torsdag 15. april 2010

Bursdagsfeiring +++

I dag har det vore bursdag i barnehagen. Ein kan seie at det gjekk føre seg litt annleis enn heime. Det er foreldra som har ansvaret for feiringa og dei kan gjere kva dei vil. Desse foreldra bestilte like godt eit "pet zoo", så rundt klokka 10 kom det ein hest, to ponnyar, kaninar, kyllingar, ein kvalp, og ein del andre dyr som eg ikkje såg. Barna på avdelingen fekk ri og klappe dyra. Til lunsj fekk dei happy meal og ein übersøt muffin. I taket hang det gassballongar med "happy birthday" på og barna hadde partyhattar. Eg har berre ein ting å seie: typisk amerikansk! Dessverre fekk ikkje vi vere der og sjå oppstyret, for vi var på helsestasjonen for å ta tuberkulosetest. Vi fekk berre høyre om det i etterkant. Eg er glad det ikkje var på mi avdeling, for barna var lettare elektriske etterpå...

Til lunsj i dag hadde vi sushi. Eg har aldri prøvd det før og var superskeptisk. Til mi store overrasking syns eg det var kjempegodt. Det vert nok ikkje siste gang eg et det her borte. Nam, nam, nam!

Folka her er veldig hyggelige. I dag har vi vore på middag hjå ei av lærarane, Miss Melissa. (Her er det slik at alle lærarane vert kalla miss. Det er litt rart når barna ropar på meg, miss Lillian, eller teacher, dersom dei ikkje hugser kva eg heiter). Det var fantastisk å ete heimelaga mat etter å ha ete ute kvar dag i nesten ei veke. Ein skulle ikkje tru det, men ein vert faktisk ganske lei av restaurantmat. Etter middag gjekk vi ein tur ned til stranda, eller piren. Her såg vi sola gå ned i horisonten. Familien hennar var med oss, og for ein herleg familie! Eg gleder meg til neste torsdag, for då skal vi tilbake dit. Då er det ei "street fair" i gatene, med mykje moro og mat frå ulike land..!

3 kommentarer:

  1. ååå så fint det ser ut der borte;)artig å høre om bursdagfeiringa i barnehagen der borte;)
    Må du kose deg og nyte opplevelsen..;)

    SvarSlett
  2. Så kjekt at du blogger om dine opplevelser over there!! fortsett med det, vi følger ivrig med:-)hadet fint så lenge.. klem

    SvarSlett
  3. Fint med blogg. den skal eg jammen lese i vekene framover. Ha det fint over there ;-)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...