fredag 29. mars 2013

Ei annleis påske

I år er første påska på mange år at Kristent Nettverk ikkje arrangerar påskefest i Bergen. Dermed var det duka for familiepåske i mitt ferieparadis, Sula. Slik vart det ikkje. Det vart heller ein litt dramatisk start på påska i år. I løpet av mandagen kjende eg stikkande og stadig vondere smerter i magen, på høgresida. Eg tenkte ikkje så mykje over det, men etter eit koseleg middagsbesøk hjå gode venner, bestemte eg meg for å stikke innom legevakten på vegen heim. Kunne jo ikkje skade å få det undersøkt.

Etter ei kort undersøking på legevakten vart eg sendt med drosje til Haukeland. Legen mistenkte gallestein. På vegen til Haukeland rasa det tankar gjennom hovudet mitt. Kva skjer med meg no? Eg visste ingenting om gallestein og kva dei eventuelt kom til å gjere med det når eg kom på Haukeland. Ei kjensle av redsle kom over meg og eg kjende meg heilt åleine i verda. Det var to ting som uroa meg mest. Eg hadde lova å hente posten til mamma og pappa, og at eg ikkje kom på jobb dagen etter. Eigentleg to trivielle ting som eg ikkje hadde nokon grunn til å uroe meg for.

Då eg sat der i bilen og var redd og uroa meg for irrasjonelle ting, høyrde eg ei stemme som sa "du treng ikkje vere redd, eg er med deg. Der du går, har eg allereie vore, du er alltid to". Etter dette kjende eg at Guds fred kom og fylte meg. Gudsnærværet var så sterkt at alle dei urolege tankane forsvann. Jammen er det godt å vere Guds barn!

Opphaldet på Haukeland vart eit VM i venting. Først venta eg på å komme inn, så venta eg på at sjukepleiaren skulle ta prøvar. Når prøvane var tekne, vart det ny venting. Legen som endeleg kom, hadde lite nytt å fortelje meg. Etter endå meir venting vart eg sendt opp på kirurgen 3. Her var det ny venting, endeleg fekk eg litt smertestillande og i firetida fekk eg endeleg sove... Tysdagen vart ein ny ventedag. Eg skulle ta ultralyd av galleblæra og måtte faste fram til den undersøkinga. Det kjendes litt urettferdig når dei andre fekk både frukost og lunsj. Eg halvsov og døste meg gjennom dagen. Det var ikkje akkurat så mykje anna å finne på. Dei fann ingenting på nokon av prøvane og heller ikkje på ultralyden, så eg vart sendt heim med uforetta sak.

Sjølv om dei ikkje kunne finne noko gale med systemet mitt, hadde eg like vondt. I Jakobs brev står det at "Er nokon av dykk sjuk, skal han kalla til seg dei eldste i forsamlinga, og dei skal be over han og salva han med olje i Herrens namn. Og bøna som er boren fram i tru, skal berga den sjuke, og Herren skal reisa han opp. Og har han gjort synder, skal han få dei tilgjevne" (Jak. 5:14-15). 
 I går gjorde eg nettopp dette. Magnar og Astrid, som er eldste i menigheten, kom og salva meg med olje og ba for meg. Eg kjente ikkje noko der og då, men i dag er smertene mykje mindre. Det er godt at sjølv om ikkje legar og sjukepleiarar veit kva som feiler meg, så veit Gud det.

Eg har tillit til at eg skal verte heilt frisk att i løpet av eit par dagar!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...