fredag 31. desember 2010

Hakkebakkeskogen

Har teke bilete av programmet
I går var eg, Kristian, Ingvill og Kira på teater. Vi hadde fått bilettar til Hakkebakkeskogen til jul av Ingvill. Det er lenge sidan eg har vore på teater så det var ei kjempekjekk julegåve. Stykke varte i omlag to timar inkludert pausen. Kira vart litt lei på slutten og kviskra "stille" til Kristian: "da va gøy i begynnelsen". Hehe, det vart nok litt i lengste laget for ho. Etterpå spurde eg ho om ho syns det var gøy. Då sa ho at det var kjempegøy i begynnelsen, men på slutten måtte ho litt opp og ned. Syns ho har ganske god sjølvinnsikt.

Dei hadde lagt inn ein del humor som var retta mot dei vaksne. Mellom anna kunne bakergutten setje seg ned og ta ein "Hakkebache-Gabrielsen medan han venta på at pepperkakene i ovnen. Då Bjørnemor handla brød spurde Bakemester Harepus om ho skulle "spise her eller ta med". Sjølv om dei hadde teke med nokre slike moderne innslag var prisen på både brød og pepperkaker uforandra. Dei kosta framleis 10 øre pr stk.


Har teke bilete av programmet


Tusen takk Ingvill for ei fantastisk julegåve!

torsdag 30. desember 2010

Julegåver

Eg likar mykje betre å gje gåver enn å få. Det aller kjekkaste er å gje vekk heimelaga gåver. Her er nokre bilete av heimesydde gåver som eg gav vekk i år. Hadde egentleg tenkt å ta bilete av alt eg laga, men jula kom så frykteleg fort i år (igjen) at eg ikkje fekk tid.
Myntpung

Lap top sleeve

iPhone case. Det var ikkje akkurat denne eg gav bort. Denne vart for liten, så eg måtte syn ein ny

Myntpung

Strikkepinneetui til mi kjære søster "Spøtolina"

Strikkepinneetuiet, sammenbretta og lukka med trykknapp



















































































Myntpung
















Eit innlegg om min eigen julegåvefangst kjem litt seinare. Fekk mykje fint som eg er veldig takksam for!

lørdag 25. desember 2010

Tid for oppsummering...

Det har vore veldig kjekt å lage bloggen min om til adventskalender. Nokre dagar har det vore ei utfordring å finne tid til å skrive. Like fullt er eg stolt over å ha klart, med nokre heiderlege unntak, å blogge på riktig dato. Statistikken viser at det er ein samanheng mellom tidspunktet for oppdatering og kor mange som er inne på bloggen min. Det ser ut som jo tidlegare eg legg ut, jo fleire er det som er inne. Det er også verdt å merke seg at det er nokre tidspunkt som det er fleire innom enn andre. Det er aller flest inne klokka 16, ved midnatt og klokka 01. Eg syns det er ganske interessant.

Med denne storsatsinga har eg gått frå å ha vel 100 besøkande kvar månad i haust, til nesten 900 i desember. Omlag halvparten av det totale talet på besøkande på bloggen har altså vore innom i desember 2010!

Tusen takk for besøket, fokens. Eg håpar de vil følgje meg i 2011 og, sjølv om det ikkje vert daglege oppdateringar..!

fredag 24. desember 2010

24. desember

No er dagen endeleg her. Dagen vi alle, og kanskje spesielt barna, har venta på. Det er sjølvaste julaftan! Dette markerer og slutten på min adventskalenderblogging, men frykt ikkje, eg kjem til å fortsetje blogginga!


Her er Lukas sin versjon av korleis det gjekk til då Jesus vart fødd. Eg syns dette er ein av dei vakraste tekstane i det nye testamentet.

I dei dagane lét keisar Augustus lysa ut at det skulle takast manntal over heile verda. Dette var første gongen dei tok manntal, og det hende medan Kvirinius var landshovding i Syria. Då fór alle heim, kvar til sin by, og skulle skriva seg i manntalet. Også Josef drog då frå byen Nasaret i Galilea og opp til Judea, til Davidsbyen, som heiter Betlehem, for han høyrde til Davids hus og ætt, og skulle skriva seg der saman med Maria, som han var trulova med. Ho venta då barn. Og medan dei var der, kom tida då ho skulle føda, og ho fekk son sin, den førstefødde; ho sveipte han og la han i ei krubbe, for dei fann ikkje husrom nokon stad.
Det var nokre gjetarar der i området som var ute på markene og heldt vakt over flokken sin om natta. Med eitt stod ein Herrens engel framfor dei, og Herrens herlegdom lyste kringom dei. Då vart dei gripne av stor redsle. Men engelen sa til dei: «Ver ikkje redde! Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor glede, ei glede for heile folket. I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren. Og det skal de ha til teikn: De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe.» Brått var det ein stor himmelhær saman med engelen; dei lova Gud og song:
         
«Ære vere Gud i det høgste,
          og fred på jorda
          blant menneske som Gud har glede i!»

