søndag 5. desember 2010

4. desember

I dag har eg og Lene kost oss med å lage konfekt til venner og kollegaer. Det tok litt lengre tid enn vi hadde tenkt, og vi fekk mange fleire konfektar enn kva vi hadde trudd på førehand. Sjølvsagt er det slik at jo fleire kokkar, jo meir søl. Vi er ikkje eit unntak som stadfestar regelen. Eg klarte å lese feil i oppskrifta (det stod ikkje liter, men desiliter) og Lene gløymde at ho skulle passe på vassbadet så det ikkje kokte over. Dermed måtte vi to gongar på butikken! Sjølv om det var litt søl undervegs, er vi svært nøgde med resultatet, både på smak og utsjånad. Her kjem nokre bilete av prosessen.

Deilig sjokolade

Pittelitt for mykje fløyte oppi

Mozartkuler (før dei har fått sjokolade på seg)

Ferdig!























Då vi var ferdige med konfektproduksjonen tok vi oss ein liten tur ned til Trondheim sentrum. Eigentleg hadde vi tenkt å shoppe litt, men sidan vi brukte så lang tid på konfektane, var alle butikkar stengde. Vi vindusshoppa litt og tok ein liten tur til Bakklandet. Det minna meg sånn om "jul i Skomakergata" at eg nesten kunne høyre kjenningsmelodien. Etter ei kort byvandring gjekk vi til Tulla Fisher og åt middag. Der hadde dei ein himmelsk "plankeburger", altså burger servert på planke i staden for fat.

Gamle bybro

Bakklandet skydsstasjon - gjort om til koseleg kafé/restaurant

Bakklandet skydsstasjon

Plankeburger på Tulla Fisher

































Dagens fun facts
  • 1791 - Den første utgåva av "the observer" vart publisert
  • 1861 – Lillian Russell vart fødd
  • 1918 – Albert Francis Capone vart fødd
  • 1935 – Johan Halvorsen døydde
  • 1945 – Det amerikanske senatet godkjente USA sitt medlemskap i FN
  • 1954 - Den første burger king restauranten var opna
  • 1959 - Ein ape returnerer trygt tilbake til jorda etter å ha vore nesten 100 kilometer ute i rommet
  • 1969 - Jay-Z vart fødd
  • 1977 – Malaysia Airlines Flight 653 var kapra og krasja i Tanjong Kupang
  • 1980 – Led Zeppelin vart oppløyst
  • 1973 – Tyra Banks vart fødd
  • 1974 – Isbjørn vart totalfreda
  • 2006 - Ein vaksen kjempeblekksprut er fanga på video for første gong

2 kommentarer:

  1. Hei Lillian! Så kjekt å lese bloggen din :-)
    Så du er i Trondheim og spaserer på Bakklandet du! Det er det utrulig koselig i desember ja.. No fikk eg lyst å reise opp! Men eg får vel bli her og vente på at lisje gut skal bestemme seg for å komme ut.. VElkommen på besøk Lillian! ! Vi gler oss til vi får det til :-) :-) God klem!

    SvarSlett
  2. Ja, Trondheim i desember er kjempekoseleg. Eg og gler meg te me finn ein dag som passar for alle. Gleder meg til å helse på lisjeguten dåkas og! Før jul blir det nok for travelt, men på nyåret MÅ me få til nåkke..!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...