tirsdag 27. april 2010

Baby shower

I dag har vi vore i baby shower til miss Ladan. Eg har alltid hatt lyst å prøve det. Det ser så artig ut på film. Eg var på target for å kjøpe ei gåve og ein kan faktisk registrere ei ønskeliste på same måte som ein gjer til bryllup. Fantastisk, eller? Ein fyller ut eit skjema på ein skjerm, så får ein ein scanner i handa og kan gå rundt i butikken og scanne inn dei varene ein vil ha på lista. Enklare kan det ikkje verte!

Vi lurte på om nokon kom til å ta med den klassiske korga med mykje greier i. Det var det! Er litt skuffa over at ingen tok med "diaper cake", men kaka dei hadde med var supersøt ( i dobbel tyding). 20 kaklande damer lagde skikkeleg liv på chillis. It was a great experience!








3 kommentarer:

  1. ehmm.. kva er baby shower? baby dusj?

    SvarSlett
  2. Baby shower er når venninner og kollegaer samlast, enten heime eller på restaurant og feirer mor og baby. Før babyen er født. Mor får alle mulige ting og tang som ho har bruk for eller ikkje har bruk for te babyen! Veldig amerikansk og veldig moro ;)

    SvarSlett
  3. Artig;)skulle gjerne hattmed meg dette!!!gler meg til du kjem heim og kan fortelle ALT!!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...