Då englane hadde fare tilbake til himmelen, sa gjetarane til kvarandre: «Lat oss gå inn til Betlehem og sjå dette som har hendt, det som Herren har kunngjort for oss.» Så skunda dei seg dit og fann Maria og Josef og det vesle barnet som låg i krubba. Då dei fekk sjå det, fortalde dei alt som hadde vorte sagt dei om dette barnet.Alle som høyrde på, undra seg over det gjetarane fortalde. Men Maria gøymde alt dette i hjartet sitt og grunda på det. Og gjetarane vende tilbake. Dei lova og prisa Gud for alt dei hadde høyrt og sett; alt var slik som det var sagt dei.

Fin versjon av Silent Night:


Dagens fun facts:
  • 0 - Jesus vart mest sannsynleg ikkje fødd på denne datoen, dette året
  • 1818 – Julesongen Glade jul vart komponert av Franz Xaver Gruber
  • 1924 - Alania vart republikk
  • 1951 - Libya vart sjølvstendig frå Italia
  • 1955 - Norad sporte Julenissen for første gong og det har vorte ein årleg juletradisjon
  • 1957 – Hamid Karzai vart fødd
  • 1990 - Thorbjørn Egner døydde
  • 2002 - Kjell Aukrust døydde
Eg nyttar høvet til å ønskje alle ei fredeleg jul!

torsdag 23. desember 2010

23. desember

Her fortel nokre barn frå St. Pauls juleevangeliet. Syns denne var kjempesøt, så ville veldig gjerne dele den med deg! Kva syns du?

Dagens fun facts:
  • 1888 - Målaren Vincent van Gogh skar av seg det eine øyra etter ein krangel med Paul Gauguin
  • 1909 – Albert I vart konge av Belgia
  • 1910 – Kurt Meyer, tysk SS-soldat, vart fødd
  • 1922 - BBC byrja å sende daglege nyhende
  • 1943 – Dronning Silvia av Sverige vart fødd
  • 1947 – Den første transistoren i verda vart vist fram ved Bell Laboratories
  • 1954 - Den første nyretransplantasjonen vart utført i Boston i USA
  • 1961 - Kurt Meyer, tysk SS-soldat, døydde

22. desember

No nærmar det eg jul med stormskritt og det merkast. Dagen i dag har gått med til å vere julenisse(hjelpar), sjå førjulsfilm med gode venner og å kjenne på julestemningen i heimen!



Dagens fun facts:
  • 1900 – Theatercafeen vart etablert
  • 1956 - Colo vart den første gorillaen fødd i fangenskap
  • 1989 – Brandenburger Tor vart opna etter nesten 30 og gjorde slutt på skiljet mellom Aust- og Vesttyskland
  • 2003 - DVD-Jon vart frikjend i lagmannsretten
  • 2010 - New start-avtalen vart ratifisert av det amerikanske senatet

tirsdag 21. desember 2010

21. desember

Difor skal Herren sjølv gje dykk eit teikn: Sjå, ei møy skal verta med barn og føda ein son, og ho skal kalla han Immanue (Jesaja 7:14)

For eit barn er oss født, ein son er oss gjeven. Herreveldet kviler på hans aksler, og han skal kallast: Underfull Rådgjevar, Veldig Gud, Evig Far og Fredsfyrste (Jesaja 9:6)

No nærmar det seg veldig jul. Mange har allereie fått juleferie og vi er opptekne av å kjøpe, pakke inn og dele ut julegåver til venner og familie. Det er ein koseleg tradisjon som eg syns vi skal halde på, men den største gåva i jula er Jesus. Han vart sendt til jorda, fødd som eit lite barn i ein stall, vaks opp og var ein mann som var fullstendig perfekt. Han gjekk rundt på jorda og gjorde berre godt. Han lækte dei sjuke, blinde fekk synet tilbake, døve fekk hørsla tilbake, lamme kunne gå.

Det var likevel ikkje berre difor Jesus kom til jord, for å leve eit rett liv som menneske. Jesus kom for å bringe fred mellom Gud og menneske. Men alt dette er av Gud, han som ved Kristus forsona oss med seg og gav oss forsoningstenesta. Det var Gud som i Kristus forsona verda med seg, så han ikkje steller dei til rekneskap for misgjerningane deira, og han tiltrudde oss ordet om forsoninga (2. kor 5:18-19)Fordi eg har teke imot Jesus som Herre og Frelsar vil ikkje Gud lengre halde meg ansvarleg for misgjerningane mine. Eg kan komme med frimod framfor Han og tilbe Han utan å føle skam og skuld, fordi Han har tilgjeve meg. 


