fredag 31. desember 2010

Hakkebakkeskogen

Har teke bilete av programmet
I går var eg, Kristian, Ingvill og Kira på teater. Vi hadde fått bilettar til Hakkebakkeskogen til jul av Ingvill. Det er lenge sidan eg har vore på teater så det var ei kjempekjekk julegåve. Stykke varte i omlag to timar inkludert pausen. Kira vart litt lei på slutten og kviskra "stille" til Kristian: "da va gøy i begynnelsen". Hehe, det vart nok litt i lengste laget for ho. Etterpå spurde eg ho om ho syns det var gøy. Då sa ho at det var kjempegøy i begynnelsen, men på slutten måtte ho litt opp og ned. Syns ho har ganske god sjølvinnsikt.

Dei hadde lagt inn ein del humor som var retta mot dei vaksne. Mellom anna kunne bakergutten setje seg ned og ta ein "Hakkebache-Gabrielsen medan han venta på at pepperkakene i ovnen. Då Bjørnemor handla brød spurde Bakemester Harepus om ho skulle "spise her eller ta med". Sjølv om dei hadde teke med nokre slike moderne innslag var prisen på både brød og pepperkaker uforandra. Dei kosta framleis 10 øre pr stk.


Har teke bilete av programmet


Tusen takk Ingvill for ei fantastisk julegåve!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...