onsdag 4. juli 2012

Barnehage, eller ikkje barnehage, det er spørsmålet...


Kjenner eg er litt provosert!
"De forteller foreldrene det de vil høre. Personalet har heller ikke så gode muligheter til å vite hvordan dagen har vært for barnet. En ettåring har ikke språk. Jeg anbefaler foreldrene å være i barnehagen litt mer. Jeg tror de kan få seg noen aha-opplevelser. Det fungerer jo, barna lider sjelden. Men det er lite nærhet, kontakt, latter og glede." -Simen Tveitereid- 

Ein ettåring har til dei grader eit språk! Det heiter "kroppsspråk" og er ofte mykje tydelegare enn det verbale språket dei tilegnar seg etterkvart!!! Og påstanden om lite nærleik, kontakt, latter og glede? Han har ikkje vore lenge i min barnehage, vertfall! Det er klart at ein alltid har noko å strekkje seg etter. Vi kan gjerne fylle dagane med meir glede, meir latter og meir nærleik. Likevel må vi ikkje kaste frå oss det gode som skjer eittåringane seg i mellom. Det er fantastisk å sjå korleis dei små set i gang leikesekvensar, imiterer kvarandre, forhandlar med kroppspråk, rett og slett lærer sosial samhandling, berre ved å vere saman og ha det moro!!!

Debatten om barnehage eller ikkje barnehage er svært polarisert. Kva med å sjå litt meir nyansert på saka? Eg trur at det er svært få barn som har vondt av å ikkje gå i barnehage, samstundes trur eg det er færre som har vondt av å vere i barnehage. Eg syns det er flott med dei fedrene og mødrene som vel å vere heime med poden eitt eller to år etter barselspermisjonen så lenge det er eit medvite val og ein er medviten kva ein fyller dagane til poden med. Barn frå eittårsalderen er svært sosiale og treng å vere saman med andre barn i same alder.

Det Tveitereid gjer her, er å skape ei oss-mot-dei-haldning. Han får det til å høyrast ut som alle tilsette i alle barnehagar er inkompetente, uinteresserte, uengasjerte folk som er der fordi dei ikkje har noko betre å ta deg til. Faktisk er det ikkje slik. Dei aller fleste som har teke seg bryet med å utdanne seg til førskulelærarar, har gjort det ut frå eit genuint ønskje om å gjere kvardagen til desse barna betre.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...