Denne fantastiske gåva er for alle menneske. Slik som engelen sa til hyrdane på marka. Ver ikkje redde! Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor glede, ei glede for heile folket. I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren (Lukas 2:10-11). Jesus er verdens frelsar. Det tyder at han kan verte din frelsar om du vel å ta imot han. For vedkjenner du med munnen din at Jesus er Herre, og trur du i hjartet ditt at Gud reiste han opp frå dei døde, då skal du bli frelst. Med hjartet trur vi så vi blir rettferdige for Gud, og med munnen vedkjenner vi så vi blir frelste (Romarane 10: 9-10)

Copyright Gospel Communications International, Inc - www.reverendfun.com

Copyright Gospel Communications International, Inc - www.reverendfun.com

Dagens fun facts:

  • 72 - Apostelen Thomas døydde
  • 1795 – John "Jack" Russell, engelsk hundeoppdrettar, vart fødd
  • 1807 – John Newton døydde
  • 1898 – Marie og Pierre Curie oppdaga radium
  • 1913 – Det første kryssordet vart publisert
  • 1937 - Sdnøhvit og de syv dvergene hadde premiere
  • 1942 - Erling Thu vart fødd
  • 1948 – Samuel L. Jackson vart fødd
  • 1950 – Lillebjørn Nilsen vart fødd
  • 1962 - Rondane nasjonalpark vart den første nasjonalparken i Noreg
  • 1970 – Elvis Presley og Richard Nixon møttest i det kvite hus 

mandag 20. desember 2010

20. desember

Viss Jesu fødsel hadde funne stad i 2010 ville det i i følge reklamebyrået Excentric PT skjedd på denne måten:



Ganske underhaldande..!

Dagens fun facts:
  • 1192 - Rikard Løvehjerte vart teken til fange av kong Leopold V 
  • 1924 – Lørdagsbarnetimen vart kringkasta for første gang
  • 1946 - Uri Geller vart fødd
  • 1955 - Cardiff vart hovudstad i Wales
  • 1968 - John Steinbeck døydde
  • 1971 – Leger Uten Grenser vart grunnlagd i Paris 
  • 1974 – Pietro Piller Cottrer vart fødd
  • 2007 - Dronning Elisabeth II vart den eldste monarken nokon sinne i England

søndag 19. desember 2010

19. desember

For nokre dagar sidan snubla eg over denne sangen. Vakkert..!



Dagens fun facts:
  • 1899 - Martin Luther King senior vart fødd
  • 1915 – Édith Piaf vart fødd
  • 1941 - Adolf Hitler avsette generalfeltmarskalk Walther von Brauchitsch og tok sjølv befalet over hæren
  • 1965 – Ishavskatedralen i Tromsø vart vigsla
  • 1966 – Alberto Tomba vart fødd
  • 1972 - Apollo 17 returnerte til jorda
  • 1974 – Altair 8800, den første personlege datamaskina, vart lagt ut for salg
  • 1984 – Storbritannia og Kina avtalte at Hongkong skulle førast tilbake til Kina i 1997
  • 2001 – Jakob Weidemann døydde

lørdag 18. desember 2010

18. desember

Eg har aldri vore på Putti Plutti Pott. Veit det er mange som har det som fast tradisjon og eg kunne godt tenkt meg å sjå den eit år...


Eg har lova å leggje ut oppskrifter på konfekten eg brukar å lage til jul. Eg brukar odense marsipan sine oppskrifter. Du finn mange fleire her, men eg har plukka ut mine tre favorittar
Ekspressotrøffel


Espresso trøffel
200 g mørk sjokolade
3/4 kremfløyte
1 ss sterk kaffi
250 g marsipan
200 g lys sjokolade

  1. Hakk den mørke sjokoladen og smelt den i vannbad
  2. Tilsett fløyte og kaffi - rør godt og kjøl ned trøffelmassen
  3. Kjevle ut marsipanen til en stor firkant (leggden gjerne mellom to bitar plast, så vert den ikkje så klissete)
  4. Fordel trøffelmassen i eit jamt lag på halvparten av marsipanen og legg den andre halvdelen over
  5. Sett konfekten i kjøleskap til den er heilt kald
  6. Konfektstykker
  7. Skjer konfekten i små betar og ovewrtrekk den med lys sjokolade
Konfektstykker
150 g nougat
100 g mørk sjokolade
75 g marsipan
  1. Smelt nougat og sjokolade saman (i vannbad)
  2. Hell halvparten av nougat-/sjokolademassen i ei aluminium form på omlag 6x14 cm
  3. Rull marsipanen ut i to like store pølser og legg dei ved sida av kvarandre i forma
  4. Hell resten av nougat-/sjokolademassen over
  5. Sett konfekten i kjøleskap til dagen etter
  6. Mozartkuler
  7. Skjer ut i stenger og stykker

Mozartkuler
200 g marsipan
ca 50 g nougat
100 g mørk sjokolade
  1. Skjer marsipanen i små betar og sett eit lite stykke nougat på
  2. Lag kuler - pass på at nougaten er omlag i midten
  3. Trekk dei med sjokolade. Ta litt sjokolade i handa og rull kula i handa. 
  4. La kulene stå kaldt og overtrekk minst ein gong til
(Bileta av konfektane er henta frå Odense si nettside)

Denne songen er heilt nydeleg...


