tirsdag 22. februar 2011

Ommøblering

Våren for to år sidan, då eg las til eksamen, sette eg inn eit arbeidsbord i stova. Dette var ei mellombels løysing, men sidan den gangen har det bordet fungert som spisebord. Det pleier å vere slik med mine planar, at det tek litt tid før eg gjer noko med dei. Dette ikkje eit unntak. I det siste har eg vorte ganske lei av å ha det store bordet midt i stova, så i dag bestemte eg meg for å gjere noko med det. På syrommet mitt har eg hatt eit spisebord, og det har lenge vore planen å bytte om på desse to borda. Problemet har vore at eg må ta av beina på spisebordet for å få det gjennom dørene og det har vore eit litt for stort tiltak heilt til no. Eg fekk ein drill til jul hjå tante og onkel i Stavanger, så no gjekk denne jobben lett som ein leik. Eg snudde bordet andre vegen og syns det vart mykje finare enn å ha det på tvers.
Den fine lampen til venstre i bilete fekk eg av husvertane mine. Dei rydda ut av eit rom dei har disponert i huset
og skulle kaste den. Fin, ikkje sant?

Det "nye" spisebordet som mamma og pappa kjøpte på garasjesalg i si tid


Endeleg kom det nydelege biletet eg fekk av Martha til jul på veggen.

Må jo vise fram den flotte skjenken min og
Har bytta ut julekulene i vindauga med fine lykter frå Hemtex

Mogleg eg ikkje kan kalle det ommøblering likevel, sidan eg strengt tatt ikkje har endra noko særskilt. Stova ser ganske lik ut som før, men det gjer godt å vite at det faktisk er eit spisebord, og ikkje eit arbeidsbord, som gøymer seg under duken.

søndag 20. februar 2011

Ein triveleg kveld

I går kveld hadde eg besøk av Anita.Vi koste oss med god mat og, som alltid når vi er saman, mykje skravling.

Kylling i vin og fløytesaus, med båtpoteter

Dessert med bær og vaniljekrem

lørdag 12. februar 2011

For ikkje eingong Menneskesonen er komen for å la seg tena, men for sjølv å tena og gje livet sitt til løysepenge for mange - Markus 10:45

Om Jesus kom for å tena, kva er då meir naturleg for oss som følgjer han enn å gjere det same? Vi skal jo ha det same sinnelaget som Kristus! (fiipparane 2:5

lørdag 5. februar 2011

Strykebord eller katteseng..?

Lynet stemmer nok for det siste. Han har funne seg godt til rette på strykebordet mitt i det siste. Han trur heilt sikkert at det står framme berre for at han skal ha ein stad å sove.





Eg veit ikkje om det er fordi strykebordet er lite, eller at katten er stor, men han fyller vertfall heile strykebordet. Kanskje det er begge delar?

fredag 4. februar 2011

tirsdag 1. februar 2011

Stemmer dette?

Eg har lenge vore tilhengar av min eigen teori om at eg har ein fordel med å bruke nynorsk i mine oppgåver og eksamenar. Her får eg støtte av sjølvaste Are Kalvø. Han seier mellom anna at "det er smart å bruke nynorsk. Du framstår som eksotisk, sjarmerande, naturleg, klok, underfundig og altså langt meir interessant enn du faktisk er". Så med dette vil eg gjerne slå eit slag for nynorsken!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...