mandag 13. desember 2010

13. desember

Noko å tenkje på no i julebordstida:

Dagens fun facts:
  • 1595 - Det første apoteket i Noreg vart opna i Bergen
  • 1684 - Ludvig Holberg vart fødd
  • 1773 - "Boston tea party" fann stad
  • 1938 - Færøysk vart offisielt språk i skulen på Færøyane
  • 1968 - Per Lønning vart den første biskopen i Borg bispedømme
  • 1974 - Malta vart republikk
  • 1992 - Eit nytt orgel vart innvia i Reykjavik kyrkje
  • 1996 - Kofi Annan vart velt til generalsekretær i FN
  • 2003 - Saddam Hussain vart pågrepe av amerikanske styrkjer

I dag er det jo som kjent Luciadagen og difor slenger eg inn ein youtube-snutt med Luciasongen:

søndag 12. desember 2010

12. desember

I dag har det årlege julespelet på Sprurkeland gått av stabelen. Eg har mellom anna hatt ansvar for kostymer, manus og litt "regi". Vi har jobba hardt og intensivt dei siste vekene og det gav gode resultat i dag. Eg er kjempestolt av den jobben skodespelargjengen har gjort. Ramma rundt julespelet er heilt fantastisk! Ein sit på trebenkar og høyballar. Det er levande dyr på båsane og ein kjenner skikkeleg gardslukt. Dette er tredje år på rad at Ole og Silje opnar opp gården sin på denne måten. Eg kjenner at julestemninga kjem snikande.

Her er nokre bilete frå dagen i dag:
Eselet Lasarus og hesten Ronja




Det er litt stille i kveld. Kunne det ikkje berre skje noko...

De treng ikkje vere redde!


Er vi i Midt-Austen? Då kan det jo smelle når som helst!

Stolte "foreldre"
Vismennene beundrer Jesusbarnet


Matteus trakk linjene frå dei gamle profetene til Jesus på korset

Heile gjengen samla rundt krybba



Dagens fun facts
  • 1851 - Det Bergenske Dampskibsselskab vart stifta i Bergen
  • 1912 – Thorbjørn Egner vart fødd
  • 1915 - Frank Sinatra vart fødd
  • 1916 - Danmark selde Dansk Vestindia til USA
  • 1941 - Adolf Hitler kunngjorde at han ville utrydde jødane
  • 1963 - Kenya frigjorde seg frå Storbritannia
  • 2000 - Amerikansk høgsterett erklærte at George W. Bush vann presidentvalet over Al Gore
  • 2003 - Keiko, kjend frå Free Willy-filmane, døydde

11. desember

I dag har eg lyst å dele ei historie frå ballrommet på IKEA (der eg jobber). Alle barna får på seg ein vest med nummer på. Desse går frå 1-16 og det er heilt tilfeldig kven som får kva nummer. Det er mange, spesielt av dei yngste, som trur det er alderen deira dei får. Det var litt bakgrunn for historia, her kjem den:

Barn: Damen, damen (eg svarer ikkje med ein gang), damen, DAMEN!
Eg: Ja, kva er det?
Barn: Du tok feil
Eg: Feil ka då? (barnet hadde vore der ei stund, og eg hadde tulla ein del med ho og søstra. Eg kom likevel ikkje på kva eg skulle ha teke feil på)
Barn: Eg er ikkje tre år, eg er fire, nei, fire OG eit halvt!
Ho var tydeleg fornærma fordi eg "trudde" ho var tre år. Fantastisk!

Dagens fun facts
  • 1718 – Karl XII fall på Fredriksten festning
  • 1946 - Unicef vart grunnlagd
  • 1958 – Øvre Volta erklærte seg selvstendig frå Frankrike.
  • 1967 - Idar Vollevik vart fødd
  • 1969 - Stig Inge Bjørnebye vart fødd
  • 1972 - Apollo 17 vart den sjette og siste Apolloferda som landa på månen
  • 2001 - Kina slutta seg til WTO
Så litt julestemning heilt til slutt

fredag 10. desember 2010

10. desember

Adventstid er baketid. Etter gamalt skulle ein ha sju sortar småkaker til jul. Når ein bakar mykje, vert det og mykje oppvask. I den anledning har eg funne nokre videoar på youtube som kan komme til nytte når ein skal vaske opp. Berre sjå her. Veit ikkje heilt kva eg skulle gjort utan desse nyttige tipsa frå Grace Fitzpatrick

For det første er det viktig å ta vare på hendene sine:


Kva er best? Kost eller svamp? Svaret får du i denne videoen:


Sist, men ikkje minst. Der er viktig å tenkje tryggleik når ein vaskar opp:


Håpar desse råda kjem til god nytte i advents- og julestria.