Dagens fun facts:
  • 1290 - Kong Magnus I av Sverige døydde
  • 1777 - USA feira den første thanksgiving
  • 1865 - Slavehandel vart forbode i USA
  • 1923 – Sossen Krohg vart fødd
  • 1933 - Norsk Terrier Klubb vart stifta
  • 1963 - Brad Pitt vart fødd
  • 2001 – Forsvarsdepartementet sa ja til å sende mineryddarar til Afghanistan
  • 2006 – Statoil og Hydro Olje kunngjorde sine fusjonsplaner
  • 2009 - GM bestemte at dei skulle leggje ned SAAB

17. desember

Fantastisk! Sju år gamle Rhema Marvanne syng the first Noel og O Holy Night. Verkeleg imponerande.





Årets juletre kjem frå IKEA og kostar 20 kroner. Frustrasjonen var stor då eg skulle plassere kulene, men eg syns det vart ganske stilig då det var ferdig. Det spørst kor lenge kulene får fred frå nysgjerrige kattar.



Dagens fun facts:
  • 1263 - Håkon IV Håkonsen døydde
  • 1903 - Wright-brørne foretok den første vellukka flyginga med eit motordrevet fly
  • 1945 - Odd Karsten Tveit vart fødd
  • 1961 - Indiske styrker tok Goa frå Portugal.
  • 1989 - Den første episoden av the Simpsons vart vist på tv
  • 1996 - Koffi Annan vart generalsekretær i FN
  • 2003 - Nye Arlanda flyplass vart opna

torsdag 16. desember 2010

16. desember

To av mine (mange) julefavorittar:





Dagens fun facts:
  • 1770 – Ludwig van Beethoven vart fødd
  • 1775 - Jane Austen vart fødd 
  • 1899 – AC Milan vart stifta
  • 1938 - Liv Ullmann vart fødd
  • 1947 – Knut Hamsun vart stilt for retten
  • 1949 - Svenska Aeroplan Aktiebolaget(SAAB) vart grunnlagt 
  • 1966 – Maos lille røde vart publisert
  • 1969 – Storbritannia avskaffa dødsstraff
  • 1997 – Lillian Disney, Walt Disney si kone, døydde
  • 1998 – Den første utbetalinga av kontantstøtta

onsdag 15. desember 2010

15. desember

Eg og Trulte, hunden til mamma og pappa var ute og leika i snøen i går:

I Stortingets spørretime i dag tok debatten om sjukehus i Molde ei artig vending:

Høybråten: Aller først: En riktig god jul til statsministeren. Det er ikke min oppgave og heller ikke nødvendig å fortelle statsministeren hvorfor vi feirer jul. Men jeg må minne om at julen også handler om en ung familie som hadde problemer med å finne et trygt sted å føde i småbyen
Stoltenberg: Jeg er helt enig i at lokalsykehustilbudet og akutt og føde i Jerusalem for 2000 år siden helt sikkert var mangelfullt. Jeg tar ikke det fulle og hele ansvaret for det, men jeg tar derimot det fulle og hele ansvaret for fødetilbudet i Norge i 2010 og årene som følge
Høybråten:La meg først presisere at jeg har ingen kunnskap om fødetilbudet i Jerusalem for 2000 år siden. Men vi har en ganske god dokumentasjon på hvordan det sto til med fødetilbudet i Betlehem

Det er nok ei stund sidan Jens har sunge eit barn er født i Betlehem...


Dagens fun facts:
  • 37 - Keiser Nero vart fødd
  • 1263 - Kong Håkon Håkonsson døydde
  • 1890 - Sitting Bull døydde
  • 1899 - Noreg innførte det norske flagget som handels- og nasjonalflagg
  • 1939 - Tatt av vinden hadde premiere
  • 1966 - Walt Disney døydde
  • 1995 - Bosmandommen fall
  • 1996 - Det danske kvinnelandslaget i handball vann EM for første gang. I finalen vann dei over Noreg
  • 2008 - Anne-Cath. Vestly døydde

tirsdag 14. desember 2010

14. desember

I dag har eg kost meg med klipp frå nokre av dei gode gamle julekalendarane som har gått på NRK. Visste du at den aller første julekalenderen som vart vist på norsk tv var jul i Skomakergata med Henki Kolstad? Den vart vist for første gang i 1979. Barnemix.no har laga ein oversikt over alle julekalendarane som har gått på tv sidan då. Den er det verdt å ta ein titt på om ein er interessert.

