søndag 30. mars 2014

Om å gå på vatnet...

Ein klok mann har ein gong sagt at for å gå på vatnet, må ein ta steget ut av båten. Det er nettopp slik det kjennes akkurat no. At eg har teke steget ut av båten, og no må eg gå på vatnet. For om lag to veker sidan starta eg butikk på epla.no. Dette er noko eg har tenkt på lenge, men ikkje turt å setje i gang med. Framleis tenkjer eg at det er litt skummelt, men og veldig kjekt! Førebels er det ikkje så mange varer i butikken og det kjem til å komme varer i rykk og napp. Denne butikken er fullstendig på hobbybasis, så eg syr når eg har tid og lyst.

Her er nokre bilete av varene som ligg i butikken nett no:








Du finn butikken min på epla.no/shops/altavnade Eg vert veldig glad viss du går inn og legger til butikken min som favoritt på epla. Finn du noko du likar, er det sjølvsagt veldig kjekt om du handlar litt ;)



tirsdag 11. mars 2014

Kjøredressar til tvillinggutar...

Dette er eit mønster eg har vorte glad i. Dressen kjennes mjuk ut mot kroppen på grunn av bomullsjerseyen inni, men er likevel varm og god på grunn av den tjukke ulla utanpå. Desse to dressane er nr 4 og 5 i rekka. Eg har fått ei bestilling på ein til, så dette er tydelegvis ei suksessoppskrift. 



Storesøstra til tvilinggutane fekk aldri noko barselgåve då ho vart fødd (eg var travelt oppteken med innspurt på studiet mitt). Derfor passa det utmerka med ei storesøstergåve til henne. Denne enkle spenserkjolen var veldig gøy å sy. Ekstra moro var det å oppdage at stoffet eg kjøpte i Riga for halvanna år sidan passa perfekt til ullstoffet frå stoff og stil. 









                                                   


Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...