tirsdag 10. august 2010

Gleda i Herrens hus

Kor elskelege dine bustader er,
        Herre, Allhærs Gud!
   
Mi sjel lengta, ja brann av lengsle,
        etter Herrens tempelgardar.
        No jublar hjarta og kropp
        mot den levande Gud
Ja, fuglen har funne ein heim,
        svala har fått seg eit reir,
        der ho kan leggja sine ungar,
        ved dine altar, Herre, Allhærs Gud,
        min konge og min Gud.
   
  Sæle er dei som bur i ditt hus,
        dei skal alltid lova deg.
                                                      Sela

Sæle er dei som har sin styrke i deg,
        dei som lengtar etter å fara opp til templet.
   
Når dei fer gjennom den turre dalen,
        gjer dei han til ein kjeldevang;
        haustregnet legg si signing over han.
   
Dei går frå kraft til kraft,
        til dei stig fram for Gud på Sion.
   
  Høyr mi bøn, Herre, Allhærs Gud,
        lyd etter, du Jakobs Gud!
                                                      Sela
  
Gud, vårt skjold, vend augo hit,
        og sjå på han som du har salva!
  
Ja, éin dag i dine tempelgardar
        er betre enn tusen andre.
        Å stå ved dørstokken til Guds hus
        er betre enn å bu i telt med gudlause.
  
For Herren vår Gud er sol og skjold,
        Herren gjev nåde og ære.
        Den som er ærleg i si ferd,
        nektar han ikkje noko godt.
  
Herre, Allhærs Gud,
        sæl er den som set si lit til deg.

tirsdag 3. august 2010

Kva er dette?

No nærmar det seg slutten på konkurransen. Eg har nokre få rebusar att, så no må ein vere raskt ute for å sikre seg dei viktige poenga!





















Løysinga på forrige oppgåve er "du fyller år" og "hatten på snei". Nok ein gang var det min kjære bror som var raskast ute!

onsdag 28. juli 2010

Konkurransen er ikkje slutt..!

Denne gangen vert det to oppgåver. Førstemann til mølla!

1.
"Du har bursdag"










2.












Riktig svar på forrige oppgåver:

11. juli: Før i tiden, kardinalfeil og fra hånd til munn (eg let den gå, bror, sjølv om du glømte "fra")
22. juli: Plass til en til og dobbeltagent (gratulerer, Synnøve..!)

torsdag 22. juli 2010

Endå fleire oppgåver...

Det vert to oppgåver denne gangen. Sidan ingen endå har klart dei forrige let eg dei liggje litt til. Fasiten kjem i neste blogginnlegg!

tirsdag 13. juli 2010

Frå systova

Eg inrømmer det gjerne: Eg er stoffavhengig. I sommar har det teke heilt av og dei siste dagane har eg vore så oppteken med å sy at eg tilogmed har glømt å ete...
Her ser de noko av det eg har produsert:






søndag 11. juli 2010

Fleire oppgåver

Eg ser at desse oppgåvene var litt vanskelege. Skal prøve å gje nokre forsiktige hint
1.
Denne er litt lik den aller første oppgåva


2.
Ser du noko feil med dette ordet?
 3.
Å ha lite pengar

Svar på forrige oppgåve var 1. Svarteper (Kristian og Øystein hadde heilt rett), 2. doktorgrad (ingen klarte denne oppgåva)



fredag 9. juli 2010

Ball..?

Trulte, hunden til mamma og pappa fann ein brun liten ball på plenen seint i går kveld... Ho syns den var veldig spennande, men litt skummel då den begynte å frese til ho. Hihi

onsdag 7. juli 2010

Poeng

Her kjem reglane for utrekning av poeng i den store sommarkonkurransen. Den første som svarer riktig på ei oppgåve får 10 poeng. Dersom eg har laga to oppgåver får den første som klarer begge 30 poeng. Somme tider kan eg finne på å leggje ut tre oppgåver. Då vert ein belønna med 50 poeng. Altså ein liten bonus for å klare fleire. Den andre som klarar riktig får 8 poeng, den tredje 6 osv. Dersom det er fleire oppgåver vert poengberekninga slik 30, 25, 20, osv. (eventuelt 50, 40, 30 osv). Det kan hende eg deler ut bonuspoeng til kreative løysingsforslag, desse vert høgst subjektive og heilt sikkert urettvise...
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...