Tid for mimring:








Dagens fun facts:
  • 1503 - Nostradamus vart fødd
  • 1773 – Norges geografiske oppmåling(statens kartverk) vart grunnlagd
  • 1911 - Roald Amundsen og teamet hans vart dei første som tok seg til Sydpolen
  • 1936 - Arve Tellefsen vart fødd
  • 1939 - Sovjetunionen vart utvist frå Folkeforbundet.
  • 1946 - Generalforsamlinga i FN vedtok å leggja hovudkvarteret sitt til New York
  • 1949 – Inger Lise Rypdal vart fødd
  • 1979 - Michael Owen vart fødd
  • 2008 – President George W. Bush reiste på sin fjerde og siste (planlagde) tur til Irak

mandag 13. desember 2010

13. desember

Noko å tenkje på no i julebordstida:

Dagens fun facts:
  • 1595 - Det første apoteket i Noreg vart opna i Bergen
  • 1684 - Ludvig Holberg vart fødd
  • 1773 - "Boston tea party" fann stad
  • 1938 - Færøysk vart offisielt språk i skulen på Færøyane
  • 1968 - Per Lønning vart den første biskopen i Borg bispedømme
  • 1974 - Malta vart republikk
  • 1992 - Eit nytt orgel vart innvia i Reykjavik kyrkje
  • 1996 - Kofi Annan vart velt til generalsekretær i FN
  • 2003 - Saddam Hussain vart pågrepe av amerikanske styrkjer

I dag er det jo som kjent Luciadagen og difor slenger eg inn ein youtube-snutt med Luciasongen:

søndag 12. desember 2010

12. desember

I dag har det årlege julespelet på Sprurkeland gått av stabelen. Eg har mellom anna hatt ansvar for kostymer, manus og litt "regi". Vi har jobba hardt og intensivt dei siste vekene og det gav gode resultat i dag. Eg er kjempestolt av den jobben skodespelargjengen har gjort. Ramma rundt julespelet er heilt fantastisk! Ein sit på trebenkar og høyballar. Det er levande dyr på båsane og ein kjenner skikkeleg gardslukt. Dette er tredje år på rad at Ole og Silje opnar opp gården sin på denne måten. Eg kjenner at julestemninga kjem snikande.

Her er nokre bilete frå dagen i dag:
Eselet Lasarus og hesten Ronja




Det er litt stille i kveld. Kunne det ikkje berre skje noko...

De treng ikkje vere redde!


Er vi i Midt-Austen? Då kan det jo smelle når som helst!

Stolte "foreldre"
Vismennene beundrer Jesusbarnet


Matteus trakk linjene frå dei gamle profetene til Jesus på korset

Heile gjengen samla rundt krybba



Dagens fun facts
  • 1851 - Det Bergenske Dampskibsselskab vart stifta i Bergen
  • 1912 – Thorbjørn Egner vart fødd
  • 1915 - Frank Sinatra vart fødd
  • 1916 - Danmark selde Dansk Vestindia til USA
  • 1941 - Adolf Hitler kunngjorde at han ville utrydde jødane
  • 1963 - Kenya frigjorde seg frå Storbritannia
  • 2000 - Amerikansk høgsterett erklærte at George W. Bush vann presidentvalet over Al Gore
  • 2003 - Keiko, kjend frå Free Willy-filmane, døydde

11. desember

I dag har eg lyst å dele ei historie frå ballrommet på IKEA (der eg jobber). Alle barna får på seg ein vest med nummer på. Desse går frå 1-16 og det er heilt tilfeldig kven som får kva nummer. Det er mange, spesielt av dei yngste, som trur det er alderen deira dei får. Det var litt bakgrunn for historia, her kjem den:

Barn: Damen, damen (eg svarer ikkje med ein gang), damen, DAMEN!
Eg: Ja, kva er det?
Barn: Du tok feil
Eg: Feil ka då? (barnet hadde vore der ei stund, og eg hadde tulla ein del med ho og søstra. Eg kom likevel ikkje på kva eg skulle ha teke feil på)
Barn: Eg er ikkje tre år, eg er fire, nei, fire OG eit halvt!
Ho var tydeleg fornærma fordi eg "trudde" ho var tre år. Fantastisk!

