tirsdag 9. februar 2010

Den største i verda

Pappa og Kåre (ein kamerat av pappa) har vore hobbyfiskarar i mange år. Til vanleg når dei er ute og fiskar får dei nok fisk til eige bruk og gjerne litt til familie og naboar. I dag, derimot, fekk dei seg ei stor overrasking då dei drog garnet. Ut av havdjupet kom det eit stort beist. Det viste seg å vere ein diger breiflabb på 99,4 kilo. Dette er den største (dokumenterte) breiflabben i verda. Forrige rekord var på omlag 79 kg. Både BA og VG  har skreve om saka.
Eg fekk assosiasjonar til "fisken" av Erlend Loe...

2 kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...