tirsdag 10. august 2010

Gleda i Herrens hus

Kor elskelege dine bustader er,
        Herre, Allhærs Gud!
   
Mi sjel lengta, ja brann av lengsle,
        etter Herrens tempelgardar.
        No jublar hjarta og kropp
        mot den levande Gud
Ja, fuglen har funne ein heim,
        svala har fått seg eit reir,
        der ho kan leggja sine ungar,
        ved dine altar, Herre, Allhærs Gud,
        min konge og min Gud.
   
  Sæle er dei som bur i ditt hus,
        dei skal alltid lova deg.
                                                      Sela

Sæle er dei som har sin styrke i deg,
        dei som lengtar etter å fara opp til templet.
   
Når dei fer gjennom den turre dalen,
        gjer dei han til ein kjeldevang;
        haustregnet legg si signing over han.
   
Dei går frå kraft til kraft,
        til dei stig fram for Gud på Sion.
   
  Høyr mi bøn, Herre, Allhærs Gud,
        lyd etter, du Jakobs Gud!
                                                      Sela
  
Gud, vårt skjold, vend augo hit,
        og sjå på han som du har salva!
  
Ja, éin dag i dine tempelgardar
        er betre enn tusen andre.
        Å stå ved dørstokken til Guds hus
        er betre enn å bu i telt med gudlause.
  
For Herren vår Gud er sol og skjold,
        Herren gjev nåde og ære.
        Den som er ærleg i si ferd,
        nektar han ikkje noko godt.
  
Herre, Allhærs Gud,
        sæl er den som set si lit til deg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...