Dagens fun facts
  • 1718 – Karl XII fall på Fredriksten festning
  • 1946 - Unicef vart grunnlagd
  • 1958 – Øvre Volta erklærte seg selvstendig frå Frankrike.
  • 1967 - Idar Vollevik vart fødd
  • 1969 - Stig Inge Bjørnebye vart fødd
  • 1972 - Apollo 17 vart den sjette og siste Apolloferda som landa på månen
  • 2001 - Kina slutta seg til WTO
Så litt julestemning heilt til slutt

fredag 10. desember 2010

10. desember

Adventstid er baketid. Etter gamalt skulle ein ha sju sortar småkaker til jul. Når ein bakar mykje, vert det og mykje oppvask. I den anledning har eg funne nokre videoar på youtube som kan komme til nytte når ein skal vaske opp. Berre sjå her. Veit ikkje heilt kva eg skulle gjort utan desse nyttige tipsa frå Grace Fitzpatrick

For det første er det viktig å ta vare på hendene sine:


Kva er best? Kost eller svamp? Svaret får du i denne videoen:


Sist, men ikkje minst. Der er viktig å tenkje tryggleik når ein vaskar opp:


Håpar desse råda kjem til god nytte i advents- og julestria.

Dagens fun facts:
  • 1799 - Frankrike var det første landet som innførte det metriske systemet
  • 1817 - Mississippi vart den 20. amerikanske delstaten
  • 1896 - Alfred Nobel døydde
  • 1901 - Den første Nobels fredspris vart delt ut
  • 1903 - Bjørnstjerne Bjørnson mottok Nobelprisen i litteratur
  • 1906 - President Theodor Roosevelt vart den første amerikaner som mottok Nobels fredspris
  • 1951 - Ellen Nikolaysen vart fødd
  • 1964 - MArtin Luther King mottok Nobels fredspris
  • 1969 – Linebåten Ulstein 2 grunnstøtte og gjekk ned ved Runde på Sunnmøre
  • 1972: Odd Nordstoga vart fødd
  • 2006 – Christer Fuglesang vart den første svensken i verdensrommet
  • 2006 - Augusto Pinochet døydde
  • 2009 - Barak Obama mottok Nobels fredspris

torsdag 9. desember 2010

9. desember

Gode gamle The Julekalender:



Dagens fun facts:
  • 1903 - Den norske regjeringa avslo forslaget om stemmerett til kvinner
  • 1905 - Kyrkje og stat skil lag i Frankrike
  • 1914 - Max Manus vart fødd
  • 1922 – Gabriel Narutowicz er kunngjort som den første presidenten i Polen
  • 1931 - Spania vart republikk
  • 1944 – Kystruteskip DS «Havda» var på veg frå Trondheim til Bergen då allierte fly gjekk til åtak og senka skipet ved Askvoll
  • 1949 - Anne Enger Lahnstein vart fødd
  • 1963 - Tanzania vart sjølvstendig
  • 1971 - De forente arabiske emirater vart med i FN
  • 1983 - Kristoffer Hæstad vart fødd
  • 1988 – Det svenske Stridsflyet Saab 39 Gripen flaug for første gang
  • 1992 – Prins Charles og Prinsesse Diana annonserte at dei skulle skilje seg
  • 2007 - Det første humanistiske bryllaupet fann stad i Polen

onsdag 8. desember 2010

8. desember

I dag har eg triste nyhende å komme med. Roald Øyen er tvungen til å slutte i NRK. Han har vore nøttegeneral i påskenøttene sidan 1984 og julenøtter sidan 1992. Julenøttene er eit av høgdepunkta i jula og noko vi har samla oss om i familien vår så lenge eg kan hugse. Det var størst stas dei første åra, før ein kunne google alt. Den gongen måtte vi fram med leksikon og atlas for å finne svara på meir eller mindre vanskelege oppgåver. Då vi hadde funne løysingsordet, var det alltid spennande å ringe inn svaret. Sjølv om Roald kjem til å få ein etterfølgjar, vil aldri påske- og julenøttene verte det same. Han har gleda små og store sidan det året eg vart fødd. Her er heile artikkelen på NRK.

Litt meir julestemning frå Øvstegarden


 










 




Dagens fun facts
  • 1832 - Bjørnstjerne Bjørnson vart fødd
  • 1904 – Den første grammofoninnspillinga i Noreg
  • 1925 - Adolf Hitlers Mein Kampf vart publisert i Tyskland
  • 1937 - Arne Næss jr vart fødd
  • 1941 - Sir Geoff Hurst vart fødd
  • 1951 - Jan Eggum vart fødd
  • 1970 – Regjeringa innførte prisstopp med momentant verknad
  • 1976 – The Eagles gav ut albumet Hotel California.
  • 1980 - John Lennon vart skoten av Mark David Chapman
  • 1987 – Michail Gorbatjov og Ronald Reagan underteikna ein nedrustningsavtale
  • 1991 - Leiarane i Russland, Kviterussland og Ukraina vart samde om å løyse opp Sovjetunionen og skipa Samveldet av sjølvstendige statar
  • 2006 - Nintendo Wii vart lansert i Europa

tirsdag 7. desember 2010

7. desember

Dette er ein av mine julesongfavorittar. Den seier noko om kvifor Jesus valte å komme ned frå himmelen og verte eit menneske.



