fredag 3. desember 2010

3. desember

Dagens julebilete frå heimen:


Har så smått begynt å pynte til jul, men mest til advent
Nydeleg julesangbok frå Farmors hus

God gammal julepynt. Treet er frå huset i "Geiterøyna" (der mamma vaks opp)

















































Dagens fun facts:
  • 1684 - Ludvig Holberg vart fødd
  • 1789 - Claude Joseph Vernet døydde
  • 1890 - Sandnes turnforening var grunnlagd
  • 1904 - Avisa Gula Tiend kom ut med si første utgåve
  • 1944 - Frank Sinatra spelte inn "Old Man River"
  • 1948 - Ozzy Osbourne vart fødd
  • 1967 – Ei gruppe legar leia av Christiaan Barnard utfører den første hjertetransplantasjonen på eit menneske
  • 1976 - Bob Marley vart forsøkt drepen
  • 1999 - Danmark vart råka av den verste orkanen i dette århundre
  • 2005 - Prins Sverre Magnus vart fødd
I helga er eg i Trondheim by. Skal besøkje mi kjære barndomsvenninne Lene (og Torstein). No ventar eg på at ho skal bli ferdig på jobb. På søndag reiser eg til Steinkjer, byen i mitt hjerte, for å besøkje gode venner frå tida då eg budde der. Dette blir ei bra helg i "trivelige Tøndelag"! No skal eg rusle rundt og sjå kva Trondheim har å by på..!

God helg folkens!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...