søndag 11. april 2010

Endeleg i San Diego

No er vi komne til USA og San Diego. Vi landa fredag kveld klokka 08.00PM lokal tid (lørdag morgon - norsk tid). Turen starta veldig bra med at eg forsov meg. Eg vakna av at Veronica kom inn i gangen og ropte "Hallo..?" Heldigvis har eg lært av mine feil og hadde pakka alt dagen før. Eg spratt ut av senga og ti minutt seinare satt eg i bilen. 10 poeng til meg.

Reiseruta var som følger:
Bergen-København
København-Washington DC
Washington DC-San Diego

I København fekk eg eit lite innblikk i den manglande retningssansen til Veronica. For å finne gaten måtte vi følgje pilane på skilta. På vegen stoppa vi innom ein kiosk for å kjøpe drikke. Vi gjekk inn ein inngang og ut ein annan. Veronica: "Nei, no går pilane den veien..." Det ho ikkje hadde fått med seg var at vi hadde snudd inni kiosken...

Vi hadde tre timar mellom flya i Washington og hadde store planar om å få oss litt mat før den siste etappen, men det gjekk ikkje. Vi måte ta bagasjen vår gjennom tollen og det tok tid. Vi stod i kø i om lag to timar og då måtte me berre gå rett til gaten.

På flyplassen i San Diego vart vi henta av Mariel og Damaris, to av lærarane i barnehagen vi skal besøke. Dei var kjempehyggelege og det var overraskande lett å få praten til å gå. Damaris tok oss med til IHOP (international house of pancakes) for et "lite" nattmåltid.

I dag har vi brukt dagen til å utforske deler av Vista. Vi gleder oss til å sjå meir.

Her er nokre bilete frå dei to første dagane

1 kommentar:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...