Dagens fun facts:
  • 1787 – Delaware vart den første staten som ratifiserte grunnlova i USA
  • 1941 – Japanske fly gjekk til åtak mot Pearl Harbor og bragte USA inn i 2. verdenskrig.
  • 1949 – Tom Waits vart fødd
  • 1976 – Prins Bertil gifta seg med Lilian Craig-Davies (prinsesse Lilian)
  • 1979 - Mor Teresa avlyste Nobelpris festmiddag og bad om at pengene heller skulle sendast til dei fattige i  Calcutta.
  • 1987 – Aaron Carter vart fødd
  • 1988 - Yasir Arafat anerkjente Israels rett til å eksistere.
  • 2002 – Ein bybrann i Trondheim la nesten eit heilt kvartal i Nordre gt. i ruinar.
  • 2003 – Prinsesse Catharina-Amalia(Nederland) vart fødd

mandag 6. desember 2010

6. desember

Adventsstemning i stova

















Brrrrr, så kaldt var det i stova då eg kom heim frå skulen i dag.
















 


Dagens fun facts:
  • 343 – St Nicholas døydde
  • 1877 – Den første utgåva av Washington Post vart publisert 
  • 1908 – Baby Face Nelson, amerikansk bankranar, vart fødd
  • 1917 – Finland erkærte sjølvstende frå Russland
  • 1942 – Herbjørg Wassmo vart fødd
  • 1946 – Heimevernet vart oppretta etter modell av heimefrontstyrkjene under andre verdenskrig.
  • 1949 - Terje Formoe vart fødd
  • 1956 – Sandra Morgan vart den yngste australiar (14 år) som vann ein olypisk gullmedalje 
  • 1968 - Karl Ove Knausgård vart fødd
  • 1983 – Reketrålaren «Bellsund» kantra og gjekk ned vest for Bjørnøya
  • 1988 – Roy Orbison døydde
  • 2007 – Dokumentaren I takt med tiden avlørte ein kjøtskandale på ICA

søndag 5. desember 2010

5. desember

No sit eg på Trondheim lufthavn Værnes og ventar på flyet som skal ta meg heim til vakre Nordhordland. Eg har hatt ei super og innhaldsrik helg her i trivelege Trøndelag. Krona på verket var middag saman med Nina og Magnus (og vesle Mathilde) hjå familien Norøm Spolén i dag.

Tusen takk til Lene, Torstein, fam. Norøm Spolén, Nina og Magnus for ei fantastisk helg!

Slenger med ein nydeleg song:


Dagens fun facts
  • 1443 – Pave Julius II vart fødd
  • 1492 – Christofer Columbus vart den første europear som satt sin fot på øya Hispaniola
  • 1791 – Wolfgang Amadeus Mozart døydde
  • 1848 – Den amerikanske presidenten James Knox Polk stadfesta at det var funne store mengder gull i California.
  • 1943 - Eva Joly vart fødd
  • 1953 - Danmark satt varmerekord i desember med 14,5 °C
  • 1955 – E.D. Nixon og Rosa Parks leia "the Montgomery Bus Boycott"
  • 1973 – Det vart innført kjøreforbud for motorkjøretøy i helgene
  • 1999 – Steven Gerrard scora sitt første mål for Liverpool FC (mot Sheffield Wednesday)

4. desember

I dag har eg og Lene kost oss med å lage konfekt til venner og kollegaer. Det tok litt lengre tid enn vi hadde tenkt, og vi fekk mange fleire konfektar enn kva vi hadde trudd på førehand. Sjølvsagt er det slik at jo fleire kokkar, jo meir søl. Vi er ikkje eit unntak som stadfestar regelen. Eg klarte å lese feil i oppskrifta (det stod ikkje liter, men desiliter) og Lene gløymde at ho skulle passe på vassbadet så det ikkje kokte over. Dermed måtte vi to gongar på butikken! Sjølv om det var litt søl undervegs, er vi svært nøgde med resultatet, både på smak og utsjånad. Her kjem nokre bilete av prosessen.

Deilig sjokolade

Pittelitt for mykje fløyte oppi

Mozartkuler (før dei har fått sjokolade på seg)

Ferdig!























Då vi var ferdige med konfektproduksjonen tok vi oss ein liten tur ned til Trondheim sentrum. Eigentleg hadde vi tenkt å shoppe litt, men sidan vi brukte så lang tid på konfektane, var alle butikkar stengde. Vi vindusshoppa litt og tok ein liten tur til Bakklandet. Det minna meg sånn om "jul i Skomakergata" at eg nesten kunne høyre kjenningsmelodien. Etter ei kort byvandring gjekk vi til Tulla Fisher og åt middag. Der hadde dei ein himmelsk "plankeburger", altså burger servert på planke i staden for fat.

