Denne gangen vert det to oppgåver. Førstemann til mølla!
1.
"Du har bursdag"
2.
Riktig svar på forrige oppgåver:
11. juli: Før i tiden, kardinalfeil og fra hånd til munn (eg let den gå, bror, sjølv om du glømte "fra")
22. juli: Plass til en til og dobbeltagent (gratulerer, Synnøve..!)
onsdag 28. juli 2010
Konkurransen er ikkje slutt..!
Etiketter:
Sommarkonkurranse
torsdag 22. juli 2010
Endå fleire oppgåver...
Det vert to oppgåver denne gangen. Sidan ingen endå har klart dei forrige let eg dei liggje litt til. Fasiten kjem i neste blogginnlegg!
Etiketter:
Sommarkonkurranse
tirsdag 13. juli 2010
Frå systova
Eg inrømmer det gjerne: Eg er stoffavhengig. I sommar har det teke heilt av og dei siste dagane har eg vore så oppteken med å sy at eg tilogmed har glømt å ete...
Her ser de noko av det eg har produsert:




Her ser de noko av det eg har produsert:
Etiketter:
Syglede
søndag 11. juli 2010
Fleire oppgåver
Eg ser at desse oppgåvene var litt vanskelege. Skal prøve å gje nokre forsiktige hint
1.
2.
Svar på forrige oppgåve var 1. Svarteper (Kristian og Øystein hadde heilt rett), 2. doktorgrad (ingen klarte denne oppgåva)
Etiketter:
Sommarkonkurranse
fredag 9. juli 2010
Ball..?
Trulte, hunden til mamma og pappa fann ein brun liten ball på plenen seint i går kveld... Ho syns den var veldig spennande, men litt skummel då den begynte å frese til ho. Hihi
onsdag 7. juli 2010
Poeng
Her kjem reglane for utrekning av poeng i den store sommarkonkurransen. Den første som svarer riktig på ei oppgåve får 10 poeng. Dersom eg har laga to oppgåver får den første som klarer begge 30 poeng. Somme tider kan eg finne på å leggje ut tre oppgåver. Då vert ein belønna med 50 poeng. Altså ein liten bonus for å klare fleire. Den andre som klarar riktig får 8 poeng, den tredje 6 osv. Dersom det er fleire oppgåver vert poengberekninga slik 30, 25, 20, osv. (eventuelt 50, 40, 30 osv). Det kan hende eg deler ut bonuspoeng til kreative løysingsforslag, desse vert høgst subjektive og heilt sikkert urettvise...
Etiketter:
Sommarkonkurranse
Nye oppgåver
Løysinga på forrige oppgåve var sjølvsagt "rød i ansiktet". Emilie hadde heilt rett og får 10 poeng. Her kjem det to nye oppgåver:
1.
2.
Etiketter:
Sommarkonkurranse
mandag 5. juli 2010
Spontantur til Stranda
Eg har fått ferie og nyter det til det til det fulle. Det beste med å ha ferie er at ein ikkje treng å planlegge noko, ein kan gjere det ein vil når ein vil. Mamma fekk avspasere fredag forrige veke og spurte meg om eg ville vere med til søstra mi som bur på Stranda på Sunnmøre. Vi reiste opp fredag morgon med bilen pakka full med ikeahyller og bagasje. Ingvill har akkurat flytta inn i ny leiligheit og trong nokre nye hyller i boden. Ettermiddagen brukte vi på å setje opp hyllene, før vi kunne slappe av å kose oss med ymse spel om kvelden!
Laurdag hadde Ingvill store planar for oss. Vi kjørte Stranda-Trollstigen-Åndalsnes-Ørsta-Norangsdalen-Stranda. Vi hadde strålande vær heile dagen. Det står i stil med den vakre naturen som er på Sunnmøre. Dessverre kjem ikkje den vakre naturen til sin rett på bilete, men eg har knipsa litt likevel.
Gudbrandsjuvet
Trollstigen
Vakkert
Lyngstøylvatnet i Norangsdalen
Etter turen på vakre Sunnmøre brukte vi resten av kvelden til å spele spel. Vi er fullstendig spelegalne og heldt det gåande til langt på natt. Eit av spela vi spelte var "rebusspillet Digbats". Det er eit slags stigespel der ein må løyse rebusar for å komme seg vidare. Dette er eit døme på ein slik rebus:
Eg lanserer herved ein sommarkonkurranse. Eg har fleire slike rebusar og den som har flest poeng (kjem tilbake til poengberekninga i eit seinare blogginnlegg) når sommaren er slutt vinn ein flott? premie! Her er det om å gjere å vere raskt ute med løysingsforslaget, løysinga kjem i neste blogginnlegg.
Etiketter:
Sommarkonkurranse
Abonner på:
Innlegg (Atom)