mandag 25. juli 2011

vinn over det vonde med det gode

Paulus seier "Lat ikkje det vonde få vinna over deg, men vinn over det vonde med det gode" Rom 12:21. AUF-leiar Eskil Pedersen seier:" Hat er en nærliggende følelse, ønske om hevn er en naturlig reaksjon. Men vi, Norge, skal ikke hate, og vi skal ikke hevne." Eg kjenner at eg er stolt av han, statsministeren og kongen som så tydeleg uttrykkjer at vi ikkje skal verken hevne eller hate. Vi skal stå saman som ein nasjon, vi skal verne om mangfaldet mellom oss og denne forferdelege hendinga skal ikkje øydeleggje det Noreg som vi kjenner! Eg er stolt av det norske folk som trekkjer til gatene, ikkje for å lage bråk og øydeleggje, men for å vise si støtte til offer og pårørande gjennom fakkel- og rosemarsjar.

fredag 22. juli 2011

Eg lever..!

og det er inga sjølvfølge etter ein liten kjøretur eg hadde onsdag kveld. Eg var på veg til bibelgruppe og kjørte som vanleg ut på hovudvegen på Leknes. Eg var rask oppe i fart, men det eg merka då, var at eg ikkje hadde styring på bilen og det hjalp heller ikkje å bremse. Det kom ein bil imot og eg klarte akkurat å svinge tidsnok til å ikkje krasje med den. Skjelvande kjørte eg sakte gjennom tunnelen og parkerte bilen på Sjosio. Pappa såg på bilen i går og det viste seg at lenkearmen (den som held hjulet på plass) var så rusta at den knakk. Dette kunne vorte skikkeleg farleg og eg takkar Gud for livet. Han verna meg slik at eg kom uskadd frå det heile.

tirsdag 19. juli 2011

Fotballinteresse

I dag var eg hjå mamma og såg FFK-Brann saman med mamma og Ingvill. Mamma er sånn passe interessert, men hunden til mamma og pappa, Trulte, er veldig interessert.

video
Prøv ein annan nettlesar dersom du ikkje får sett videoen. Hjå meg virkar den i Chrome, men ikkje Firefox.

mandag 11. juli 2011

Naud lærer naken kvinne...

... å teikne mønster.

Eg har ein favorittunika som er så sleten at der den skulle vore lilla, er den nesten grå. Det har vist seg å vere svært vanskeleg å få tak i ein ny slik tunika. Så kva gjer ein då? Einaste løysinga eg kom på var å ta saka (bokstaveleg tala) i eigne hender. Eg spretta opp tunikaen i delar, strauk dei og teikna eit nytt mønster ut frå dei ulike delane. Dette skulle vise seg å vere vanskelegare og meir tidkrevande enn eg hadde trudd. Store delar av tunikaen var nemleg sydd med vaffelsaum og då eg tok ut strikken vart delane kjempestore. Eg måtte ta mål av meg sjølv og i tillegg gjette litt kor store desse delane skulle vere. Det endte med at eg måtte "jukse litegranne" etter eg hadde sydd saman den nye kjolen. Til tross for litt ulike problem undervegs er eg svært nøgd med resultatet. Den fekk eit lite 50-talspreg over seg og det likte eg spesielt godt.

Den ser litt hengslete ut, men eg lovar at den er nydelig på ;)

lørdag 2. juli 2011

Fridom!

Bibelen seier at får sønnen frigjort oss, er vi verkeleg frie!  Det har eg erfart i livet mitt. Det er to måtar å sjå på livet. Eg syns denne videoen viser dette på ein fantastisk måte. Sjå heile, det er ganske fasinerande kva som skjer når ein snur tankegangen.



Legg gjerne att ein kommentar..!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...