torsdag 17. desember 2009

Eksamen

I morgon skal eg ha første og einaste eksamen dette semesteret. Studiet mitt er organisert i tverrfaglege temablokker, der vi har ulike fag kvart semester. Kvar temablokk endar i ein tverrfagleg eksamen, der eg skal trekkje inn minimum to fag i oppgåva eg skriv. Eg er veldig glad for denne måten å organisere studiet på, sjølv om det er mykje å halde styr på. Dette semesteret heiter barn i natur og naturleg nok er naturfag eit av faga eg har hatt. Dei andre er fysisk fostring, RLE, Matematikk og pedagogikk. I morgon skal eg trekkje fram vesentlege aspekt ved alle desse faga og setje dei inn i ein større samanheng. Samstundes skal eg reflektere over eigne erfaringar og vise at eg ser samanhengen mellom teori og praksis. LETT? Nei, men spennande! Eg kjenner at det kriblar litt i magen no. Eg er meir spent enn nervøs, trur eg. Kanskje eg er for avslappa? Det finn eg ut 22. januar. Då er det sensurfrist.

Eg ønskjer alle mine medstudentar lykke til i morgon!
















Slik ser det ut når eg les til eksamen...

mandag 14. desember 2009

Julestemning

Midt i eksamensperioden tok eg meg tid til ein kjærkomen pause i pensumlesinga. For andre år på rad inviterte eit ektepar i menigheita heile bygda med fleire til førjulskos på gården sin. I år som i fjor var det mange som deltok med sang og ulike andre framføringar. Mellom anna var det ein pensjonert fysikar som imponerte med nokre triks som å leike seg med flytande nitrogen.

Høgdepunktet var dramatiseringa av juleevangeliet. Her var det mange i aksjon, både unge og eldre. Det som er så utruleg kjekt med dette arrangementet er at det er i løa på garden deira. Dette skaper ei heilt spesiell stemning. Vi set på høyballar og det er levande dyr i kulissene. Dyra med sine lydar og lukter set sitt unike preg på opplevinga.  Etter framsyninga var det tid for godt fellesskap med gløgg og kakao attåt.







To søte små studerer hønene
















 Maria på veg til Betlehem














Josef og Eselet








Eselet på plass i stallen

fredag 27. november 2009

Gud har omsorg for sine barn

I dag vart eg minna om noko som hende meg for omlag ei veke sidan. 
Eg var på veg heim frå bibelgruppe. I bilen sat eg og småprata med Gud. Då eg nesten var heime sa Gud  "her må du vere forsiktig, for her er det hjort". Eg har lært at det er smart å gjere som Gud seier. Difor tok det sjølvsagt roleg og etter berre omlag 50-100 meter møtte eg ein flokk hjort som kryssa vegen! Då var det berre å stå heilt i ro og la dei passere.
Gud er god, og han er ein utruleg praktisk Gud!

søndag 8. november 2009

Tenk at Gråpus har fire (tre) små...



Å, tenk at Gråpus har fire små!
De ligger her i denne kurven,
- en sort, en hvit og to lysegrå.
Kom hit, her har vi hele hurven!
Ja, se her ligger de så lunt og godt,
og alle maler de så pent og smått.
En heter Sne, de andre tre
er Sprett og Lurifaks og Lurven


Hun er så redd for dem - kommer jeg,
så ser hun på meg sur og viktig.
Hun tenker visst jeg vil være lei,
men jeg vil leke så forsiktig.
Jeg tar en snelle eller kork og tråd,
så hopper alle sammen opp på tå,
og står på to og strekker klo,
å ja, da morer de seg riktig!

(Tekst og melodi: Margrethe Munthe) 


Eg fekk meg ei triveleg overrasking på fredag morgon. Min kjære pus har vorte ganske tjukk og feit i det siste. Eg har hatt mistankar om at det ikkje berre var maten som gjorde det, og fredag morgon klokka 06.30 fekk eg beviset! Den eine av dei søte små er spraglete som mora, dei to andre er heilt svarte. Altså nesten som i sangen. Alle tre er heilt nydelige! Har allereie lova vekk to av dei, men om nokon vil ha den tredje er det berre å seie ifrå... Dei er leveringsklare om 10-12 veker. 



torsdag 5. november 2009

Ei ny oppdaging

I dag har eg gjort ei fantastisk oppdaging! Lesesalen på skulen. Har snart gått 1,5 år på NLA og knapt vore innom lesesalen. Det vil seie at vi stakk nasa inn den aller første dagen vi var på skulen. Det var heile mi erfaring med den.

I morgon er det innleveringsfrist på ei oppgåve vi har hatt lang, kanskje litt for lang, tid på. Som eg sa i tidlegare innlegg har eg ei svak side ved å utsetje det eg skal gjere. Så i dag fann eg ut at eg måtte gjere eit grep. Rett etter undervisninga gjekk eg opp på lesesalen, fann fram PC og begynte å jobbe. Den første timen var eg heilt aleine. Nesten slik at det var litt skummelt. Det var mørkt overalt og eg høyrde lydar av folk som låste dører i gangen. Eg måtte seie til meg sjølv at det berre var folk som var ferdige på jobb og at det ikkje var farleg...

