søndag 9. januar 2011

Kids say the darndest things...

På onsdag var eg i 5årsdag til niesa mi, Kira. Ho hadde på førehand gjort det klart at ho ikkje ønskte seg "gamle skivar, for då hivar eg di rett i bosset". Ho hadde den same klare meldinga før jul, så dette er verkeleg noko ho ikkje vil ha! Eg snakka med ho i bursdagsselskapet om feiringa dei hadde hatt i barnehagen før på dagen. Ho fortalte at det kitla i hjertet då dei song bursdagssongen til ho. Er ikkje dette ei heilt nydeleg skildring av å verte rørt..?

Eg fekk som sagt symaskin av mamma og pappa til jul. Eg hadde sett den i karantene til eg var ferdig med prosjektoppgåva, elles er eg redd oppåva aldri hadde vorte ferdig. I helga har eg endleg teke den fram for første gang og resultatet vart to sikleskjerf. Dei endte opp på Askøy hjå ein sjarmerande liten gut på 1,5 år. Han vart svært takksam og ville gå med dei med ein gong. Det syns eg var veldig kjekt!



Mønsteret er henta frå Mo9cadesign
Stoff: Fleece frå Stoff&Stil, Jersey frå Cetho Designs
Eg har aldri laga slike sikleskjerf før og ser at det er mange ting eg må gjere annleis seinare. Mellom anna brukte eg litt for tjukk fleece og eg må lage "rukkene" på framsida litt finare.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...