fredag 13. april 2012

Alt av nåde

Eg ser at mange som syr har eit slags "merkenamn" på det dei lagar. Det tenkte eg at eg og ville ha. eg har tenkt og fundert på kva som ville passe. Eg landa på alt av nåde. Dette fordi det er av nåde eg lever. Det er Gud, ved si store nåde, som har grepe inn i livet mitt og gjort det til det det er. Ved hans nåde har han gjeve meg evner og talent som eg kan bruke til hans ære! Det er av nåde eg er frelst (ef. 2:8). Eg kan ikkje skryte av meg sjølv. Det er ikkje fordi eg er så flink og får til alt mogeleg. Gud har gjeve meg gåver og om eg skal skryte av noko eller nokon må det vere Han. Eg skal prøve å hugse å sy dette merket på alt eg syr, men til no har eg ikkje vore så flink...


tirsdag 10. april 2012

Kjolar

Eg har ei god venninne frå tida i UiO som eg dessverre ikkje ser så ofte. Ho bur i USA med sin mann og to nydelege jenter. I 2010 var eg på besøk ei lita veke og det var så kjekt. Då hadde dei berre den eine jenta. I februar i år kom jente nummer 2 og eg hadde så lyst til å sy like kjolar til jentene. Som tenkt, så gjort!
Babycord frå Stoff og Stil. Fora med vanleg bomulstoff (også frå S&S). Mønsteret er frå minikrea. Kjolane er sydd i størrelse 6 månadar og 3 år. Satsar på at dei kan passe i løpet av sommaren. Eg hadde ingen knappar som passa til, så eg sette i trykknappar. Det fungerte veldig fint. Eg må nok på etsy eller ebuy for å skaffe meg nokre lekre knappar til seinare prosjekt. 

mandag 9. april 2012

Guds kraft og legedom

Eg har ofte bursdag rundt påsketider og det har etter kvart vorte ein tradisjon at eg inviterer gode venner til ei lita feiring sundag kveld, etter den årlege påskefesten i Kristent Fellesskap (meir om den i eit seinare innlegg). Praten gjekk livleg, som den gjer når gode venner er samla. Ut på kvelden kom vi inn på alt det gode Gud har gjort for oss og gjennom oss. Ei god venninne fortalte om mange som var lækte gjennom ho. Så kom vi inn på ulike under vi har høyrt om, eller erfart sjølve. Etter å ha snakka så mykje om kor god Gud har vore, "måtte" vi takke Han for det. Etter ei stund med takk og bønn, var det ei som høyrde frå Gud at det var nokon andre som hadde vondt i ryggen. Vi ba for ho og då var det i gong. Vi ba for ulike sjukdommar og smerter. Ei som var der hadde ein fot som var kortare enn den andre. Vi la hendene på ho og ba om at foten skulle vekse ut og verte like lang som den andre. Akkurat i det vi hadde bedt, såg vi at foten rørte på seg. Ho vi ba for kjende ei merkeleg kjensle i foten og begge føtene var like lange! Halleluja, takk Gud!!! Gud har gjeve oss autoritet til å lækje alle sjuke. Guds rike er nær fordi vi kristne ber det med oss der vi går. Då Jesus sendte ut dei tolv apostlane sa han "Gå og forkynn: Himmelriket er kome nær! Læk sjuke, vekk opp døde, gjer spedalske reine og driv ut vonde ånder! Gjev som gåve det de fekk som gåve" (matt. 10:7-8) Dette gjeld oss kristne i dag og. Eg er så glad for at eg byrjer å sjå dette skje i mitt liv. 


Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...