mandag 11. juli 2011

Naud lærer naken kvinne...

... å teikne mønster.

Eg har ein favorittunika som er så sleten at der den skulle vore lilla, er den nesten grå. Det har vist seg å vere svært vanskeleg å få tak i ein ny slik tunika. Så kva gjer ein då? Einaste løysinga eg kom på var å ta saka (bokstaveleg tala) i eigne hender. Eg spretta opp tunikaen i delar, strauk dei og teikna eit nytt mønster ut frå dei ulike delane. Dette skulle vise seg å vere vanskelegare og meir tidkrevande enn eg hadde trudd. Store delar av tunikaen var nemleg sydd med vaffelsaum og då eg tok ut strikken vart delane kjempestore. Eg måtte ta mål av meg sjølv og i tillegg gjette litt kor store desse delane skulle vere. Det endte med at eg måtte "jukse litegranne" etter eg hadde sydd saman den nye kjolen. Til tross for litt ulike problem undervegs er eg svært nøgd med resultatet. Den fekk eit lite 50-talspreg over seg og det likte eg spesielt godt.

Den ser litt hengslete ut, men eg lovar at den er nydelig på ;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...