mandag 5. juli 2010

Spontantur til Stranda

Eg har fått ferie og nyter det til det til det fulle. Det beste med å ha ferie er at ein ikkje treng å planlegge noko, ein kan gjere det ein vil når ein vil. Mamma fekk avspasere fredag forrige veke og spurte meg om eg ville vere med til søstra mi som bur på Stranda på Sunnmøre. Vi reiste opp fredag morgon med bilen pakka full med ikeahyller og bagasje. Ingvill har akkurat flytta inn i ny leiligheit og trong nokre nye hyller i boden. Ettermiddagen brukte vi på å setje opp hyllene, før vi kunne slappe av å kose oss med ymse spel om kvelden! 

Laurdag hadde Ingvill store planar for oss. Vi kjørte Stranda-Trollstigen-Åndalsnes-Ørsta-Norangsdalen-Stranda. Vi hadde strålande vær heile dagen. Det står i stil med den vakre naturen som er på Sunnmøre. Dessverre kjem ikkje den vakre naturen til sin rett på bilete, men eg har knipsa litt likevel. 

Oppedal-Lavik
Lunsj på Svidalsneset
 Vi kjørte Noregs verste veg...






Gudbrandsjuvet

Trollstigen
Vakkert
Lyngstøylvatnet i Norangsdalen








Etter turen på vakre Sunnmøre brukte vi resten av kvelden til å spele spel. Vi er fullstendig spelegalne og heldt det gåande til langt på natt.  Eit av spela vi spelte var "rebusspillet Digbats". Det er eit slags stigespel der ein må løyse rebusar for å komme seg vidare. Dette er eit døme på ein slik rebus:









Eg lanserer herved ein sommarkonkurranse. Eg har fleire slike rebusar og den som har flest poeng (kjem tilbake til poengberekninga i eit seinare blogginnlegg) når sommaren er slutt vinn ein flott? premie! Her er det om å gjere å vere raskt ute med løysingsforslaget, løysinga kjem i neste blogginnlegg.

2 kommentarer:

  1. Hurra!!! Sommerkonkurranse!! Moro!! :)
    Jeg tipper "Rød i ansiktet". ;)

    Kjempefine bilder!

    SvarSlett
  2. den va lett, komma med noko vanskelegare.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...