Dagens fun facts:
  • 1799 - Frankrike var det første landet som innførte det metriske systemet
  • 1817 - Mississippi vart den 20. amerikanske delstaten
  • 1896 - Alfred Nobel døydde
  • 1901 - Den første Nobels fredspris vart delt ut
  • 1903 - Bjørnstjerne Bjørnson mottok Nobelprisen i litteratur
  • 1906 - President Theodor Roosevelt vart den første amerikaner som mottok Nobels fredspris
  • 1951 - Ellen Nikolaysen vart fødd
  • 1964 - MArtin Luther King mottok Nobels fredspris
  • 1969 – Linebåten Ulstein 2 grunnstøtte og gjekk ned ved Runde på Sunnmøre
  • 1972: Odd Nordstoga vart fødd
  • 2006 – Christer Fuglesang vart den første svensken i verdensrommet
  • 2006 - Augusto Pinochet døydde
  • 2009 - Barak Obama mottok Nobels fredspris

torsdag 9. desember 2010

9. desember

Gode gamle The Julekalender:



Dagens fun facts:
  • 1903 - Den norske regjeringa avslo forslaget om stemmerett til kvinner
  • 1905 - Kyrkje og stat skil lag i Frankrike
  • 1914 - Max Manus vart fødd
  • 1922 – Gabriel Narutowicz er kunngjort som den første presidenten i Polen
  • 1931 - Spania vart republikk
  • 1944 – Kystruteskip DS «Havda» var på veg frå Trondheim til Bergen då allierte fly gjekk til åtak og senka skipet ved Askvoll
  • 1949 - Anne Enger Lahnstein vart fødd
  • 1963 - Tanzania vart sjølvstendig
  • 1971 - De forente arabiske emirater vart med i FN
  • 1983 - Kristoffer Hæstad vart fødd
  • 1988 – Det svenske Stridsflyet Saab 39 Gripen flaug for første gang
  • 1992 – Prins Charles og Prinsesse Diana annonserte at dei skulle skilje seg
  • 2007 - Det første humanistiske bryllaupet fann stad i Polen

onsdag 8. desember 2010

8. desember

I dag har eg triste nyhende å komme med. Roald Øyen er tvungen til å slutte i NRK. Han har vore nøttegeneral i påskenøttene sidan 1984 og julenøtter sidan 1992. Julenøttene er eit av høgdepunkta i jula og noko vi har samla oss om i familien vår så lenge eg kan hugse. Det var størst stas dei første åra, før ein kunne google alt. Den gongen måtte vi fram med leksikon og atlas for å finne svara på meir eller mindre vanskelege oppgåver. Då vi hadde funne løysingsordet, var det alltid spennande å ringe inn svaret. Sjølv om Roald kjem til å få ein etterfølgjar, vil aldri påske- og julenøttene verte det same. Han har gleda små og store sidan det året eg vart fødd. Her er heile artikkelen på NRK.

Litt meir julestemning frå Øvstegarden


 










 




Dagens fun facts
  • 1832 - Bjørnstjerne Bjørnson vart fødd
  • 1904 – Den første grammofoninnspillinga i Noreg
  • 1925 - Adolf Hitlers Mein Kampf vart publisert i Tyskland
  • 1937 - Arne Næss jr vart fødd
  • 1941 - Sir Geoff Hurst vart fødd
  • 1951 - Jan Eggum vart fødd
  • 1970 – Regjeringa innførte prisstopp med momentant verknad
  • 1976 – The Eagles gav ut albumet Hotel California.
  • 1980 - John Lennon vart skoten av Mark David Chapman
  • 1987 – Michail Gorbatjov og Ronald Reagan underteikna ein nedrustningsavtale
  • 1991 - Leiarane i Russland, Kviterussland og Ukraina vart samde om å løyse opp Sovjetunionen og skipa Samveldet av sjølvstendige statar
  • 2006 - Nintendo Wii vart lansert i Europa

tirsdag 7. desember 2010

7. desember

Dette er ein av mine julesongfavorittar. Den seier noko om kvifor Jesus valte å komme ned frå himmelen og verte eit menneske.



Dagens fun facts:
  • 1787 – Delaware vart den første staten som ratifiserte grunnlova i USA
  • 1941 – Japanske fly gjekk til åtak mot Pearl Harbor og bragte USA inn i 2. verdenskrig.
  • 1949 – Tom Waits vart fødd
  • 1976 – Prins Bertil gifta seg med Lilian Craig-Davies (prinsesse Lilian)
  • 1979 - Mor Teresa avlyste Nobelpris festmiddag og bad om at pengene heller skulle sendast til dei fattige i  Calcutta.
  • 1987 – Aaron Carter vart fødd
  • 1988 - Yasir Arafat anerkjente Israels rett til å eksistere.
  • 2002 – Ein bybrann i Trondheim la nesten eit heilt kvartal i Nordre gt. i ruinar.
  • 2003 – Prinsesse Catharina-Amalia(Nederland) vart fødd

mandag 6. desember 2010

6. desember

Adventsstemning i stova

















Brrrrr, så kaldt var det i stova då eg kom heim frå skulen i dag.
















 


Dagens fun facts:
  • 343 – St Nicholas døydde
  • 1877 – Den første utgåva av Washington Post vart publisert 
  • 1908 – Baby Face Nelson, amerikansk bankranar, vart fødd
  • 1917 – Finland erkærte sjølvstende frå Russland
  • 1942 – Herbjørg Wassmo vart fødd
  • 1946 – Heimevernet vart oppretta etter modell av heimefrontstyrkjene under andre verdenskrig.
  • 1949 - Terje Formoe vart fødd
  • 1956 – Sandra Morgan vart den yngste australiar (14 år) som vann ein olypisk gullmedalje 
  • 1968 - Karl Ove Knausgård vart fødd
  • 1983 – Reketrålaren «Bellsund» kantra og gjekk ned vest for Bjørnøya
  • 1988 – Roy Orbison døydde
  • 2007 – Dokumentaren I takt med tiden avlørte ein kjøtskandale på ICA
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...