtte bli dette fantastiske apekattstoffet..!
Kjempetøff veske :) Tusen takk for kommentarer hos meg. Her kan jeg hente litt syinspirasjon! Sees :)
SvarSlett