Gamle bybro

Bakklandet skydsstasjon - gjort om til koseleg kafé/restaurant

Bakklandet skydsstasjon

Plankeburger på Tulla Fisher

































Dagens fun facts
  • 1791 - Den første utgåva av "the observer" vart publisert
  • 1861 – Lillian Russell vart fødd
  • 1918 – Albert Francis Capone vart fødd
  • 1935 – Johan Halvorsen døydde
  • 1945 – Det amerikanske senatet godkjente USA sitt medlemskap i FN
  • 1954 - Den første burger king restauranten var opna
  • 1959 - Ein ape returnerer trygt tilbake til jorda etter å ha vore nesten 100 kilometer ute i rommet
  • 1969 - Jay-Z vart fødd
  • 1977 – Malaysia Airlines Flight 653 var kapra og krasja i Tanjong Kupang
  • 1980 – Led Zeppelin vart oppløyst
  • 1973 – Tyra Banks vart fødd
  • 1974 – Isbjørn vart totalfreda
  • 2006 - Ein vaksen kjempeblekksprut er fanga på video for første gong

fredag 3. desember 2010

3. desember

Dagens julebilete frå heimen:


Har så smått begynt å pynte til jul, men mest til advent
Nydeleg julesangbok frå Farmors hus

God gammal julepynt. Treet er frå huset i "Geiterøyna" (der mamma vaks opp)

















































Dagens fun facts:
  • 1684 - Ludvig Holberg vart fødd
  • 1789 - Claude Joseph Vernet døydde
  • 1890 - Sandnes turnforening var grunnlagd
  • 1904 - Avisa Gula Tiend kom ut med si første utgåve
  • 1944 - Frank Sinatra spelte inn "Old Man River"
  • 1948 - Ozzy Osbourne vart fødd
  • 1967 – Ei gruppe legar leia av Christiaan Barnard utfører den første hjertetransplantasjonen på eit menneske
  • 1976 - Bob Marley vart forsøkt drepen
  • 1999 - Danmark vart råka av den verste orkanen i dette århundre
  • 2005 - Prins Sverre Magnus vart fødd
I helga er eg i Trondheim by. Skal besøkje mi kjære barndomsvenninne Lene (og Torstein). No ventar eg på at ho skal bli ferdig på jobb. På søndag reiser eg til Steinkjer, byen i mitt hjerte, for å besøkje gode venner frå tida då eg budde der. Dette blir ei bra helg i "trivelige Tøndelag"! No skal eg rusle rundt og sjå kva Trondheim har å by på..!

God helg folkens!

torsdag 2. desember 2010

2. desember


Dagens fun facts:
  • 1409 - universitetet i Leipzig opna
  • 1804 - Napoleon Bonaparte erklærte seg sjølv som fransk keisar
  • 1858 - Fylkesbaatane vart grunnlagde under namnet  Nordre Bergenhus Amts Dampskibe
  • 1905 - Norsk Hydro vart grunnlag
  • 1915 - Albert Einstein publiserte den generelle relativitetsteorien
  • 1957 - Dagfinn Høybråten vart fødd
  • 1973 - Jan Ullrich vart fødd
  • 1976 - Fidel Castro vart president på Cuba
  • 1981 - Britney Spears vart fødd
  • 2007 - Håvard Bøkko tok sin første verdenscupseier då han vann 10000 meteren i Kolomna

onsdag 1. desember 2010

Dagleg desember (December daily) 1. desember

I år tenkte eg at eg skulle lage ein slags adventskalender på bloggen min. Eg har valt å kalle det "dagleg desember" etter inspirasjon frå Fiona (og Christian) sin blogg i fjor der dei hadde "December Daily". Deira konsept var å ta bilete kvar dag og leggje ut. Min "daglege desember" vert nok litt meir variert. Her vil du finne bilete, julesongar eg likar, youtube-snuttar som set meg i julestemning, fun facts om dagens dato etc.
 
 



Dagens fun facts
  • 1521 - Pave Leo X døydde
  • 1835 - HC Andersen publiserte si første eventyrbok.
  • 1906 - Jakob Sande vart fødd 
  • 1913 - Ford Motor Company introduserar samlebandet
  • 1947 - Tore Skoglund vart fødd
  • 1955 - Rosa Parks nektar å gje frå seg plassen sin til ein kvit mann
  • 1982 - Michael Jackson gav ut singelen "thriller"

















Beklager den dårlege kvaliteten på bileta. Eg fann ikkje kameraet mitt, så måtte bruke mobilen.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...