lørdag 18. desember 2010

18. desember

Eg har aldri vore på Putti Plutti Pott. Veit det er mange som har det som fast tradisjon og eg kunne godt tenkt meg å sjå den eit år...


Eg har lova å leggje ut oppskrifter på konfekten eg brukar å lage til jul. Eg brukar odense marsipan sine oppskrifter. Du finn mange fleire her, men eg har plukka ut mine tre favorittar
Ekspressotrøffel


Espresso trøffel
200 g mørk sjokolade
3/4 kremfløyte
1 ss sterk kaffi
250 g marsipan
200 g lys sjokolade

  1. Hakk den mørke sjokoladen og smelt den i vannbad
  2. Tilsett fløyte og kaffi - rør godt og kjøl ned trøffelmassen
  3. Kjevle ut marsipanen til en stor firkant (leggden gjerne mellom to bitar plast, så vert den ikkje så klissete)
  4. Fordel trøffelmassen i eit jamt lag på halvparten av marsipanen og legg den andre halvdelen over
  5. Sett konfekten i kjøleskap til den er heilt kald
  6. Konfektstykker
  7. Skjer konfekten i små betar og ovewrtrekk den med lys sjokolade
Konfektstykker
150 g nougat
100 g mørk sjokolade
75 g marsipan
  1. Smelt nougat og sjokolade saman (i vannbad)
  2. Hell halvparten av nougat-/sjokolademassen i ei aluminium form på omlag 6x14 cm
  3. Rull marsipanen ut i to like store pølser og legg dei ved sida av kvarandre i forma
  4. Hell resten av nougat-/sjokolademassen over
  5. Sett konfekten i kjøleskap til dagen etter
  6. Mozartkuler
  7. Skjer ut i stenger og stykker

Mozartkuler
200 g marsipan
ca 50 g nougat
100 g mørk sjokolade
  1. Skjer marsipanen i små betar og sett eit lite stykke nougat på
  2. Lag kuler - pass på at nougaten er omlag i midten
  3. Trekk dei med sjokolade. Ta litt sjokolade i handa og rull kula i handa. 
  4. La kulene stå kaldt og overtrekk minst ein gong til
(Bileta av konfektane er henta frå Odense si nettside)

Denne songen er heilt nydeleg...


Dagens fun facts:
  • 1290 - Kong Magnus I av Sverige døydde
  • 1777 - USA feira den første thanksgiving
  • 1865 - Slavehandel vart forbode i USA
  • 1923 – Sossen Krohg vart fødd
  • 1933 - Norsk Terrier Klubb vart stifta
  • 1963 - Brad Pitt vart fødd
  • 2001 – Forsvarsdepartementet sa ja til å sende mineryddarar til Afghanistan
  • 2006 – Statoil og Hydro Olje kunngjorde sine fusjonsplaner
  • 2009 - GM bestemte at dei skulle leggje ned SAAB
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...