fredag 20. mai 2011

En elefant kom marsjerende..!

Dagen i dag har vore ein innhaldsrik dag. Eg har hatt eksamen i "små barn i møte med verden". Vi fekk utdelt oppgåva for 14 dagar sidan. Sidan då har vi jobba intensivt med å lage eit praktisk-didaktisk opplegg for toddlerane. Det vil seie dei eitt og to år gamle barna. Vi fekk utdelt eit bildekk som vi skulle ta utgangspunkt i. Mi gruppe valte å ha elefantar som tema og landa på at vi ville gje barna ei oppleving av innhaldet i songen "en elefant kom marsjerende". Her er nokre bilete av scena vi lagde til. Eg tok bileta i går, så det manglar litt grønt gras her og der.
"Edderkoppens fine spinn"

Fotspor på vegen inn. Ulike teksturar som stoff, sandpapir og papp


Her bur edderkoppen
Det var ei god oppleving å kjenne at det vi hadde planlagt fungerte så bra som det gjorde. Etter vi ferdige med den praktiske framsyninga, hadde vi ein individuell munnleg del. Den var eg ferdig med klokka halv 11 og då var det tid for venting. Alle måtte vere med på framsyningane til alle gruppene og siste gruppa var ferdig klokka halv 5. Sidan vi hadde venta så lenge, tenkte eg at det var like greitt å vente på å få karakteren også. Så eg har altså vore 11 timar på skulen i dag. Det trur eg er ny rekord!

Det var fantastisk å sjå kva dei andre hadde fått ut av det same utgangspunktet som vi hadde. Det var fire heilt ulike framsyningar, og alle var like spennande å vere med på.

Etter eksamen gjekk eg rett på bibelgruppe. Der fekk vi ein fantastisk rapport om kva Gud gjer i Nepal. Eg vert så glad når eg ser kva eg kan vere med på, sjølv om eg sit heime i eiga stove. Mange menneske tok i mot Jesus som Herre og Frelsar og mange fleire fekk ei berøring av Gud.

Denne helsinga fekk eg av Monica då eg kom heim:

2 kommentarer:

  1. For et spennende opplegg!:)

    SvarSlett
  2. artig:) Antar at det er deilig å vere ferdig sjølv om det er artig og...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...