fredag 16. april 2010

Eg er skada...

Dagen i dag slutta med eit brak, bokstaveleg tala. Vi vart kjørt heim av verdens koselegaste dame, miss Kim. På parkeringsplassane er det små betongklumper som skal gjere at bilane ikkje kjører for langt fram. Eg klarte naturleg nok å snuble i ein av dei og låg langflat på asfalten. Eg slo det vonde kneet mitt og fekk eit skikkeleg skrubbsår i eine handa. Det ironiske oppi det heile, er at rett før eg datt, hadde eg gjort skikkeleg narr av Veronica som nesten ikkje klarte å gå på grunn av blemmer under foten. Der fekk eg den! No gjer det meste vondt, både å bøye og strekke. Eg har fått ein vidundermedisin av miss Jenny, så eg får håpe den fungerer.

På kvelden var vi på besøk hjå miss Jenny, dagleg leirar med barnehagen. Det var ei artig oppleving. Kvar torsdag har dei vanlegvis bibelgruppe, så heile bibelgruppa hennar var der. Som alltid når vi møter nye folk vil dei gjerne vite litt om Noreg. Dei vanlege tema er pengar, bilar, kriminalitet og natur. Det kan verke som om folk trur Noreg er eit lite underutvikla land. Vi snakka om at bilane her er mykje større enn heime. Då seier ho eine dama "De har vel ikkje så mange bilar heller. Er det ikkje slik at de helst syklar der borte"?

Eg hadde lunsj aleine i dag og medan eg satt ute i sola gjekk denne karen forbi. Artig at ein faktisk kan ta med pappegøya på tur...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...