Ettekvart kom det tre stykk som tydelegvis skulle samarbeide om ei oppgåve. Etter litt diskusjon fann dei ut at det var best at dei heller fann seg eit grupperom, slik at dei ikkje skulle forstyrre dei andre som satt der, altså meg. Ein fin ting å gjere. Så kom det to andre som også satt der å jobba ei stund, men dei gjekk før meg.

Trur dette må vere ei av dei beste oppdagingane eg har gjort på skulen. Det freistar til gjentaking!

tirsdag 3. november 2009

Tru og handling

I bibelgruppa eg er med i les vi eitt av dei korte breva kvar veke. Det er så godt å gå djupt inn i Guds Ord på denne måten. Kvar gong eg les gjennom brevet talar Gud om noko nytt! Sjølv om eg har lese det mange gongar før, er det likevel noko friskt og godt ved Ordet. For meg seier dette noko om kor rikt Guds Ord er. Gud skapar alltid noko nytt!

Denne veka les vi Filipparbrevet. Det verset eg stoppa ved i dag er "For det er Gud som er verksam i dykk, så de både vil og gjer det som er etter Guds gode vilje" Fil.2:13. Dette har eg lese mange gongar utan å tenkje over kva det betyr. For det første tenkjer eg at det handlar om at tru og handling ikkje kan skiljast. Om eg trur Gud for noko er ikkje det ei kognitiv øving der eg berre trur det inni hovudet. Det fører til handling. Som Paulus seier seinare i brevet vil ikkje Gud at eg skal uroa meg for noko, men leggje det fram for Gud med påkalling og takk. Dersom eg trur dette, må eg handle på ordet. Eg kan setje ord på kva eg går rundt å uroar meg for, og Gud lyttar og gjev råd. Ofte gjennom andre kristne, andre gongar direkte til meg.

Seinast sist veke fekk eg oppleve nettopp dette. Eg har mykje skulearbeid som har tynga meg i det siste. Sidan eg har ei svak side med å utsetje alt til siste liten, har eg fått litt dårleg tid til å gjere det eg skal. Då kjem eg inn i ein vond sirkel som kan vere vanskeleg å bryte ut frå. Det resulterar i at i staden for å ta fatt på det eg skal, så tenkjer eg at eg står foran ei uoverkommeleg oppgåve, som igjen fører til at eg uroar meg endå meir. Her kjem eg inn på det andre aspektet av dette verset. Det er Gud som er verksam i meg til å gjere det gode. Det vil seie at når eg gjer ein innsats kan eg rekne med å få hjelp frå Han. Gud hjelper meg til å tenkje positivt og konstruktivt. Ved at eg set meg ned å les pensum og set i gong handling ut frå det Gud gjev meg tru for, gjev han meg hjelp slik at arbeidet går lettare og eg ser ein toppen av det store fjellet som eg aldri trudde eg skulle komme over.



Gud er god og det er fantastisk å leve med Han!

søndag 1. november 2009

Fellesskap er Gud sin idé

Jesus seier i Johannes 15 "Ver i meg, så er eg i dykk. Som greina ikkje kan bera frukt av seg sjølv, men berre når ho er på vintreet, slik kan heller ikkje de bera frukt viss de ikkje er i meg. Eg er vintreet, de er greinene. Om de blir i meg og eg i dykk, då ber de mykje frukt, men skilde frå meg kan de ingen ting gjera".

Som menneske er vi skapte til å ha fellesskap med Gud. I det fellesskapet finn ein kraft, styrkje og frimod til å dele livet med andre. Utan Jesus kan ein ikkje gjere noko. Vi har fått lovnadar om at viss vi er (blir verande) i Han, så vil Han vere i oss. Eg kjenner det i mitt eige liv at viss eg er saman med Gud kvar dag, kan eg leve eit liv i overskudd. Den Heilage Ande gjev meg det eg treng for dagen.

Prøvar att...

Det er nokre år sidan sist eg prøvde meg på blogging og det var ikkje heilt suksess. No prøvar eg att, med litt mindre press på meg sjølv når det kjem til frekvensen på innlegga. Ikkje hald pusten om det går ei tid mellom kvart innlegg. Denne gangen arbeider eg etter prinsippet har eg ikkje noko interessant å fortelje, så hald munn (med atterhald om at du kanskje ikkje er like interessert i det eg er interessert i)! Sjølvsagt skriv eg om det eg er oppteken av i livet. Det er i hovudsak Gud, livet med han, menighetsliv, kreativitet av ymse slag og skule (studerer til å bli førskulelærar).

Vil du vere med, så heng på!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...