søndag 24. februar 2013

Helg i Sula

I helga har eg og pappa vore på hyttetur hjå tante Turid og Rolf i Sula. Altså, ikkje Sula på Sunnmøre, men Ytre Solund. Hytta deira ligg idyllisk til ytterst i Sognefjorden. Mamma skulle også vere med, men ho har desverre vore sjuk i helga.

Fredagen gjekk med til god mat og avslapping i stova. Laurdag gjekk vi ein kort tur før det var tid for å benke seg foran tven og sjå Noreg gjere (nesten) reint bord i VM. Etter langrennet gjekk eg, pappa, Rolf og Trulte på tur opp på "Nipa". Det vil seie vi gjekk på tre ulike niper, før vi fann den rette. Her var det utsikt til det meste. For ein utrent skrott som min, var det ein hard tur, men vel verdt det då vi kom opp!

Medan vi var på tur, lagde tante nydeleg middag. Vi fekk servert Beuf Bourguignon, eller Biff frå Burgund om du vil. Det var kjempegodt og vi nærmast rulla frå bordet.

I dag, sundag, har vi sete i solveggen frå frukost til det var tid for avreise. Deilig!!!

Kamera var sjølvsagt med på turen, og her er nokre av dei nesten 150 bileta eg tok...











Eg kjenner at batteria er heilt opplada og eg er superklar for ei ny jobbveke!

1 kommentar:

  1. Mange fine bilder!! Flott det var der ved sjøen!

    Godt å høre du er opplada til ny uke!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...