Våren for to år sidan, då eg las til eksamen, sette eg inn eit arbeidsbord i stova. Dette var ei mellombels løysing, men sidan den gangen har det bordet fungert som spisebord. Det pleier å vere slik med mine planar, at det tek litt tid før eg gjer noko med dei. Dette ikkje eit unntak. I det siste har eg vorte ganske lei av å ha det store bordet midt i stova, så i dag bestemte eg meg for å gjere noko med det. På syrommet mitt har eg hatt eit spisebord, og det har lenge vore planen å bytte om på desse to borda. Problemet har vore at eg må ta av beina på spisebordet for å få det gjennom dørene og det har vore eit litt for stort tiltak heilt til no. Eg fekk ein drill til jul hjå tante og onkel i Stavanger, så no gjekk denne jobben lett som ein leik. Eg snudde bordet andre vegen og syns det vart mykje finare enn å ha det på tvers.
 |
Den fine lampen til venstre i bilete fekk eg av husvertane mine. Dei rydda ut av eit rom dei har disponert i huset
og skulle kaste den. Fin, ikkje sant? |
 |
Det "nye" spisebordet som mamma og pappa kjøpte på garasjesalg i si tid |
 |
Endeleg kom det nydelege biletet eg fekk av Martha til jul på veggen. |
 |
Må jo vise fram den flotte skjenken min og |
 |
Har bytta ut julekulene i vindauga med fine lykter frå Hemtex |
Mogleg eg ikkje kan kalle det ommøblering likevel, sidan eg strengt tatt ikkje har endra noko særskilt. Stova ser ganske lik ut som før, men det gjer godt å vite at det faktisk er eit spisebord, og ikkje eit arbeidsbord, som gøymer seg under duken.