søndag 5. februar 2012

Syhelg

Helga byrja fredag kveld med at eg fekk besøk av sydamene Kjersti og Miriam. Det er etterkvart vorte ein vane at Kjersti kjem dragande med symaskin når ho skal på besøk til meg. Vi prata, sydde, og prata endå meir i fleire timar. Eg for min del var ikkje så veldig produktiv, men fekk sydd ei toalettmappe. Kjersti og Miriam sydde kvar sin nydelege forklekjole. Du kan sjå Miriam sin her. Helg om vinteren betyr NRK og sportslaurdag og -sundag. For å utnytte tida, har eg sydd medan eg har sett både alpint, langrenn og skiskyting. Dette kan vel ikkje kallast effektivt, men det er veldig kjekt!


Mobiletui
Søster Ingvill har ytra ønskje om eit etui til den nye iPhonen sin. Dette er på veg i posten! Håpar det er stort nok ;) På merkelappen på sida står det alt av nåde. Det er mottoet som eg syr under. Eg prøver å hugse å sy det på alt eg lagar, men førebels har eg ikkje vore så veldig flink.

Cd-mappe til bilen
"Actionbilete" av cd-mappa



Trekk til symaskina

Eg har lenge tenkt på at eg vil ha eit finare og meir funksjonelt trekk til symaskina mi enn det som høyrer til. Etter å ha "googla" og vorte inspirert av ulike bloggar, landa eg på denne versjonen. Sjølve trekket er sydd i dongeristoff. Det er ei stor og god lomme på kvar kortside til ledningar og ymse anna. På den eine langsida har eg brukt gjennomsiktig voksduk og laga ei lomme på skrå. Her kan eg oppbevare ulike reiskap som kan vere greit å ha med seg om eg er på farten med symaskina.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...