fredag 25. mars 2011

Noko nytt

Eg har prøvd meg på noko nytt. Fram til no har eg stort sett laga enkle myntpungar og vesker. Det er så langt mi kompetanse på symaskina går. Likevel har eg lenge hatt lyst til å lage barneklede. Eg er inspirert av ulike sybloggar der folk legg ut den eine nydelege kreasjonen etter den andre. Då passar det veldig fint at mi kjære gode venninne Nina har ein liten tass eg kan sy til. Sist helg sydde eg tre heildrakter (nattdrakter, om du vil). Det var veldig kjekt å kunne sende ei lita overrasking i posten til den vesle prinsen.

Sidan dette var første gangen eg laga noko slikt gjorde eg ein del feil. Nokre av dei tok eg opptatt, men eg har bestemt meg for å ikkje vere for perfeksjonist på tinga eg lagar. Dei er heimelaga, og det gjer ingenting at dei ser slik ut.

Mønster og bilar er frå stoff og stil, ugler og jungel frå cetho design.


tirsdag 22. mars 2011

Æsj..!

Då eg kom heim frå skulen i dag låg det ei lita overrasking i vegen, berre nokre få meter frå inngangsdøra mi. Eg såg langt vekke frå at det låg noko i vegen, men kva kunne det vere? Eg såg det var brunt, og låg utover vegen. Var det eit påkjørt dyr?

Bileta kan verke støtande på sarte sjeler, så du les resten av dette innlegget på eige ansvar.



































 Det var faktisk ein gigantisk hestebæsj! Eg skal love deg at den stinka.


Etter eg tok bileta har det kjørt mange bilar forbi, så no er det meir snakk om spreidd møkk!

lørdag 12. mars 2011

Ny veske (Cath Kidston)

Eg har sydd meg ei ny veske. Syns stoffet, storleiken og fasongen er heilt perfekt for ei lita vårveske. Det er to knapphol på kvar side av skulderreima slik at eg kan justere lengda slik eg vil. Mønster og stoff kjem frå boka Sy! av Cath Kidston. Det geniale var at stoffet allereie var ferdig klypt, så det var berre å setje i gang å sy!

søndag 6. mars 2011

Bursdag

 I går vart mi kjære mamma 53 år. Det vart feira som seg hør og bør med god middag og kake! Ho ønska seg ein myntpung med to rom og har ein bursdag, så har ein bursdag. Hennar ønskje var min lov og eg sydde ein slik til henne.

Myntpung sydd i mitt favorittstoff








Dobbel rammelås



























Elles har eg brukt det meste av studieveka (les vinterferien) hjå mamma og pappa. Ingvill har vore heime på ferie og vi har spelt spel til langt på natt nesten kvar einaste kveld. Trulte (hunden til mamma og pappa) syns tydelegvis det var litt keisamt at vi var så opptekne av spelet og ikkje av ho.

Spelegalskap illustrert med Carcassonne

"den er min"

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...