mandag 5. april 2010

Eit mirakel!

I dag har eg feira ein framskunda bursdag (sidan eg er i utlandet neste søndag, når eg eigentleg har bursdag). Vi har kost oss med pizzasnurrer og gode kaker. Litt utpå kvelden bestemte vi oss for å prise Gud og takke Han. Vi har jo så utruleg mykje å vere takksame for. Medan vi sang, takka og bad, var det ein av dei som var der som opplevde at Gud talte til han så han spurte  "er det nokon her som har vondt i venstre fot"? Ei venninne som var der hadde forstua ankelen då ho var ute og jogga. Ho hadde gløymt smertestillande heime, og hadde forferdeleg vondt. Gud seier i sitt ord at vi kan legge hendene på sjuke og dei skal bli helbreda. Difor gjorde vi nettopp dette. Det var mange som la hendene på venninna mi, og han som hadde fått ordet frå Gud ba for den sjuke foten. Då vi var ferdige å be kjende ho varme på skadestaden. Så forsøkte ho forsiktig å gå på foten og den var tydeleg betre. Etter nokre fleire utprøvingar kunne ho gå heilt normalt på foten og all smerte var borte!
Gud er ein Gud som gjer mirakler i dag. Han har talt til oss gjennom påskefesten om at Han vil gjere større ting mellom oss no enn nokon gang tidlegare. Vi er allereie i gang! Eg ønskjer å sjå fleire slike mirakler i nær framtid og eg veit at Gud er mektig til å gjere det..!

1 kommentar:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...