søndag 30. mai 2010

Min Gud er sterk og mektig

"Min Gud er så stor
så sterk og så mektig
Det fins ingenting
han ikke kan"

På tysdag var eg på fjelltur med klassen og på vegen ned att til skulen sklei eg på ein stein og vrikka foten. Dei siste dagane har foten vorte noko betre, men framleis var det veldig vondt å gå. Eg kunne ikkje bøye den skikkeleg utan at det var frykteleg vondt.

I føremiddag var eg på ei samling i menigheita mi (Kristent Fellesskap). I løpet av lovsangsstunda var det ein som kom fram og sa at han trudde Gud hadde sagt at det var nokon som hadde smerter oppå høgre fot. Eg visste det var meg det var snakk om og ville springe fram med ein gang, men han "vart jo aldri ferdig å snakke". Det kjendes vertfall slik ut. Då han hadde snakka ferdig, kom eg fram og han og nokre til la hendene på meg og bad. Medan dei bad, kjende eg at smertene gradvis slapp taket, og etter ei lita stund var dei heilt vekke.

Gud er god og han har omsorg for sine barn.

fredag 28. mai 2010

"har du hatt det fint"

I tillegg til studier og deltidsjobb på ikea er eg og vikar i ein barnehage. Før påske var eg der nesten kvar torsdag, så var det påskeferie og utanlandspraksis. I går var eg tilbake etter to månadar. Det første som møtte meg i døra då eg kom inn var ei smilande jente som såg på meg og sa: "Hei, Lillian. Har du hatt det fint der du har vært"? Det er på slike dagar at eg verkeleg veit at eg har valt riktig retning! Det er ikkje mange yrker ein får ei slik mottaking om morgonen...

Eit produkt frå dagen i går. Den vart øydelagd rett etter eg tok bilete...

mandag 24. mai 2010

Bestemor Lucy

Vesle Stripus (dottera til mi kjære Lucy) har vorte mamma i ein alder av 6,5 månadar. Har og høyrt rykte om at "Ludvig", den andre dottera har noko på gang. Skal seie dei er produktive! Eg er glad for at den kattungen eg har att verkeleg ER ein hankatt..!

Eg saknar...

  • å bli møtt av 15 smilande små ansikt som ropar "it's miss Lillian"
  • at totalt ukjende folk spør meg korleis eg har det (utan å eigentleg ville vite korleis eg har det)
  • å svare at eg har det bra, for så å spørre korleis dette totalt framande menneske har det, for så å skiljast og aldri sjå kvarandre att
  • starbucks (les: frappuccino)
  • soup plantation
  • Debi
  • sol og sommar (sjølv om eg ikkje skal klage, har allereie hatt nokre fine dagar her i gamlelandet)
  • alle dei vennlege og hjelpsomme folka vi traff (som den utruleg koselege mannen som kjørte oss frå toget til hotellet)

onsdag 12. mai 2010

Museum of the rockies


I dag har eg, Debi og Lily vore på museum of the rockies. På vegen dit var vi innom ei utruleg koseleg Donut-sjappe. Dei hadde tidenes beste Donuts. Yum, yum!










Det er funne mange beinrestar etter ulike dinosaurar her i Montana. Desse har dei stilt ut på museet i tillegg til ymse andre utstillingar. Høgdepunktet var å gå gjennom James town. Det var ein slags labyrint der målet var å overleve 1607, det første året "the new settlers" var i USA. Eg trur denne labyrinten eigentleg var laga for barn, men eg og Debi hadde det kjempeartig. Begge omkom, så vi hadde nok ikkje gjort det så godt på 1600-talet.

Det var om lag her eg omkom. Det var ein veldig hard vinter det året ;)









Dette er det største Tyranus Rex-hovudet som er funne nokonstad i verda. Sinnsjukt stort!







Søte små dinosaurbabyar








Det siste nye innan forskning er visst at dinosaurar liknar meir på fuglar enn reptiler, så dei forskar på kyllingar når dei skal finne ut korleis dinosaurane levde og utvikla seg.

tirsdag 11. mai 2010

Kortid har ein vore for lenge i Amerika?

Når ein snakkar engelsk, tenkjer på engelsk og DRØYMER på engelsk! I natt drøymde eg at eg vart kidnappa og kidnapparen min snakka engelsk. Eg kunne ikkje rope på hjelp fordi eg hadde munnen full av skittles. Hahaha!
Ellers storkosar eg meg i Montana! Det er litt kaldare enn California, men til gjengjeld er landskapet mykje vakrere...









søndag 9. mai 2010

Salt Lake City

No er eg på Salt Lake City International Airport og ventar på flyet som skal ta meg til Bozeman og Debi. Eg gledar meg heilt sjukt masse til å sjå ho og den vesle familien hennar! Som alt anna her i dette landet er flyplassane kjempestore. Eg kom ut av flyet mitt og fann gate E83 som eg skulle borde flyet frå (trudde eg). Eg rigga meg til med PC og greier og tenkte at eg skulle kose meg litt med å sjå bilete frå praksisopphaldet og greier. Den gang ei. Då PCen endeleg var oppe og gjekk og eg var klar (dei som kjenner PCen min, veit at det ikkje er gjort i ein augneblink) kom det ei melding over høgtalarane: Alle som skal til Bozeman må skifte gate til B6. Det er heilt i den andre enden av flyplassen, så då var det berre å pakke saman sakene og leite opp denne gaten. Håpar det var siste gateendring, for det var laaangt å gå...

lørdag 8. mai 2010

Ferdig i praksis

I går (altså fredag) var det tid for å seie farvel til alle mine nye venner i All Saints preschool. Det var med tungt hjarta eg reiste derifrå. Eg har verkeleg kjendt meg som "ein av dei" frå dag ein. Barna var fantastisk herlege og eg vart veldig glad i dei. Eg prøvde å forklare ein liten tre år gamal gut at eg skulle heim, "to my place". Han: "well, I'm going to my place too". Han forstod nok ikkje konseptet "å ikkje komme tilbake". Det var nokre jenter som hadde forstått det og dei ville ikkje at eg skulle reise. Ei av jentene sette seg på foten min og holdt godt tak rundt beinet. "I wil NOT let you go"! Ho var ei av dei ungane eg fekk best kontakt med, sjølv om ho var ei handfull. Ho gjorde mange ting for å få merksemd frå dei vaksne. Det resulterte i "time out", bli sendt til "baby-rommet" og så vidare. Eg kjenner at hjarta mitt går ut til slike barn som så sårt treng merksemd frå signifikante andre, men som gjerne ikkje får det. Eg er glad for at læraren i den klassen har det same hjarte. Ho seier at dagar der denne jenta er ekstra venskeleg, er dagar der ho treng ein ekstra klem. Eg er heilt einig!

Det har vore fire fantastiske veker og eg ville garantert gjort det om att dersom eg hadde fått sjansen. Eg er så takksam for facebook og andre sosiale medier som kan hjelpe meg å holde kontakten med desse fantastisk flotte menneska som eg har vorte så glad i.















På torsdag kjøpte vi kake til alle dei vaksne i barnehagen. Det kjem ikkje så godt fram på bilete, men den var kjempestor. Her borte er det ALLTID ei anledning til å ete kake..! Vi syns dei på bakeriet gjorde ein god jobb, sjølv om proposjonane var litt feil. Folka i barnehagen var vertfall veldig imponerte!

No er det tid for siste dag i sola, før eg vender nasa mot Bozeman og Montana. Har sett på vermeldinga at det er om lag 10 grader og regn/snøbyger der oppe.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...